Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Når politiet kjem sist

Med politireforma har staten flytta oppgåver over på kommunane. Det får konsekvensar for brannvesenet når politiet stort sett kjem sist til redningsoppdrag.

Trippeldrap: Tre personar - to passasjerar og ein sjøfår - vart i 2013 drepne om bord på Valdresekspressen på tur frå Årdal til Oslo. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Trippeldrap: Tre personar - to passasjerar og ein sjøfår - vart i 2013 drepne om bord på Valdresekspressen på tur frå Årdal til Oslo. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Ein mørk novemberkveld er ein buss på ut frå Årdal over fjellet til Austlandet, gjennom Valdres. På bussen er tre passasjerar og ein sjåfør. Så skjer det uventa. Ein mann hever ein sleggehammar. Attende ligg tre døde.

17.21 vart alarmsentralen varsla. Dei fyrste som kom til staden var den lokalt stasjonerte ambulansen, ein halv time etter at alarmsentralen vart varsla. Det lokale brannvesenet kom sju minutt etter. Lensmannen frå Årdal, som ikkje var på vakt, var på staden 18.48 – før utrykkingspatruljen frå politiet. Når patruljen endeleg kjem, har gjerningspersonen alt vorte overmanna av brannvesenet på staden.

At politiet er sist ut, har vorte ein vanlegare og vanlegare praksis, spesielt i distrikta. Oftare og oftare er det brannvesenet som er fyrst på staden. Heldigvis har det ikkje vore like lett å sentralisere brannvesenet som politiet, men det er også årsaka.

Etter trippeldrapet på Valdresekspressen vart det oppvask i Helse Førde, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap evaluerte styresmaktene si handtering. Varslingsrutinane som feila når tre etatar ikkje snakka saman, vart gått gjennom. I ettertid synte det seg at ei raskare utrykking ikkje ville redda liv. Truleg var bussjåføren og dei to passasjerane døde i løpet av seks minutt. Men slikt kan ein ikkje vita når alarmen går.

Senterpartiet føreslår no at kommunane skal kunne bøteleggje staten når politiet kjem for seint og brannvesenet må utføre oppdrag for politi og ambulansar. Brannvesenet er organisert kommunalt, og blir betalt over dei kommunale budsjetta. Når politi og ambulansar blir sentralisert, må kommunen trå til med brannvesenet.

Å bøteleggje staten burde vera ein god idé. Gjer ikkje kommunane oppgåvene sine, blir dei nemleg bøtelagde av staten. Pasientar har vorte ein kasteball mellom stat og kommunar. Ifylgje samhandlingsreforma skal kommunane kunne ta imot utskrivingsklare pasientar, eller rettare sagt, pasientar sjukehusa ikkje lenger treng ein sjukehusseng. Kommunar som av ulike grunnar ikkje kan ta imot pasientane, får bot. Ifylgje VG betalte kommunane i perioden 2012–2018 1,4 milliardar kroner i bøter til dei statlege helseføretaka.

Annonse

Då kunne det vera rett og rimeleg at kommunane kan sende rekning til staten når kommunane må gjera staten sin jobb.

I 2018 var politiet fyrst på staten for ei ulukke eller brann i 16 prosent av tilfella. Sjølvsagt er det viktig og bra at brannvesenet er raskt ute til brannar. Men når brannvesenet får utvida oppgåver med å sikre åstad og ta bilete for politiet, har parlamentarisk leiar for Sp rett: Kommunane gjer staten sin jobb.

Dei siste åra har det skjedd ei profesjonalisering av brannvesenet. Det lokale brannvesenet rykkjer ikkje berre ut til fjøsbrannar og redning av katten din frå treet, men er fyrst ved over 50 prosent av ulukkeshendingane. I fråveret av medisinsk personell og ambulanseteneste, rykkjer brannvesenet ut på helseoppdrag. 6505 helseoppdrag berre i 2018.

Fyrst og fremst vitnar det om heltemodig innsats frå brann- og redningstenestene rundt om i landet. Frå mange av dei som jobbar deltidsstillingar i lokale brannvesen, i tillegg til andre jobbar, fritid og familieliv. Men tala fortel også om ei massiv flytting av oppgåver frå stat til kommune. I den lokale brann- og redningstenesta må du vera sjukepleiar, røyrleggjar, politi og dyrlege – helst på ein gong.

Tidlegare direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Cecile Daae, sa til NRK i fjor ta det ikkje er ei ynskt utvikling. Når legevakter er sentraliserte og ambulansene er ute på andre oppdrag, står brannvesenet attende.

I Nore og Uvdal har brannsjef Kai Redalen åtvara mot utviklinga. Nærpolitireforma har gjeve eit fjernare politi, og færre politifolk lokalt mange stader. Til Laagendalsposten i fjor sa Redalen at det blir stilt større og større krav til brannvesenet. "Å være først på stedet uten bistand fra verken ambulanse eller politi er krevende. Fortsetter utviklingen med at brannvesenet skal ta på seg helse og polititopp drag, er jeg redd det vil bli vanskelig å rekruttere folk i årene fremover."

For å bøte på manglande politi har brannvesenet vorte pålagt å kurse seg. Redalen fortel om pålagde kurs i «pågående livstruende vold» og «mens du venter på ambulansen», som skal gjera brannvesenet betre i stand til å takle oppdrag medan dei ventar på politi og ambulanse. Kursa må brannfolka betale for sjølve.

Høgre og Frp latterleggjer programmatisk framlegget frå Senterpartiet. Det er synd, og syner berre kvifor me treng å diskutere kva konsekvensar sentraliseringa har fått.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Tiden er overmoden for en digitalskatt