Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matmakt i all evigheit

Kor lenge skal politikarane sitje og sjå på at kjedene skvisar kundane sine?

Makt: Norgesgruppen har, saman med dei andre to kjedene Coop og Rema 1000, styrka makta si dei siste ti åra. Foto: Benjamin Hernes Vogl
Makt: Norgesgruppen har, saman med dei andre to kjedene Coop og Rema 1000, styrka makta si dei siste ti åra. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Bønder i eit glansa, påkosta magasin. Me bringar deg råvarer frå åkrar og fjøs. Kom til oss – me har plass … til liten, men ikkje så stor. Men det treng me ikkje snakke så høgt om.

I reklamane er daglegvarekjedene bondens beste ven – frå jord til bord. I verkelegheita blir norske bønder skvisa kvar einaste dag. Kor lenge skal det halde på?

I eit 36 siders magasin som vedlegg til fleire aviser, som Dagens Næringsliv og Nationen, framstiller Norgesgruppen seg som den som byggjer landet. Det er bønder og distrikt, breiband og raudt kjøtt. Det er klima og miljø, og lokalbutikkar på kvart eit nes.

Men kva skjuler seg bakom dei fine bileta og store orda?

Maktbruk. Rå maktbruk.

Me skriv mykje om daglegvaremakta i Nationen. Korleis den har utvikla seg over tid. Korleis Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 har stramma grepet om butikkar, vareutval, eigedomar, distribusjon, industri, storhushald, kioskar og restaurantar. Om verdikjeda for mat frå bonde til butikk.

Dei siste ti åra har grepet vorte strammare og klammare, år for år. I 2011 hadde Norgesgruppen 36,9 prosent marknadsdel. I 2019 er marknadsdelen auka til 43,7. Coop sin marknadsdel har gått opp frå 23,7 prosent til 29,5. Og Rema 1000 frå 20,9 prosent til 23,2.

Er det så viktig? Ein prosent her og ein prosent der? I 2019 omsette daglegvarebransjen åleine for 178,3 milliardar. Ein prosent av omsetninga er då 1,78 milliardar kroner. Det er over ein halv milliard meir enn resultatet av jordbruksforhandlingane i fjor, der ramma enda på 1,24 milliardar.

Det er noko å ha med seg på handlelappen neste gong du går inn i ein Rema, Kiwi, Meny eller Coop-butikk.

Annonse

Alvoret må søkke inn hjå politikarane på Stortinget, som for tida diskuterer stortingsmeldinga om norsk daglegvarebransje. For medan politikarane har toa sine hender, hamnar ein større og større del av verdiskapinga hjå dei som ikkje gjer så mykje for å produsere varer.

Det er bønder og industri som har dei største investeringane og innsatsfaktorane. Som byggjer om fjøs, sikrar god dyrevelferd, passar på at dyra har mat, stell, eit miljø å trivast i. Som må leggje om frå miljøbur til frittgåande, fordi kjedene vil. Som må byggje nye fjøs som tilfredsstiller stadig nye krav. Som onnar, pløyer, gjødslar, sår, sprøyter, haustar og sankar.

Og ein industri som investerer i nyvinningar, som innoverer med robotar i fabrikkane for å oppretthalde ein desentral struktur. Som slaktar, skjer, pakkar og foredlar. Som tek risikoen med å utvikle nye varer, som forbrukarane kanskje ikkje vil ha. Spesielt ikkje om dei i tillegg er vanskelege å finne i butikkane.

Det er berre å undersøkje kjøttdiskane i butikkane, så ser du kva makt kjedene har. Kjedene sine eigne merkevarer (emv) får ein større og større del av butikkhyllene. Der er knapt å finne ein kjøttdeig frå Gilde meir. I takt med at dei tre store kjedene har fått meir og meir marknadsmakt, har dei dytta inn eigne merkevarer på kostnad av leverandørane sine kjende merker.

I 2010 stod emv-kjøttdeig for 36 prosent av verdiomsetninga. Åtte år seinare var marknadsdelen 81 prosent. Er det verkeleg nokon som meiner det er positivt for forbrukarane? Kjedene sine billige kopiprodukt og emv gir ikkje anna enn eit skinn av mangfald. Det kan sjå fint ut å pynte butikkane med ein lokal ost her, og ei spekepølse der. Men pengane ligg i masseproduksjonen.

Og prisskilnaden på ein emv-kjøttdeig og merkevarekjøttdeig kan vera så stor at den verkar avskrekkande på ein forbrukar som er innom for å handle til pizzaen onsdag eller tacoen på fredag. Eit forbod mot å kryssubsidiere varer – altså at du kan skru opp prisen på nokre varer for å ha råd til å dumpe den på andre – ville gjort skilnaden mindre.

I Nationen nyleg fortel direktør Kjell Rakkenes om kor dramatisk det er. Han meiner kjedene sine eigne merkevarer er den største utfordringa for Nortura. Nortura har sjølvsagt ei økonomisk eigeninteresse her i å tene meir pengar, men det har jammen daglegvarekjedene, også. Og under dekket av å bidra til "mangfald" i butikkhyllene har kjedene år for år bytta ut varer frå merkevareleverandørane med sine eigne.

Men det bidreg ikkje til mangfald. Slik kjedene organiserer seg og kjempar maktkampane, blir ein stadig større del av pengane att i sisteleddet, hjå kjedene.

Stortinget må spørje seg om innteninga på varene skal hamne i lommene til nokre fåe, privilegerte, eller på kontoane til bønder og matindustri som tek risikoen og kostnaden i det daglege.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

De fleste bedrifter er ikke Hydro