Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mercosur-avtale i røyken frå Amazonas

Noreg kunne knapt valt dårlegare tidspunkt for å inngå frihandelsavtale på.

Skogbrannar i nærleiken av Porto Velho i Brasil, 23. august. Foto: Victor R. Caivano / AP / NTB scanpix
Skogbrannar i nærleiken av Porto Velho i Brasil, 23. august. Foto: Victor R. Caivano / AP / NTB scanpix

Amazonas blir herja av rekordmange skogbrannar. Europeiske statsleiarar er forbanna på den brasilianske president Jair Bolsonaro før G7-toppmøtet som starta laurdag.

Det forstår nok også næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, som var svært ordknapp om det konkrete innhaldet i den nye frihandelsavtalen mellom Mercosur og Efta under pressekonferansen laurdag.

Mercosur er dei fire landa Brasil, Argentina, Paraguay og Uruguay, nokre av verdas største matprodusentar. (Venezuela har vore suspendert sidan 2016.) Etter å ha forhandla i 20 år, og i vakuumet etter at TTIP-forhandlingane med USA er lagt på is, kom Mercosur og EU til semje om ein frihandelsavtale i slutten av juni. Parallelt har Mercosur forhandla med Efta dei par siste åra, der Noreg, Liechtenstein, Sveits og Island er med.

Dei norske bondeorganisasjonane har frykta at Noreg ville gje vekk utvida importkvotar på storfekjøtt til fordel for betre tilgang for norsk sjømat i den marknaden dei søramerikanske landa. Slik har det ikkje gått. Dei førebelse meldingane om innhaldet i avtalen kan tyde på at den er langt betre enn frykta for norsk jordbruk.

Importkvoten for storfekjøtt innanfor WTO-regelverket står uendra på 500 tonn, men blir gjeldande berre Mercosur-landa. Det blir innført ein ny kvote på totalt 300 tonn kyllingkjøtt. Tollreduksjon blir innført for m.a. råvarer til kraftfôr. 99,2 prosent av eksporten av norske industrivarer og sjømat skal bli tollfri over tid. Klima, miljø og skogtiltak er vektlagt i avtalen.

Annonse

Planen var eigentleg å presentere Mercosur-avtalen over helga. Men det brenn såpass godt under føtene til den brasilianske presidenten Jair Bolsonaro at han fann det for godt å offentleggjera at Mercosur og Efta hadde vorte einige i går. Bolsonaro har fått mykje internasjonal kritikk ved inngangen til G7-møtet, fordi han ikkje har synt vilje og evne til å prøve å stoppe skogbrannane i Amazonas. Bolsonaro syner rett nok det siste døgnet teikn på å gje etter for internasjonalt press, ved å setje inn hæren for å kjempe mot brannane, og uttale at det er "vår plikt" å stoppe brannane.

Så har då også viktige EU-land som Irland og Frankrike truga med å stoppe Mercosur-avtalen med EU. Avtalen er førebels ikkje godkjend av EU-parlamentet, og landbruket, organisasjonar og nasjonale politikarar i fleire EU-land land har vore svært kritiske til avtalen fordi den opnar opp for storstilt import av kjøtt frå Mercosur-landa.

Som ein av verdas store kjøtteksportørar har Brasil hogd ned regnskog for å tilretteleggje for grasmark og produksjon av storfekjøtt og soya.

Er det noko verda treng mindre av, så er det biff frå Brasil. Eg er ærleg tala usikker på om me treng meir kylling frå Brasil, også, eit land som til dømes ikkje har tilstrekkjelege statistikkar for funn av antibiotikaresistente bakteriar i kyllingkjøttet. Det er heller ikkje spesielt berekraftig å frakte kylling og soya over Atlanteren til Noreg, og sende sjømat attende.

Klimakrisa må føre til mindre transport av mat, og meir produksjon basert på berekraftige, nasjonale ressursar. Ei medverkande årsak til skogbrannane i Amazonas, fordriving av urfolk, dyreliv og naturmangfald, er nettopp den enorme, internasjonale etterspurnaden etter jordbruksprodukt frå Brasil.

Det er interessant at Efta-landa ser ut til å bruke internasjonale frihandelsavtalar til klimaspørsmål. Kanskje vil det vera noko me ser meir av i framtida. Men spørsmålet for denne avtalen er om Bolsonaro kjem til å bry seg om det. Det er berre nokre få dagar sidan Noreg valde å halde attende 300 millionar kroner til tiltak som skal motverke avskoging. Bolsonaro har gjort det til eit varemerke å leggje til rette for meir landbruk og gruveindustri i regnskogen etter at han vart president, og skulda også miljøorganisasjonar for å ha starta brannar i Amazonas fordi han har kutta støtta til dei. Tidlegare i august uttala Bolsonaro at Brasil ikkje trong pengane, då Tyskland melde at dei ville kutte 35 millionar euro i støtte til avskogingstiltak.

Me kjenner førebels ikkje alle detaljane i Mercosur-avtalen, og kva konsekvensane av den blir. Men oppførselen til den brasilianske presidenten dei siste dagane fortel oss kva avtaleverket om "berekraftig jordbruk og skogbruk" i praksis kan tyde i Brasil.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

EØS – en 25-årsjubilant på godt og vondt