Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mr. Mjølk trer av

Trond Reierstad er mjølkebonden som endra meierisamvirket for alltid.

Styreleiar: Trdon Arne Reierstad har vore styreleiar i Tine i ni år. Torsdag 11. april gir han seg. Foto: Siri Juell Rasmussen

Torsdag 11. april går mjølkebonde Trond Arne Reierstad frå Finstadjordet i Lørenskog – midt i det såkalla sentrale Austlandet – av som styreleiar i Tine. Bak seg har han 13 år i toppleiinga i meierisamvirket, dei siste 9 som styreleiar.

Reierstad går – frivillig – frå eit meierisamvirke som står meir samla enn då han tok over sjefsstolen i 2010. For medan det storma kring Reierstad dei par fyrste åra som styreleiar, har roa senka seg i Tine etter kvart som resultata har vorte betre og betre, og etterbetalingane til eigarane høgare og høgare.

I 2011 – etter knapt eit år som styreleiar – small det frå fleire kantar. Det var NHO-diskusjon, smørkrise, påstandar om grådige styreleiarhonorar og løna studiepermisjon til konsernsjef Hanne Refsholt. Reierstad vart skulda for å vera for lite politisk, for administrasjonsstyrt og at han overlét til kommunikasjonsavdelinga å svara for mjølkebøndene sine interesser då det storma som verst kring marknadsreguleringane.

At Reierstad har kome seg gjennom ni leiarval i Tine, og vorte mindre og mindre kontroversiell ettersom åra har gått, seier derimot mykje om stayerevna til mjølkebonden frå Lørenskog. Og at han på lang sikt har vunne fram med sakene han kjempa for, sjølv om han har hatt ei meir tilbaketrekt rolle i media enn styreleiarkollegaene i til dømes Nortura og Felleskjøpet. Ikkje minst var han viktig då Tine, etter nokre års pause, tok opp att diskusjonen om selskapet skulle melde seg inn i NHO Mat og bio, der mellom anna Nortura var medlem. For mange eigarar var det eit prinsipielt spørsmål om Tine skulle bli med i økonomiklubben for "fiffen".

Reierstad meinte derimot det var rett å bli NHO-medlem. Både systerorganisasjonen NHO Mat og drikke og NHO sentralt førte tidvis standpunkt Reierstad meinte Tine og norske mjølkebønder ikkje var tente med, som til dømes kritikk av marknadsordningane i jordbruket og motstand mot eit sterkt importvern. Med Tine sitt inntog i NHO Mat og bio – som seinare har slått seg saman med NHO Mat og drikke – kunne dei landbrukstunge konserna i større grad nøytralisere "fienden" internt i NHO. Reierstad vann eit solid fleirtal på årsmøtet i 2011.

Annonse

Hausten 2011 slo smørmangelen inn over landet. Mindre mjølkefeitt på grunn av ein dårleg grovfôrsesong og lågkarbodiett førte til tidvis tomme smørhyller. Kritikken mot Tine hagla, frå kundar, konkurrentar og politikarar, ikkje minst mot Tine som marknadsregulator, og mot Reierstad. Reierstad meinte marknadssituasjonen og prognosane for smør var ei administrasjonsoppgåve, og ikkje ei styreoppgåve. Så fekk konsernsjef Hanne Refsholt studieperm med løn for å ta etterutdanning, og det storma nok ein gong rundt Reierstad.

Oppsummert

Toppsjef

1 Trond Arne Reierstad har vore styreleiar i Tine sidan 2010. Han kom inn i konsernstyret i 2006, og vart valt til nestleiar i 2009.

Konkurransekraft

2 Under Reierstad, og tidlegare konsernsjef Hanne Refsholt som slutta ved årsskiftet, har Tine dei siste fem åra levert årlege resultat rundt 1,5 milliardar.

Berekraftkaren

3 Både økonomisk og klimamessig berekraft har vore to av Reierstad sine kampsaker for Tine og mjølkebøndene.

Til det påfylgjande årsmøtet våren 2012 hadde valkomiteen samrøystes innstilt på ein annan kandidat, som vart oppfatta som meir politisk og som ville drive Tine meir som ein interesseorganisasjon for mjølkebønder. Reierstad stilte likevel som leiarkandidat, og fekk eit solid fleirtal i valet.

Nokre kjenner seg nok svikta fordi Tine ikkje tok kampen om støtta til jarlsbergeksport,

Strategen Reierstad har det ikkje alltid vore lett å få auge på. Men han har vore der, om enn med ei mindre framståande offentleg rolle. I utvikling av mjølkemarknaden, om Tine skal kjempe "tapte" kampar om eksportstøtta for jordbruksprodukt, med ei internasjonal satsing som inneber mindre behov for norsk mjølk. Om dyrehelse, berekraft, klima og Tine sin posisjon i marknaden. At Tine stadig må jobbe for å vinne forbrukarane når importen aukar støtt, og han har stått midt i paradokset mellom at Tine som selskap er tent med minst mogleg vekst i mjølkeprisen for å motverke import og eigarane sine interesser av å ha ein så høg mjølkepris som mogleg. Men nokre kjenner seg nok svikta fordi Tine fyrst ikkje tok kampen om støtta til jarlsbergeksport, og så valde å flytte osteproduksjon til nytt meieri i Irland.

Ser ein på resultata var det truleg ei viktig investering Reierstad gjorde då han sende Refsholt ut i studiepermisjon. Tospannet Reierstad og Refsholt har spara milliardar for Tine. Sjølvsagt ikkje åleine, men dei har vore viktige drivkrefter. Berre i dei to prosjekta "Styrk" og "Konkurransekraft" har Tine redusert kostnadar med 1,2 milliardar. Ti anlegg er lagt ned under Reierstad. Tine har investert rundt 6,5 milliardar i nye anlegg på Jæren, Kalbakken, Tunga, Bergen, Irland, Frya, Tretten og Storsteinnes.

Reierstad blir omtala som ein diplomat med eit jovialt og forsonande vesen, som samlar meir enn splittar, men som ikkje gøymer vekk kva han sjølv står for. Ein person ein kan stå i krigen med, ein sindig mjølkebonde som har teke med seg praktiske, pragmatiske og grundige arbeidsmetodar frå gardslivet inn i eit av dei største selskapa i Noreg, men som også syner temperament om han er usamd.

Ein gong skal historia skrivast om Reierstad sin leiarperiode. Det vil bli ei historie om ein bonde som stod støtt då det storma, og som stod for viktige endringar i meierisamvirket. Men ettermælet blir nok også påverka den dagen irskprodusert jarlsbergost finn vegen til norske butikkhyller.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fjær, egg og hanekylling til påske