Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Marknadstenkinga rår i Sjukehus-Noreg

Koronaepidemien må få konsekvensar for sjukehuspolitikken.

 Norske sjukehus har gjort seg klare til å få inn fleire koronapasientar. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix
Norske sjukehus har gjort seg klare til å få inn fleire koronapasientar. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Tenk deg eit land. Eit land langt oppe mot nord. Ei land med eit godt, offentleg helsevesen. Eit land som driftar det offentlege helsevesenet som om det skulle vore marknadsstyrt, der eit sjukehus kan gå i økonomisk underskot på grunn av kreftbehandling. Eit land der lokalsjukehuset blir bygd ned eller lagt ned. Eit land der nye sjukehus konsekvent blir bygd for små.

"Vi har ingen ledige senger", skriv Sven Erik Gisvold i ein artikkel i Tidsskriftet Den norske legeforening 24. mars i år. Gisvold er spesialist i anestesiologi, professor emeritus ved NTNU og overlege ved St. Olavs hospital i Trondheim. Alt før koronaepidemien trefte, er norske sjukehus fulle. Det tyder at pasientar må sendast ut; heim, til annan institusjon eller sjukeheim for å finne plass til alvorleg sjuke koronaråka pasientar.

På 40 år er talet på somatiske sengeplassar ved sjukehusa redusert med 50 prosent, til under 11.000, skriv Gisvold. Det har skjedd, trass i at talet på innbyggjarar i Noreg aukar, trass i at det blir fleire eldre mellom oss, me lever lenger, og dermed blir det fleire somatiske pasientar.

I 2017 skreiv Liv-Ellen Vangsnes, spesialist i anestesiologi og overlege ved Sykehuset Østfold i same tidsskrift at "Det er ikke sikkert du får den helsehjelpen som du forventer hvis du blir syk. Politikernes løfter samsvarer ikke med realiteten helsepersonell opplever."

Ho peikte på at medan belegget i gjennomsnitt i OECD-landa er 77 prosent og Helsedirektoratet i Noreg meiner at 85 prosent er forsvarleg, er belegget ved norske sjukehus på 93 prosent, og har også vore oppe i 120 prosent. Dei tre fyrste månadane av 2019 låg 16.258 pasientar på gangen på norske sjukehus, skriv Dagens Medisin.

Sykehuset Østfold Kalnes nord for Sarpsborg opna i 2015, og vart bygd for eit belegg på 92 prosent. I fjor – fire år etter opning – sa Britt Fritzman, føretakstillitsvalt for legane ved Sykehuset Østfold, til Dagens Medisin at beleggsprosenten ved sjukehuset er 100 prosent.

Svaret frå sentrale helsepolitikarar er at dagoperasjonar og døgnpasientar gjer at me treng færre senger på sjukehusa. Det handlar ikkje om for få senger, men om "oppstartsproblem", "arbeidsrutinar" som ikkje er "effektive" nok og "organisering av pasientflyt". Dei som jobbar på sjukehusa – legane og sjukepleiarane – har derimot i årevis åtvara mot fulle sjukehus, dårleg beredskap på sikt og at sjukehusa blir bygd for små.

Me driftar kreftbehandling, mageoperasjonar, akuttberedskap og intensivavdelingar slik at sjukehusa skal gå med overskot. For at sjukehusa skal kunne investere i nybygg, nytt medisinsk utstyr og ny teknologi, må dei økonomisk gå i pluss. Underskot påverkar sjukehusa si investeringsevne direkte. I eit slikt system, der sjukehusa tener pengar på diagnosar og behandlingar, er for lang liggjetid på sjukehusa og tomme senger utgiftspostar.

For å finansiere nye sjukehus, må det kuttast andre stader. Så seint som i desember avslørte Finnmark Dagblad at det går ut over ambulansetenestene i fylket når Finnmarkssykehuset skal oppfylle krav frå Helse Nord om å leggje fram "omstillingstiltak" for å kunne byggje nytt sjukehus i Hammerfest.

