Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Maten me skal leva av

Det kan anten gå skikkeleg bra eller lukt åt heden med norsk landbruk i framtida.

Framtida: Ein føresetnad for å kunne bytte ut fossile råvarer med fornybare råvarer frå plante- og dyreriket, er at det faktisk finst ein norsk skog- og jordbruksproduksjon med tilhøyrande industri i framtida. Foto: Lars Bilit Hagen

Slik kan rapporten "Megatrendar – hvordan vil de påverke landbruket?" frå Menon Economics kort oppsummerast. Rapporten vart presentert på eit frukostmøte tysdag. Megatrendar for matproduksjon og konsum globalt vil også slå inn over Noreg og norsk landbruk. Kor godt eller dårleg det vil gå for norsk landbruk, kjem an på kva landbruket gjer. Men alt ligg ikkje berre på landbruksnæringa.

Norsk jord- og skogbruk sysselsette i 2016 totalt 51.600 personar. I 2017 var det 52.900 sysselsette i norsk matindustri. Primærnæringane og matindustrien er med det den største fastlandsnæringa i Noreg, sjølv utan å rekne med ringverknader for anna næringsliv.

Kvart år leverer også jordbruk og matindustri på effektivisering og produktivitet. Det er kanskje denne sanninga som byrjar å gå opp for motstandarane av importvernet. NHO-sjef Ole Erik Almlid, som sjølv er frå ei jordbruksbygd i Trøndelag, la i debatten etter framlegginga av rapporten tysdag vekt på at "ingen" lenger snakkar om å fjerne eller redusere importvernet.

Dersom norsk matindustri skal finne den rette vegen framover, er ein framleis avhengig av rammevilkår.

Det er ikkje mange år sidan nedbyggjing av importvernet var ei kampsak for NHO. Ei årsak er landbrukets strategiske inntog i NHO. I tillegg har samfunnets forståing for konsekvensar av klimakrisa, og behovet for å produsere meir mat i Noreg auka.

Dersom norsk matindustri skal finne den rette vegen framover, er ein framleis avhengig av rammevilkår. Når importen av ferdigmat aukar, minkar behovet for norske råvarer. Tollfrie ostekvotar til EU, som i hovudsak blir brukt til billig og masseprodusert volumost, fører til mindre behov for norsk mjølk. Held utviklinga fram i all æva, får det konsekvensar.

Dei globale trendane framover er at me kjem til å eta mindre grønsaker og meir kjøtt, i alle fall i vestlege land. Mange vil stille høgare kvalitetskrav. Demografiske endringar vil også føre til at gjennomsnittskosthaldet endrar seg. Omsyn til klimaendringar påverkar mange alt i dag, og konkrete konsekvensar av klimaendringane vil, som me har sett, også påverke kva me kan produsere av mat.

Annonse

Det treng ikkje vera eit problem for norsk jordbruk. Ifylgje FN må verdas matproduksjon auke med 70 prosent fram til 2050, på grunn av auka folketalsvekst.

Me kan og bør produsere meir grønsaker i Noreg. Når forbrukarane blir meir opptekne av kvalitet, har norsk kjøttproduksjon fordelar, som lite antibiotikabruk, låg medisinering og beiting i utmark. Desse fordelane bør ruste norsk jordbruk for framtida. Men då trengst ein politikk som legg til rette for at det norske ressursgrunnlaget kan brukast.

Oppsummert

Meir mat

1 Me må produsere meir mat i verda. Ifølgje FN må matproduksjonen aukast med 70 prosent fram til 2050.

På kva måte?

2 Matproduksjonen påverkar klimaet, men blir også påverka av klimaendringane. Norsk jordbruk har ei rolle i ein meir klimavenleg matproduksjon.

Ikkje berre

3 Ei sterk jord- og skogbruksnæring er også viktig som leverandørar til det grøne skiftet, der me skal bli mindre avhengig av fossile råvarer.

Å satse på norsk skog- og jordbruk dei neste åra er smart. Det er smart på grunn av klima, matsikkerheit, helse, matforsyning, dyrevelferd og det grøne skiftet, som me har snakka om så lenge. Biologisk avfall er ikkje lenger søppel ein må kvitte seg med, men går, som i tidlegare tiders sirkulære gardsøkonomi, attende i verdikjeda. Beinrestar, egghinner, grankvistar og kumøkk kan bli proteinpulver, sårplaster, plast eller biodrivstoff.

Men ein føresetnad for å kunne bytte ut fossile råvarer med fornybare råvarer frå plante- og dyreriket, er at det faktisk finst ein norsk skog- og jordbruksproduksjon med tilhøyrande industri i framtida. Landbruket må levere råvarer marknaden vil ha, som Kårstein Eidem Løvaas frå Høgre tysdag var oppteken av i debatten tysdag. Men marknaden kan også styrast gjennom ein aktiv næringspolitikk.

Gode rammevilkår kan påverke marknaden. Det offentlege Noreg, med kommunar, stat, fylkeskommunar, Forsvaret, helseføretak med meir, kan påverke marknaden ved å stille krav ved innkjøp. Det beste dømet på korleis ein aktiv næringspolitikk med store statlege finansar har påverka marknaden, er finansieringa elbilistane gjennom mange år har fått.

Almlid meinte me må slutte å snakke om næringsnøytralitet. Alle næringar, også eksportnæringane, blir på ein eller annan måte marknadsregulert, til dømes gjennom konsesjonar. Eg tolka det som at Almlid slår ein spiker i liberaliseringskista til NHO når det gjeld norsk landbruk.

Det blir forska meir og betre på nye produkt for nye marknader. Bøndene produserer stadig meir for mindre pengar. Matindustrien teknologiserer og moderniserer. Norsk landbruk rustar seg for framtida.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kompensasjon til pelsdyrprodusenter – det er ingen skam å snu