Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Med Konkurransetilsynet i bakevja

Om kjedene hadde kutta matprisane så mykje som dei seier, hadde maten vore gratis no.

Makt: Daglegvarekjedene sin kontroll i frukt og grøntsektoren burde ha bekymra Konkurransetilsynet. Foto: Terje Pedersen / NTB
Makt: Daglegvarekjedene sin kontroll i frukt og grøntsektoren burde ha bekymra Konkurransetilsynet. Foto: Terje Pedersen / NTB

I mars 2011 sende Nationen meg på reportasjetur til England. Matkjedeutvalet i Noreg skulle i april presentere rapporten om tilstanden i den norske verdikjeda for mat, og me ville finne ut litt meir av kva Storbritannia, som var lengst framme på matmaktarbeidet i Europa, hadde gjort.

Ein av dei me intervjua var Andrew Taylor frå det britiske konkurransetilsynet. I Storbritannia hadde konkurransetilsynet vore ein pådrivar for å undersøkje og granske daglegvarebransjen, få på plass retningslinjer, og til slutt eit daglegvareombod og ein lov om god handelsskikk.

Då me intervjua Taylor i 2011 hadde matmaktarbeidet alt gått føre seg i over ti år i Storbritannia. Litt naivt tenkte eg at det ville nok ikkje gå så lang tid i Noreg, sidan det burde vera klart for alle korleis maktforholda faktisk er.

Seinare i haust skal Stortinget føreha stortingsmeldinga om daglegvarebransjen. Den inneheld nokre tiltak, men aller mest behov for fleire og grundigare utgreiingar. Me har altså etter snart 10 år så vidt fått på plass ein lov om god handelsskikk, og det skal etablerast eit ombod. Nokre viktige utgreiingar har etter kvart kome på bordet, etter mange års motvilligheit i tilsyn og departement.

Der det britiske konkurransetilsynet dreiv fram ein maktanalyse og tiltak for å balansere makta, har det norske Konkurransetilsynet teke plass i bakevja og snakka om tollvernet. Det er nok også årsaka til at dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen såg det måtte på plass ei særleg satsing på daglegvare i Konkurransetilsynet.

Det bør difor vera håp om endring. Men skal tilsynet fungere som ein reell påpassar, må banda til marknadsliberalistane kuttast. Fri marknad, fri import og liberalisme er i høgste grad politikk og verdiar. Synspunkt og verdiar som Konkurransetilsynet har forfekta og lagt til grunn i årevis, i staden for å reelt ville undersøkje den skeive og konsentrerte marknaden.

Annonse

For medan dei store leverandørane har fått rolla som ulvane, er dei små, uskuldige lamma i forteljinga daglegvarebransjen. I denne forteljinga er det positivt for forbrukaren at daglegvarebransjen skvisar ut leverandørar til fordel for eigne merkevarer, og kjøper opp industri, om kjøttet og pizzaen og mjølka blir billigare. Har dei store leverandørane makt? Openbert.

Makta til å setje prisane frå butikk til forbrukar er uansett i Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 sine hender. Og den blir brukt rått og rote. Er du i tvil, så ta ein prissjekk på t.d. kjøttdeig frå kjedene sine merkevarer kontra ein merkevareleverandør (om du finn ein) neste gong du er i matbutikken. Prisskilnadane er så store at det er vanskeleg å forklare det med noko anna enn spekulativ prising. Og Konkurransetilsynet har late seg rive med i narrespelet.

Daglegvarekjedene har klart å halde debatten til å handle om pris. Om den harde konkurransen mellom Kiwi, Rema 1000 og Coop Extra. Om å bringe mat ut til folket på ein "effektiv og konkurransedyktig måte", og om VGs matbørs. Slik er det lettare å feie dei reelle matmaktdebattane under teppet: Krigen om varedistribusjon. Krigen om kjøp og leige av aktuelle eigedomar for daglegvarebutikkar. Krigen om kioskmarknaden, om levering til bensinstasjonar, om oppkjøp og kontroll av industri.

Som til dømes at Norgesgruppen no ifylgje E24 strammar grepet endå meir om frukt og grønt. Ikkje nok med at Bama er eigd av Norgesgruppen, i tillegg til Rema 1000 og Nergaard-familien. Norgesgruppen gjer det selskapet har gjort dei siste åra – sikra sitt eige distribusjonsselskap Asko større og større kontroll over leverandørar.

Norgesgruppen seier det derimot er for å bli "effektive og konkurransedyktige". Norgesgruppen kjempar, til liks med dei to andre store kjedene og ifylgje seg sjølve, ein beinhard kamp om forbrukarane. Ikkje minst kuttar dei prisane, no sist med Kiwi som "kuttar prisane på 500 varer".

Pussig nok aukar matprisane langt meir enn før, trass i at forbrukarane kjøper meir norske varer (som har hatt minimal auke i råvareprisen) og omsetningsrekord for norske matbutikkar under koronatida.

Medan kommunikasjonssjef Bjørn Takle-Friis i Coop får (velfortent) kjeft for å forklare at prisane aukar mellom anna på grunn av jordbruksoppgjeret, framstår Norgesgruppens Kiwi som ein priskuttar.

Som ein med svært god kjennskap til kva som rører seg i matbransjen tørt kommenterte på Facebook: Om kjedene verkeleg hadde sett ned prisane så mykje og så ofte som dei seier, burde maten vore gratis no.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Dagligvarebransjens prispress må tas vare på