Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Om ikkje mat er kultur, kva er det då?

Mat er verken kultur eller næring, skal ein tru regjeringa.

Kultur?: Statsminister Erna Solberg (H) deltok i 2018 på Dyrsku'n i Seljord. Men er landbruks- og matmesser kultur eller næring? Begge delar eller ingen av delane? Foto: Tore Meek / NTB scanpix
Kultur?: Statsminister Erna Solberg (H) deltok i 2018 på Dyrsku'n i Seljord. Men er landbruks- og matmesser kultur eller næring? Begge delar eller ingen av delane? Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Medan oljemessa får 21 millionar kroner frå regjeringa, snur regjeringa ryggen til matfestivalane i landet. Den ganske så kapitalsterke næringa får altså krisepakke frå regjeringa når ei av landets største messer ikkje kan haldast i ein av Noregs største byar. For Seljord, Fagernes eller Trøndelag sit derimot pengane lenger inne.

Anten har regjeringa eit snevert syn på kultur og næring, elles er det kulturminister Abid Raja som ikkje veit kva han driv med. Statsråd Raja har fått kritikk for å vera for sein, for vag og kome med for lite pengar til den kriseråka kultursektoren. Eit snevert syn på kultur trudde eg strengt teke høyrde 68-generasjonen til. I dag er breiddeidrett, barneskirenn, spekemattradisjonar og promping av fargar alle del av det utvida kulturomgrepet.

Etter å ha lese Raja sitt svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Anette Trettebergstuen (Ap) om regjeringa vil sørgje for at matfestivalane fell innanfor ordningane med koronakompensasjon, heller eg til siste teori: Raja veit ikkje heilt kva han driv med.

Berre høyr på dette: “Kulturbegrepet er vidt og kan forstås på flere måter. Mat er også kultur og matfestivalene tilbyr et mangfold av smaker og råvarer, norske og internasjonale, og er et vindu for mangfoldet i Norge.” Så langt, så greitt. Då er saka i boks, eller? Neidå. Raja skriv vidare at: “Ordningen omfatter arrangører som i hovedsak formidler eller gjør kunst og kultur tilgjengelig for allmennheten og det er et sektorielt kulturbegrep som ligger til grunn for innretningen på ordningen.”

Matfestivalar er opne og tilgjengelege for allmennheita. Det er, om ikkje tapte billettinntekter, tapte salsinntekter for stort og smått av lokale mat- og drikkeleverandørar og handverksbedrifter. Men det er ikkje “berre” dei som sel varer på festivalane som tapar. Hotellnæringa har færre overnattingar, det lokale busselskapet og drosjenæringa som køyrer gjester og publikum til og frå, restaurantar, bakeri og campingplassar mister inntekter – for å nemne nokre.

På Dyrsku-plassen i Seljord blir det omsett for ein halv milliard. Kompensasjonen er på 11,2 millionar kroner, kan arrangøren fortelje til Nationen.

Annonse

Det er langt mellom liv og lære. Det er lagt mellom den stoltheita politikarar kjenner når dei smakar på verdas beste ost frå Noreg, supar i seg cider frå Balestrand med eine handa og deler ut matutmerkingar med den andre, og det ansvaret dei same politikarane kjenner når det buttar imot for dei som produserer osten og sideren.

Og medan Abid Raja – frå partiet for dei små og mellomstore bedriftene – øver seg på tåkelegging, er likviditetskrisa reell i Matfestival-Noreg. Oi Trøndersk Mat og Drikke treng ein sjuandedel av det oljemessa fekk for å ha råd til å betale husleige, løn og avgifter. I Nord-Aurdal kommune håpar Norsk Rakfiskfestival på å få litt pengar i kompensasjonsordning, til ein festival som bidreg med titals millionar i økonomisk ringverknad i regionen. Dyrsku’n – landbruket si oljemesse – kan stå for opp til 40 prosent av omsetninga til bedrifter som deltek.

Det er dramatisk for næringslivet i distrikta. Det er vanskeleg å sjå at Raja, landbruks- og matminister Olaug Bollestad og næringsminister Iselin Nybø har innsett alvoret – snart 6 månader etter at Noreg var stengt ned.

Medan dei aller fleste av oss for lengst har lært at mat er kultur, tradisjonsberar og identitetsmarkør, listar ikkje Kulturrådet ein gong matfestivalane på lista over kulturarrangement. Om mat ikkje er kultur, kva er det då? Om matfestivalar ikkje er kulturarrangement og ikkje næringsliv – kva er det då?

Mange lokalmatleverandørar har kasta om på seg som fylgje av koronakrisa. Dei som har ein sterk og lojal kundekrets har delvis kunna dekt tapet av manglande sal til storhushald, Bondens marknad og matfestivalar ved å appellerer til privatkundane sine. Det er altså mor (38) og bestefar (67) som bidreg til å berge den lokale leverandøren. På oljemessa, derimot, trugar utstillarane med massesøksmål og regjeringa opnar lommeboka.

Kulturskilnaden mellom mat og olje er stor. Det er skilnad på storleiken på pengesekken, også. Det er til å forstå at regjeringa har hatt mykje å gjera sidan mars. At ikkje alle kompensasjonsordningar hang på stell med ein gong, er ikkje vanskeleg å forstå. I mars og april var det, om ein legg godvilja til, heller ikkje lett å overskode alle økonomiske konsekvensar for kulturliv og næringsliv.

Men no skriv me september. Og framleis er det ein viktig del av Noreg som fell utanfor alle boksar, utan synleg vilje frå dei ansvarlege for å rydde opp.

Det er ukultur, det.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nye karantenereglar krevjande for fleire verft