Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Må bygda bli meir lik på byen?

Kva er god bygdeutvikling? Å vere mest mogleg ulik byen, eller å bli litt meir som byen?

Vekst: Sogndal, eller Sogndalsfjøra, er ein tettstad i Sogndal kommune. Kommunen kan ifylgje SSB ha folkevekst fram mot 2050, medan industrikommunane Årdal og Høyanger kan få nedgang i folketal. Foto: Michael Ehardsson / Mostphotos
Vekst: Sogndal, eller Sogndalsfjøra, er ein tettstad i Sogndal kommune. Kommunen kan ifylgje SSB ha folkevekst fram mot 2050, medan industrikommunane Årdal og Høyanger kan få nedgang i folketal. Foto: Michael Ehardsson / Mostphotos

På slutten av 1990-talet var den store, svenske bygdefilmen "Fucking Åmål". Bygda Åmål var ein treig stad, der det skjedde lite, og jenter som likar jenter vanskeleg fann seg til rette.

"Varför måste vi bo i fucking, jävla kuk-Åmål?" spør Agnes, som er forelska i Elin, og dermed var ein av svensk filmhistorie si mest legendariske replikkar etablert.

I debatten om bygd og by er det like ofte bygd mot by. Folk som snakkar fram anten byen eller bygda kranglar om definisjonsmakta på det gode liv. Er det eit liv av kaffibarar eller verdien av ein topptur før frukost? Eit drøss av kulturtilbod, vener du kan plukke frå øvste hylle og som er like deg sjølv, og håpet om ein gong å få den feite, godt betalte draumejobben?

Eller er det eit liv der jobbmoglegheitene fyrst og fremst ligg i offentleg sektor, der livet ikkje består av kjøttfrie dagar, og det er fem mil til nærmaste kino?

Slapp av. Det finst kaffi latte på bygda, også, for dei som absolutt insisterer på å drikke mjølk med kaffi. Men eg har ikkje noko tru på at det er kaffi latten som sikrar busetjing på bygda. Ei heller at 300.000 kroner frå kommunen i støtte til tomt får unge vaksne til å strøyme ut av byen, eller at det berre skal planleggjast for byggjefelt i nærleiken av barnehage og skule.

Mange distriktskommunar har mål om folketalsvekts. SSB sine framskrivingar fortel at mange av dei vil ha ein nedgang fram mot 2030. Til NRK seier direktør Marit Mellingen i Distriktssenteret at lokalsamfunna må ta innover seg realitetane, i staden for å setje seg urealistiske mål.

Petter Sortland er ordførar i Høyanger, ein tradisjonell industrikommune som tapar både arbeidsplassar og innbyggjarar. Om svaret hans er representativt for fleire, seier det noko om utfordringane for kommunane: "Det er klart at vi også stiller oss spørsmål om vi ikkje skal ta realitetane innover oss. Kanskje skal vi heller satse på å lage eit svært godt samfunn for dei som vil bu her [ …].

Annonse

Skal nokon ha lyst til å flytte til bygda, må nokon allereie ha lyst til å bu i bygda. Om ikkje innbyggjarane i kommunen tykkjer det er ein ok stad å bu, er det ikkje lett å skapa ein stad som verkar attraktiv for nye innflyttarar. Det finst knapt den utkantkommunen som ikkje brukar "frisk luft og vakker natur" som lokkemiddel. Når det er 200 av kommunane, må kommunane snart leite litt meir i verkøyskuffa si.

For mange kommunar bryr seg for mykje om innbyggjarar dei ikkje har, og dei bryr seg for lite om mange av dei potensielt nye innbyggjarane. Draumeinnbyggjarane alle distriktskommunar vil ha er dei som held oppe: Småbarnsfamilien. Det er kjernefamilien med ungar i barnehagealder som fyrst kan oppretthalde barnehagetilbodet før dei opprettheld grendeskulen.

Men kva med det lesbiske paret utan born, men med fagutdanning bygda treng? Den einslege mannen som er dritgod på klatring, og som kunne starta klatreskule? Besteforeldra som flytter for å koma nærmare barn og barnebarn?

Distriktskommunar som ynskjer tilbakeflyttarar og innflyttarar må tenkje lenger enn sin eigen nase her og no. Når 150 distriktskommunar tenkjer på akkurat det same – frisk luft, fin natur og barnefamiliar – blir konkurransen hard. Dagens sentraliseringspolitikk gjer det vanskelegare for distriktskommunar å arbeide motstraums; mot fråflytting og forgubbing.

Men umogleg er det ikkje. Eg trur ikkje nokre kroner i støtte til tomt eller husbyggjing er det som lokkar unge vaksne ut frå byens lettvinte kvardagsliv, der du anten kan gå eller ta bussen dit du skal – kva tid som helst på døgnet. I eit debattinnlegg i Bergens Tidende gjer Emil André Erstad, tidlegare rådgjevar i Tankesmia Agenda, seg nokre tankar. Han har flytta ut av byen og til ei vestlandsbygd, og meiner bygda må bli litt meir lik byen.

Eit rikt kulturliv, god kaffi, handlegater framføre kjøpesenter, kontorfellesskap og arbeidsplassar også for dei som ikkje er utdanna sjukepleiarar og lærarar er noko av det Erstad trekkjer fram. Han har rett i mykje. Med god internetthastigheit kan mange av dei som har sete på heimekontor dei siste seks månadane like gjerne sitje i ei fjordbygd som i ei leilegheit i Oslo eller Stavanger.

Dei færraste bygder kan bli som byen. Mange bygdesentra har også gjeve seg sjølv bystatus, utan at det har verka positivt inn på folketalet.

Arbeidsplassar, kulturtilbod, breiband, gode, offentlege tenester, at det esr mogleg å gå ut for å eta middag ein gong sånn innimellom – det er heilskapen som tel. Ein god oppvekst for borna som veks opp i kommunen, godt, inkluderande skulemiljø burde stå øvst på lista for kommunepolitikarar som riv av seg håret på leit etter formelen som sikrar innbyggjarvekst.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Saugbrugs i Halden bør få grønn støtte