Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Må me finne oss i å eta annan mat i framtida?

Me treng ein renessanse for den norske poteten. Vår smak for mango, melon og langreist avokado året rundt er ei grønvasking av kosthaldet.

Importen av avokado har auka kraftig dei siste åra. Foto: Maria Kovalets / Mostphotos
Importen av avokado har auka kraftig dei siste åra. Foto: Maria Kovalets / Mostphotos

Til frukost: Smoothie med avokado, banan og bringebær. Alt er importert. Til lunsj: Reker frå ein stad i eit hav i nord (Barentshavet?) og squash. Den siste er importert, rekene er det litt usikkert med, men dei kan vera norske. Til middag: Biff, mango, raudlauk og paprika. Dei to siste kan vera norskprodusert, og sjansen er svært stor for at biffen er det, men du kan ikkje vera sikker når det gjeld den heller.

Slik kan ein heilt vanleg dagsmeny sjå ut. Ein meny der hovuddelane av ingrediensane er importerte. Krisetid gjer høve til refleksjonar over kva mat me et, og kva mat me kan produsere meir av.

Når kva me legg på tallerkenen blir debattert, er det oftast raudt kjøtt det er snakk om. Men det er kanskje på tide å dra debatten vidare. Er det slik at me kan halde fram med å eta den maten me gjer? Eller har me kome til "point of no return"?

Me et ferske jordbær, blåbær, melonar og eteklar avokado året rundt. Guacamolen og maistortillaen står på tacobordet kvar fredag. Frå 2000 til 2019 har avokadoimporten auka med 890 prosent. Me importerer frå Chile, Peru, Mexico, Colombia og Spania.

Nesten kva butikk du går inn i over heile landet – stor som liten – har bugnande hyller av frukt og grønt frå heile verda. Som Pia Gulbrandsen i Bama poengterer i Nationen; det store utvalet har gjort at me også har kasta oss over grønsakdiskane. I alle fall over andre produkt enn rotgrønsaker og potetar, som me kan produsere mykje av i Noreg. For medan me et langt meir kjøtt og visse grønsaker i dag enn på 1950-talet, er det noko me et langt mindre av: Potetar.

Noreg er eit potetland. Eller me var det. Potetforbruket har stupt dei siste tiåra, sjølv om utvalet av poteter har vorte betre og betre. I 1953 åt kvar og ein av oss 92 kilo potetar. I år 2000 åt me 32,9 potetar og i 2018 åt me skarve 16,9 kilo potetar. Potetene er bytte ut med ris, kjøtt, quinoa og spagetti.

Annonse

Er det mogleg å endre forbruksmønsteret vårt?

Me skal ikkje attende til 1950-talet, verken når det gjeld kosthald eller kjønnsrollemønster. Men det må vera ein samanheng mellom det bøndene produserer og det folk vil ha. Det hjelper ikkje å produsere kålrot og blomkål, om kundane i butikken heller vil ha aubergine og squash.

Samstundes har det skjedd ein revolusjon i norsk grønsakproduksjon. For oss som vaks opp på 1980-talet, var det ein, kanskje to, tomattypar i disken, og salaten var kinakål – sett på spissen. I dag dyrkar norske grøntprodusentar eit hav av ulike typar. Bama – som er eigd av mellom anna Norgesgruppen og Rema 1000, og har Gartnerhallen som samarbeidspartar – har eit mål om å auke norskdelen av frukt- og grøntsalet. Det er prisverdig at daglegvarekjedene no konkurrerer om å oppmode forbrukarane om å eta norsk mat. Det er verdt å merke seg at daglegvarekjedene er dei største osteimportørane me har i Noreg.

I Noreg i dag er det knapt att sesongvare. Me er vande med å kunne kjøpe det meste året rundt. Det er ikkje berekraftig på sikt, verken sosialt, økonomisk, for beredskapen eller klimaet. Bak den store importen skjer det ei grønvasking av grønsakene: Avokadoen "vår" er meir berekraftig, tomatane "våre" frå Italia er ikkje plukka av nordafrikanske slavearbeidarar, soyaen "vår" legg ikkje beslag på regnskogområde, og sertifiseringsordningar skal sørgje for "berekraftig" palmeolje.

Me kan ikkje dyrke alt i Noreg. Men utan å gå i fistel må me diskutere om innkjøpssvanene våre i dag er haldbare i ei verd med pandemiar, klimaendringar og der grønsakproduksjonen i Europa er sett i system med sosial dumping. Me legg oss stadig opp i kosthaldet til kvarandre, snakkar om kjøttfrie dagar, "kjøtt"deig med grønsaker, diettar opp og i mente. Men kanskje treng me ein renessanse for norske rotgrønsaker. Å bytte ut spagettien og risen med den langt sunnare og næringsrike poteten.

Me lever i eit anna samfunn i dag enn for 30 år sidan. Spekesilda er ikkje like ofte å sjå på norske middagsbord – heldigvis, vil mange meine. Nye generasjonar forbrukarar venner seg til å handle langreist frukt og grønt, og kjenner knapt til ordet "sesongvare".

Eg trur ikkje me har kome til eit punkt der det er umogleg å snu. Eg trur heller ikkje me skal attende til 1950-talet. Men skal norske bønder produsere meir potetar, frukt og grønt, må du og eg og fleire til putte dei i handlekorga.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Tre tiltak for bedre jordleieavtaler