Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura – ikkje lenger bondens selskap?

Fakkeltog og demonstrasjonar. Amper stemning på møte med Nortura-leiinga. Det er eit bondeopprør Gudbrandsdalen ikkje har sett maken til sidan skotten Sinclair vart nedkjempa ved Kringen.

Demonstrasjon: Fleire hundre demonstrantar møtte tysdag kveld opp for å demonstrere mot nedlegging av Nortura sitt anlegg på Otta. Foto: Bård Bårdløkken
Demonstrasjon: Fleire hundre demonstrantar møtte tysdag kveld opp for å demonstrere mot nedlegging av Nortura sitt anlegg på Otta. Foto: Bård Bårdløkken

Dei siste vekene har det vore harde frontar mellom gudbrandsdølane og Nortura-leiinga. Nortura – bondens selskap – ser konkret på å leggje ned selskapets einaste slakteanlegg aust for vasskiljet mellom Malvik og Ringsaker.

I januar 2018 var eg og to kollegaer i Nationen på reportasjetur til Nortura Otta. Anlegget, som ved to høve tidlegare på 2000-talet har vore føreslått nedlagt, investerte i 2017 i ei ny, moderne skjerelinje for storfekjøtt. Medan selskapet dei siste åra hadde gjort mykje for å effektivisere slakte- og skjerelinjene for gris, har utviklinga for skjering av storfe ikkje vore så stor. No kan anlegget som "leier an i industriutviklinga" bli lagt ned.

 Frå den nye skjerelinja på Nortura Otta. Foto: Siri Juell Rasmussen
Frå den nye skjerelinja på Nortura Otta. Foto: Siri Juell Rasmussen

Bakteppet er brokete. Nortura slit økonomisk, og har gjort det i mange år. For eitt år sidan fekk dåverande konsernsjef sparken. Det er knapt eit selskap av denne storleiken som har gjennomført så mange utskiftingar av konserndirektørar og omstruktureringar av konsernleiinga, som Nortura.

Nortura er marknadsregulator for kjøtt og egg, er eigd av 18.000 bønder, og har henteplikt på dei tusenvis av små og mellomstore gardsbruka over heile landet. Det er overskot på fleire kjøttslag, selskapet har tapt mykje pengar på dyre distribusjonsløysingar, og Nortura sin marknadsdel både totalt og for merkevarene Gilde og Prior har gått ned. Dei store overskridingane ved utbygging av nye, store anlegg har kosta dyrt. Utrulling av nytt IT-system har også støtt på utfordringar. Nortura har i det heile hatt trøbbel med å tene pengar dei siste åra.

Mellom eigarane er det difor krav om at alle steinar skal snuast. 1 milliard skal sparast inn på 3–4 år. Då er ikkje hjørnesteinsbedrifter i Distrikts-Noreg freda.

Framlegget om å leggje ned slakte- og skjereanlegget på Otta i Gudbrandsdalen krasjar med to store trendar i det norske samfunnet: 1: Større interesse for og auka sal av mat med lokal tilknyting, ut frå omsyn til klima/dyrevelferd/opphav, og 2: Sentraliseringspolitikken som er ført under sitjande regjering og det etterfylgjande distriktsopprøret.

Nortura Otta. Foto: Siri Juell Rasmussen
Nortura Otta. Foto: Siri Juell Rasmussen
Annonse

I Gudbrandsdalen, som mange stader i Distrikts-Noreg, kjenner mange på konsekvensar av sentraliseringa. Statlege arbeidsplassar forsvinn frå bygda. Det blir lenger mellom dei offentlege kontora. Det nærmaste sjukehuset kan bli lagt ned. Sentraliseringa distriktsbefolkninga opplever har ikkje ført til avmakt, men eit raseri som har gitt Sp historisk høg oppslutning på meiningsmålingar siste tida.

Og midt oppe i sentraliseringsreformene frå regjeringa føreslår Nortura – bondens selskap, distriktsjordbrukets selskap – å sentralisere slakte- og skjerefunksjonar.

For konsernleiinga vil det bli ei vurdering mellom behovet for innsparing og effektivisering ved å samle slakting og skjering på færre stader i landet, og kva ei distriktsnedlegging gjer med omdømmet til Nortura. 19 prosent av produsentane kan forsvinne til Nortura sine konkurrentar, ifylgje analysar. Lokale bønder trur det blir større fråfall. Avstanden til Nordfjord kjøtt er for kort til at det framstår som uaktuelt å sende dyra til Stryn. Og Fatland og Furuset hentar allereie slakt i Gudbrandsdalen.

Anne Fagernes Siljehaugen frå Dovre kjempar for Nortura Otta. Foto: Bård Bårdløkken
Anne Fagernes Siljehaugen frå Dovre kjempar for Nortura Otta. Foto: Bård Bårdløkken

Det er mogleg Nortura-leiinga denne gongen har forrekna seg. Nortura, som samvirkesyster Tine, har dei siste 15–20 åra lagt ned mange anlegg. Samvirke-selskapa har stått i spissen for sentralisering av arbeidsplassar. Det har gått – stort sett – heilt fint, i alle fall sett frå sentraladministrasjonane sin ståstad. Trass i lokale opprør ved nedleggingar av slakteri og meieri, har selskapa rista av seg uroa, børsta vekk misnøya, og halde fram.

Gudbrandsdølane har lukkast før. Tine sine planar om å leggje ned brunostysteriet Lom & Sjåk vart stoppa. Omdømmet meierisamvirket vart viktigare enn ei mogleg innsparing ved å ikkje produsere Gudbrandsdalsost i Gudbrandsdalen.

Oppland er det største storfefylket i Nortura. Nett som grisebøndene i Hedmark vil forvente at griseslaktinga skal gå føre seg på Rudshøgda, vil storfebøndene forvente at slaktinga skal føregå i dalen – uansett fylkessamanslåing.

Det er sjølvsagt mogleg å frakte dyr frå sentrale strøk og til Otta. Men det er rart med det. Avstanden frå grisgrendte strøk og inn til sentrale strøk er av ein eller annan grunn lenger enn frå sentrale strøk og ut i distrikta. Så stiller nok konsernleiinga seg spørsmål om det blir vanskelegare å vera eit selskap for heile landet, om ein skal vera i heile landet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hva gjør vi nå?