Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

På eigen risiko

Folk har til alle tider levd under berg og nut. For mange blir fjellet sjølve ryggrada i livet. No bandlegg nye rasrapportar store område for framtida.

Rasfare: Det er ikkje uvanleg at det rasar på fylkesveg 2510 i Vang i Valdres. Fylkesvegen er skuleveg og arbeidsveg til dagleg. Foto: Hilde Lysengen Havro
Rasfare: Det er ikkje uvanleg at det rasar på fylkesveg 2510 i Vang i Valdres. Fylkesvegen er skuleveg og arbeidsveg til dagleg. Foto: Hilde Lysengen Havro

Dei siste månadane har det gått to steinskred her i Remmisgrende. Heimgrenda mi i Vang i Valdres er klemt mellom Vangsmjøse på nedsida og bratte bakkar og berg på øversida, og ligg langsmed fylkesveg 2510 nord for Vangsmjøsa.

Når steinblokkane kjem fykande nedover bakkane, bør det helst ikkje vera folk på vegen. Det har heldigvis gått bra til no. Ein person køyrde forbi berre ti minutt før det fyrste skredet gjekk.

I påsken var fylkesvegen på nordsida av Vangsmjøsa stengd på grun av steinras. Foto: Hilde Lysengen Havro
I påsken var fylkesvegen på nordsida av Vangsmjøsa stengd på grun av steinras. Foto: Hilde Lysengen Havro

Det fyrste skredet kom måndag i påsken. Snøsmelting og skiftande vêr gjer det kanskje lettare for steinblokkane i den porøse fjellveggen å sleppe taket. Sidan vegen ikkje kan ryddast før geologar har undersøkt ytterlegare rasfare, vart vegen stengt heile påsken.

Det andre skredet kom etter kraftig regnfall i byrjinga av juni. På nytt blir vegen stengt til geologar har vurdert rasfaren. Så blir steinblokkane rydda vekk, oljegrusdekket lappa saman att, og skilta med "stengt veg" fjerna. Til neste gong det går ras.

Det er gode grunnar til at NVE har definert grenda her som raud eller oransje sone. Raud sone er superstrengt. Då får du ikkje byggje nytt, om huset ditt brenn ned. Det er full byggjestopp. I oransje sone kan du byggje på, og du kan byggje reiskapshus og garasje, men du får ikkje byggje nye bustadhus eller driftsbygningar

Ras nummer 2 i vår kom i juni. Nok ein gong vart fylkesvegen stengt. Foto: Hilde Lysengen Havro
Ras nummer 2 i vår kom i juni. Nok ein gong vart fylkesvegen stengt. Foto: Hilde Lysengen Havro

I praksis er store delar av grenda her – som mange andre stader i Noreg – bandlagt, på grunn av ein skredrapport frå NVE. Du kan likevel bu her. Du kan leva livet her med ektemake, kjærast, born, bestemødrer, sauer, kattar, hundar og kyr. Men du får ikkje lov til å byggje nytt sauefjøs, om du treng å modernisere eller å utvide drifta. Og nye hus eller hytter kan ikkje byggjast.

Folk har i alle tider levd under nabbar og nut. Med hamrar og steile bergveggar hengjande over seg og garden. For mange blir fjellet sjølve ryggrada i livet. Noko ein kjenner ein kan lene seg til i tunge tider. Noko å sjå opp på. Å klatre opp til. Fjellveggen kan gje både kjensle av å vera innestengt og gje utsyn, den gjev både tryggleik og utryggleik.

Rasfare: Frå denne fjellveggen er det rasa går. Fylkesvegen kan skimtast langsmed vatnet nede til venstre. Foto: Hilde Lysengen Havro
Rasfare: Frå denne fjellveggen er det rasa går. Fylkesvegen kan skimtast langsmed vatnet nede til venstre. Foto: Hilde Lysengen Havro

Eg har vekse opp i oransje sone, som far min og farfaren min før meg. Me berre visste ikkje at det var noko som heitte oransje den gongen. No har eg kjøpt meg hytte nokre hundre meter frå garden eg kjem frå. Ja visst, veit eg det er skredfare her. Men det er jo så mange andre farar som trugar oss. Klimaendringar og koronavirus, til dømes. Me er nok ikkje modigare me som lever oppunder den mørke bergveggen, der folk ein gong langt attende i tid fann vegen opp for å føre husdyra til fjells på sumaren.

