Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura med redning på streken

Nortura reddar seg inn økonomisk med dotterselskap og innsparingar i 2019, men vegen framover blir kronglete.

Skal snu Nortura-skuta: Anne Marit Panengstuen er konsernsjef i Nortura. Foto: Christiane Jordheim Larsen
Skal snu Nortura-skuta: Anne Marit Panengstuen er konsernsjef i Nortura. Foto: Christiane Jordheim Larsen

"Ikke tilfredsstillende". Det er Nortura-leiinga sitt syn på årsresultatet for 2019. Resultat før skatt enda på skarve 110 millionar kroner, som ein må kunne seia det er når selskapet har 23,7 milliardar i omsetning. Rett nok er det opp frå 26 millionar i katastrofeåret 2018, men når ein ser på dei underliggjande trendane er det lett å vera samd i at resultatbetringa på 84 millionar ikkje er tilfredsstillande.

Og dei underliggjande trendane er;

• Nortura mistar marknadsdelar på merkevara Gilde. Merkevaredelen for Prior og Gilde gjekk ned 0,9 prosentpoeng frå 2018–2019.

• Mindre tilførsel av kjøtt, som skuldast både mindre produksjon og at produsentar leverer dyra sine andre stader.

• Overkapasitet på anlegg.

• Eit svært dårleg resultat i tredje kvartal 2019. Resultat før skatt enda på minus 27 millionar, som er 188 millionar kroner ned frå same kvartal i 2018. Hovudårsaker er omstillingskostnader og at Nortura tapte rettssaka om Hærland-utbyggjinga mot selskapet Cowe.

Alt i alt tyder det at om Nortura ikkje hadde klart å spara inn 160 millionar kroner i forbetringar, ville selskapet gått med underskot.

For den relativt ferske konsernsjefen Anne Marit Panengstuen blir det ingen kvikk-fiks. Men at konsernstyret har tiltru til henne, er openbert. Det står til og med i årsmeldinga til Nortura: "At vi høsten 2019 fikk på plass Anne Marit Panengstuen som ny konsernsjef er en viktig brikke for å klare denne jobben." Altså omstilling av Nortura.

Noko ordknapp under våre 25 utdelte minutt med konsernsjefen, og utan å bruke ordet "bonde" ein einaste gong, har ho teke fyrste steget i å få orden på økonomien. Men ei lett oppgåve blir det ikkje.

Annonse

"Fortsatt nedgang i slakte-, skjære- og foredlingsvolumene for rødt kjøtt har tynget resultatet. Samtidig økte kostnadsnivået til tross for iverksatte forbedringstiltak," står det i årsmeldinga.

Sjølv om Panengstuen bortimot garanterte at slakteri ikkje blir lagt ned, vil nok ei oppdretthalding av dagens anleggsstruktur krevje at Nortura sin tilførsel av kjøtt ikkje blir særleg mykje mindre. Det er førebels uvisst korleis – og om – Nortura kan klare å snu trenden. Mindre tilførsel av slakt vil gje stadig større overkapasitet på anlegg, som igjen fører til behov for færre slakteanlegg.

Dyr frå Gudbrandsdalen skal no køyrast til Rudshøgda. Bøndene som leverer til innlandsslakteriet uroar seg no over at grisane – i eit område der Nortura har tapa marknadsdelar på storfe og gris dei siste åra – skal sendast til slakteriet i Tønsberg. Ei strekning som er godt innanfor åtte timars regelen om frakt av levande dyr til slakt.

Sett frå ei konsernleiing er dette "effektiv ressursutnyttelse", "rasjonell produksjonsstruktur" og "optimalisering av industristrukturen". Frå bøndene si side er vegen til dei private slakteria Furuset og Fatland i Oslo langt kortare.

Det er lett å skjøna at eit selskap som dei seinare åra har svidd av pengar i budsjettsprekkar, dårlege logistikk- og distribusjonsløysingar og innføring av nytt datasystem (SAP) kjenner behov for å spara inn pengar. Men dei innsparte pengane i 2019 får ikkje stor nok påverknad på botnlinja i Nortura – enno. Implementeringa av SAP skal vera ferdig i mars neste år, og det er forventa at Nortura vil spara pengar når SAP endeleg er i full funksjon.

Men ein kjem seg ikkje vekk frå at hovudverksemda til Nortura er å slakte, skjere, foredle og selje varer frå den norske bonden, anten til andre industriaktørar, eller til dei ulike marknadene som storhushald og daglegvare. Det hjelper ikkje Nortura at forbrukarane likar Gilde og Prior om det er vanskeleg, og til ein viss grad umogleg, å få kjøpt produkta i butikkane. Det er meir pengar å tene på å ha hand om ei vare frå produksjon til sal, enn å slakte og skjere ned for andre aktørar.

Me veit at daglegvarekjedene prioriterer vekst for sine eigne merkevarer framfor merkevareleverandørane. Me veit at daglegvarebransjen blir tøffare for kvart år som går. Me veit at kjøttkonsumet vil gå ned. Me veit at det er overproduksjon av gris, sau, lam og egg. Me veit at Nortura slakta mindre i 2019 enn i 2018 – for gris var det ein nedgang på rundt 5 prosent. Me veit at EU, som sjølv har gitt vekk store tollfrikvotar på storfe og kylling til Mercosur, vil presse Noreg for høgare tollfrikvotar i den neste forhandlingsrunden om Artikkel 19 i EØS-avtalen.

Det me ikkje veit er korleis Nortura skal få til veksten for Gilde. Og strengt teke verkar det som at Nortura ikkje heilt veit det sjølv.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Arbeidslivet må gå sin gang