Finnmarkssykehuset går med underskot, men skal likevel spara 119 millionar kroner i året for å få byggje Hammerfest-sjukehuset. Mellom anna skal det kuttast 6,5 millionar i prehospitale tenester. Konsekvensen no er mellom anna at ambulansearbeidarar blir tvinga til å gå såkalla heimevakter. "Vi blir rett og slett presset til å drive ambulanseberedskap fra våre hjem. Vi blir tvunget til å ta med tøy og bil", seier ambulansearbeidarane Jon Are Aslaksen og Trygve Edvardsen til Finnmark Dagblad 19. mars.

Pasientar skal ut av sjukehusa så fort som råd. Men det har også ein kostnad. Trass i samhandlingsreforma, som skulle gje "rett behandling på rett stad til rett tid", har ikkje talet på pasientar som blir reinnlagt på sjukehuset gått ned. Pasientar blir sende heim eller til sjukeheimar, som ikkje alltid har nok kapasitet, kompetanse eller nok folk på jobb til å handtere pasientar sjukehusa ikkje vil ha. Det handlar i stor grad om kva budsjett pasientane skal førast på; helseføretaka sine eller kommunane sine.

VG avslørte i 2019 at gamle, sjuke pasientar i stort omfang, midt på svarte natta vart sendt ut av sjukehusa. I 2018 vart det køyrd 1564 turar med eldre over 74 år frå sjukehusa – mellom klokka 22.00 og 07.00. Pasientane var 90 år eller eldre ved minst 461 av turane.

Avisa fortalde om 82 år gamle Lillemor, som var dement. Ho skulle på Sykehuset Østfold for ei planlagt blodoverføring. Etter behandling vart ho liggjande 6,5 timar i korridoren, før ho kom attende til Marker bo- og servicesenter kl. 04.32. Turen tok til saman 18 timar, og personalet brukte to dagar for å få Lillemor "på rett kjøl" att.

Me kan ikkje ha dobbel kapasitet på sjukehusa. Men det er openbert for dei fleste andre enn helsestyresmaktene og leiinga i helseføretaka, at Noreg ikkje er rigga for ein pandemi. Me har verken nok utstyr eller nok plassar. Me sluttar heller ikkje å ha eller få kreft, hjerneslag eller hjarteinfarkt under ein pandemi.

Eit døme på kor dårleg førebudde me er, er at politikarane og legane ikkje er samde om kor mange intensivplassar det er i Noreg. Helsestyresmaktene med helseminister Bent Høie i spissen har insistert på at me har 400–600 fleire intensivplassar enn det sjukehusa faktisk har.

Fagdirektørane for intensivbehandling leverte ifylgje NRK ein rapport i desember som synte at det var 800 intensivplassar i Noreg. Overlege Hans Flaatten ved Haukeland sjukehus i Bergen seier han ikkje skjønar korleis styresmaktene kan operere med ein kapasitet på mellom 1200 og 1400 plassar, sidan det manglar både areal og respiratorar ved sjukehusa.

Om det er den totale sjukehusberedskapen, med korridorpasientar, for små sjukehus og for få intensivplassar som er årsaka til at regjeringa legg ein stopp-strategi, og ikkje brems-strategi til grunn for koronaepidemien, får me kanskje ikkje svar på før etter at epidemien er over. Til VG skriv tidlegare sjef i Verdas Helseorganisasjon, Gro Harlem Brundtland: "Det er dessverre ingen tvil om at det vi opplever er en varslet katastrofe".

Ein konsekvens av epidemien må vera at sjukehuspolitikken blir endra. Me må slutte å tenkje på sjukehus som bedrifter som skal gå med overskot. Me må slutte å byggje for små sjukehus. Og me må sikre ein beredskap der dei mindre lokalsjukehusa blir bygde opp, og ikkje ned.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Tine varslar at det kan bli kutt i mjølkekvotane neste år