Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

MDG bør distrikt-skamme seg

I MDGs distriktspolitiske program kan du ta toget dit toget ikkje går.

Ja til dyre flyreiser i distrikta: MDGs Une Aina Bastholm kritiserer Senterpartiet for å ville senke prisane på dyre flybillettar i distrikta. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Eit sikkert døme på at valkampen er i gang, er partia sine meir eller mindre gjennomtenkte åtak på kvarandre sin politikk. Nokre gongar kjem åtaka attende som ein bumerang du ikkje klarar å fange.

Det er også litt fint å få opp og fram kva politikarane ikkje er så opptekne av – som busetjing i distrikta.

Som når Une Aina Bastholm frå Miljøpartiet Dei Grøne skuldar Senterpartiet for å berre ville "snakke distrikta etter munnen". I NRK set Bastholm Sp i klimaskammekroken fordi partileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner det er for dyrt å fly – i distrikta.

Det kostar langt meir enn skjorta å fly mjølkerutene og hompetitten-hompetatten om du, orsak språket, er så dum i dagens klima (!) at du framleis vil bu ein avsidesliggjande stad. Altså ein stad tid det ikkje går tog. Altså – ups – dei aller fleste stadene i landet. Gløym at kortbanenettet er viktig for næringsliv, for at fylkesreformene skal fungere, for at familiar skal kome seg sørpå i konfirmasjon, bryllaup og gravferd, eller til sjukehuset.

Toget til Tromsø burde gått for lengst.

Nationen skreiv sundag at Widerøe vurderer å leggje ned 37 ruter innanlands, om Finansdepartementet sitt framlegg om auka moms for flyreiser får støtte i Stortinget. Flyreisene som er så viktige for å binde landet saman har, ifylgje direktør Terje Skram, alt fått full pakke på avgiftssida, no kan det bli endå ei pakke avgifter.

Det har fått Vedum til å meine at staten må bruke pengar på å få ned prisen på flybillettane på reiser frå strøk av landet der det ikkje finst alternativ. Andre folk enn MDG-politikarar har gjerne ikkje løn for å bruke to dagar ekstra på ei reise.

Bastholm meiner Senterpartiet gjer distrikta ei bjørneteneste ved å gjera det billigare å fly. Det blir billigare å forureine, det bidreg til meir klimaendringar og ekstremvêr. "Og det er noko som også distrikta, også på Vestlandet, Nordvestlandet og Nord-Noreg kjem til å merke."

Kjenn litt på det, du som bur i Spjelkavik, Luster, Berlevåg, Torsken eller Andenes. Kor mykje klimaskam klarar du å bera på skuldra dine? Har du ikkje råd til ein flybillett for å møte sjefen, ta med familien på ferie til bestemor og bestefar i ein annan landsdel, så vit at du gjer det for klimaet. Det beste du kan gjera, er å halde deg heime.

Annonse

Oppsummert

Klimaendringar

1 Klimagassutsleppa må ned, også i Noreg. Men me er langt frå samde om kva som er den beste måten å kutte på.

Distrikt

2 Det er for dyrt å fly til og frå distrikta, og for billig å fly mellom storbyane.

Nokre må betale

3 Me må godta at nokre må få forureine meir enn andre. Det må bli for turen frå Oslo til Bergen, New York eller London.

MDG legg skam på alle oss som er oppteken av at det skal vekse og gro i distrikta. Slik er MDG framleis eit parti for dei som kan sykle til jobben. Ikkje minst vil dei nye fylka føre til meir flytrafikk. Også fylkespolitikarar i nye Troms og Finnmark fylke må stundom møtast ein annan stad enn i eit videomøte.

Ja, distrikta er som kjend ein del av verda, og har alt merka klimaendringane. Styrtregn i Oslo stoppar trikken. Styrtregn i distrikta har gitt plutselege flaumar, teke liv og gjort stor materiell skade.

Eg skal gje Bastholm rett i at det ikkje alltid skin like grønt av Senterpartiet sin klimapolitikk. Klimadebatten føre Sp-landsmøtet i vår er ei god påminning om det.

Men når me snakkar om klimakutt og flyreiser; det er fyrst og fremst flyreisene mellom dei største byane i Sør-Noreg, ferieturen til Thailand, helgeturen til London og shoppingturen til New York me må slutte med. Me må godta at nokre må få forureine meir enn andre.

Når MDGs distriktspolitiske samferdslesatsing, slik det blir presentert i NRK, inneber at folk skal kunne bu i distrikta ved å ta el-ferje og el-fly, og byggje jernbane til Nord-Noreg, er det ikkje gjennomtenkt politikk. Ikkje av di tiltaka er feil: El-ferjer er no på tur over fjordar, for å binde folk og land saman, og fleire blir det av dei. Men dei kjem ikkje i tillegg til fossilferjer, dei kjem i staden for.

Elfly og hybridfly kan fungere aller best på kortbanenettet, med korte flygingar og få passasjerar. Men dei fyrste elflya kjem truleg ikkje i kommersiell drift før om seks år. Kva løysingar har MDG for dei som er avhengige av kortbanenettet fram til då?

Toget til Tromsø burde gått for lengst. Me satsar minimum 340 milliardar kroner på ferjefri E39, men 110 milliardar til jernbane i Nord blir for dyrt. Klimamessig er det derimot lønsamt. Skjenene til snøggtog mellom dei største byane i Sør-Noreg og til Stockholm (på norsk side) og Københamn burde vorte lagt for lengst. Me byggjer for få kilometer med dobbeltspor, og det går for sakte.

Det er snakk om mange år før du kan ta toget nordover frå Bodø. Og det vil framleis ta 10 timar å køyre frå Tromsø til Mehamn, om skjener blir lagt til Nordens Paris. Tog i nord blir ikkje erstatning for fly.

Medan me ventar på toget må me slutte å påføre folk utan andre alternativ skam og unødige utgifter fordi dei bur der dei bur.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kraftfôr, verdiskapning og klima