Annonse

Men kanskje godtek me på sett og vis naturens farar på ein annan måte enn folk i asfaltjungelen.

I oransje sone reknar ekspertane med at det går skred oftare enn kvart tusande år. I raud sone er det venta at det går skred oftare enn kvart hundrede år.

Bevisa ligg strødd i naturen, som store, gråe, lavkledte kjempar. Ingen her veit kor lenge dei har lege her. Mange har også fått namn, som Kelvesteinadn og Lomsteinen, og ikkje minst den store, flate Dansarsteinen, der grendefolket samla seg til spel og dans før i tida. Lenge har dei vore venene våre, men no er dei fienden.

Det er lenge sidan det undervisning i det gamle skulehuset i Remmisgrende i Vang i Valdres. Lomsteinen ved sida av skulen er større enn huset. Foto: Hilde Lysengen Havro
Det er lenge sidan det undervisning i det gamle skulehuset i Remmisgrende i Vang i Valdres. Lomsteinen ved sida av skulen er større enn huset. Foto: Hilde Lysengen Havro

Det gamle skulehuset, der oldefaren min underviste i landsmål som den fyrste i Vang, og som bestefar på 1950-talet kjempa mot at skulle blir lagt ned “fordi ungane trong ein skule i nærmiljøet”, ligg attmed ein kampestein som er dobbelt så stor som huset.

Rundt om i terrenget ligg bevis på at det har gått store steinskred. Lomsteinen ved det gamle skulehuset brukte ungane å klatre på i friminutta. Foto: Nina Havro
Rundt om i terrenget ligg bevis på at det har gått store steinskred. Lomsteinen ved det gamle skulehuset brukte ungane å klatre på i friminutta. Foto: Nina Havro

Dei siste åra har NVE byrja kartleggje rasutsette område i Noreg. Slik skal kommunane få eit betre grunnlag for å handheve plan- og byggingsloven, og forbodet som kom i 1987 mot å byggje i skredutsett terreng. 14.000 menneske bur i dag i dei raude og oransje sonene. Fleire blir det. NVE har førebels ikkje kartlagt meir enn litt over halvparten av kommunane. Fordelen med kartleggjinga er ikkje berre å innføre "forbodssoner", men også at fleire område blir "friskmelde" for rasfare.

Vegvesenet og fylkeskommunane har eigne rasmidlar for å sikre vegnettet. Å sikre bustader og fjøs ligg under ein annan post, hjå NVE. Men begge postane er for små. Etterslepet på rassikring av vegar, bustadhus og gardar er stort. Det manglar milliardar.

Det finst ikkje noko risikofond, flyttefond eller investeringsfond for dei tusenvis av menneska som hamnar i dei rasutsette sonene. Kommunane må sjølve søkje om pengar til skredsikring, og innbyggjarane må gjerne betale ein god slump pengar sjølv. Å selje ein gard i raud sone, blir heller ikkje lett.

I juni skreiv NRK om familien Kvestad på garden Kvestad ved Sørfjorden i Hardanger, som ikkje får utvikle garden slik dei vil. NVEs kartstrek som definerer raud sone, går tvers over kjøkkenbordet heime på garden. I praksis får ikkje familien gjera noko som helst nytt på garden.

Under bergveggen: Brattlendt terreng og bergveggar, som her i Vang i Valdres, skapar store utfordringar når det er rasfare. Foto: Hilde Lysengen Havro
Under bergveggen: Brattlendt terreng og bergveggar, som her i Vang i Valdres, skapar store utfordringar når det er rasfare. Foto: Hilde Lysengen Havro

Slik er det mange stader i Noreg no, og det blir fleire. Familiar og ordførarar er fortvila. På den eine sida blir næringsutvikling og busetjing vanskeleg. På den andre sida har kommunen eit ansvar for innbyggjarane. Skulle kommunen gje løyve til eit bustadhus, og skredet kjem, kostar det menneskeliv.

Prisen på eit menneskeliv er heldigvis høg. Men å ikkje setje av nok midlar til rassikring, har også sin pris. Og her, som mange andre samfunnsområde når kronene skal teljast, er spreittbygde strøk på taparsida.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Koronaevaluering på bakrommet