Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Livet i storbyen gjer oss kanskje late

Spør ikkje kva du kan gjera for bygda, men kva kommunen kan gjera for deg.

Idealfamilien: Norske distriktskommunar vil alle ha tilflyttande familiar med born. Foto: Arne Trautmann / Mostphotos
Idealfamilien: Norske distriktskommunar vil alle ha tilflyttande familiar med born. Foto: Arne Trautmann / Mostphotos

Er det bygda og kommunen sin feil om du ikkje får brukt den spesialiserte utdanninga di der? Eller har me vorte ein gjeng med romantiske nesten-utflyttarar som smykkar oss med hytte i heimbygda, medan me sukkar letta og henført når me endeleg kan inhalere asfaltstøv akkompagnert av storbyens hipsterar, kebabsjappa på hjørnet og kulturtilboda me (sjeldan) brukar.

"Vi utdanner oss vekk fra et liv på bygda", skriv leiar Tora Voll Dombu i Norges Bygdeungdomslag. Og ho har diverre rett. Samfunnet har vorte meir spesialisert, og dermed aukar behovet for spesialkompetanse og talet på yrke me kan utdanne oss til.

Likevel er det som om kravet er der, frå alle dei som seier dei vil flytte ut av byen. Kravet om at "nokon må stille opp med ein jobb". Og at denne "nokon" er distriktskommunen du vil flytte til. Berre sjå kva NRK skreiv i saka om Synne og Magnus frå Ål i Hallingdal, som så gjerne ville flytte heim:

"Det er berre eitt stort problem. Synne har ei fem år lang utdanning som det ikkje går an å bruke heime i Hallingdal. Magnus er veldig skeptisk til om det nokon gong skal dukke opp ei stilling ho ikkje er overkvalifisert for." Og me kan lesa vidare: "Kommunen ser ut til å miste to av sine eigne som faktisk vil flytte heim og bringe nye borgarar til bygda. Det er krise for Bygde-Noreg om par som Synne og Magnus blir buande i byen fordi dei ikkje får jobb."

Levande lokalsamfunn kan ikkje vedtakast, dei må skapast.

Ruslar du rundt i storbyen og tenkjer at du ein dag har lyst til å flytte heim, eller til ei anna bygd – så kan du ikkje utdanne deg til kva som helst. Du kan heller ikkje forvente same jobbmarknad som i ein kommune med nokre hundre tusen innbyggjarar. Du kan ikkje rekne med å få bruk for ei spesialisert utdanning det knapt nok er jobbar for i byen, i ei lita bygd.

Ikkje alle kan utdanne seg til lærarar eller sjukepleiarar, heller, men det er lov å tenkje kreativt. Det er lov å ta ei utdanning ein kan få bruk for fleire stader enn Oslo og Bergen. Det er også lov å senke eigne ambisjonar og tykkje det er greitt å ta ein jobb ein er overkvalifisert til, eller skaffe seg ein annan jobb enn det ein vart utdanna til. Som mange av oss med eit hovudfag ifrå eit diffust fag på humanistisk eller samfunnsvitskapleg fakultet ved Universitetet i Oslo etter kvart har vorte ganske gode på.

Oppsummert

Satsar feil

1 Ifylgje Hildegunn Nordtug ved Distriktssenteret satsar åtte av ti kommunar feil i kampanjar for å få fleire til å flytte til kommunen.

Snevert grunnlag

2 Kommunane vender seg gjerne til dei som har flytta ut av kommunen, og til småbarnsfamiliar, seier Nordtug til NRK.

Mangfald

3 Distriktskommunar må satse breitt om folk skal flytte til bygda. Men fyrst og fremst handlar det om kvar og enkelt av oss.

Livet i storbyen gjer oss bortskjemd. Me kan velje vekk vener og jobbar, me kan velje å gå på kino eller ikkje, me kan ta oss ein tur på teater eller ikkje, og dei fleste av oss gjer dette utan å anstrenge oss særleg mykje. Me kan til og med velje om me vil ha soyamjølk i kaffi latten vår.

Det gjer oss kanskje litt late. Og kravstore. Og sidan alt er lagt til rette for oss i byen, forventar me kanskje at alt skal liggje til rette for oss på bygda. Men slik kan det ikkje vera.

Det er lett å peike ut den skuldige: Kommunen. Det er kommunen som skal stille opp. Det er kommunen som over natta skal etablere kompetansearbeidsplassar ein kanskje verken treng eller har råd til. Det er kommunen som lokkar til seg feil folk, Nokre gongar løyser det seg. Kommunen kan gå saman med andre kommunar og etablere ein kompetansearbeidsplass ingen av dei visste dei trong før det kom ein og synte dei det.

Når spurde du deg sist kva du kan gjera for bygda di?

Bak bygdekinoen, idrettslaget, musikkorpset, den lokale festivalen, spelet, puben, zumbaen og fredagskosen for bygdas innbyggjarar står det eldsjeler. Mange eldsjeler. Nokre er heiltids- eller deltidstilsette, nokre får ein liten slant pengar for eit verv, og mange gjer det frivillig utan annan takk enn den ein visstnok får i himmelen.

Levande lokalsamfunn kan ikkje vedtakast, dei må skapast. Dei må skapast av personane som er medlemar i lokalsamfunnet, ikkje medlemar i kommunestyret.

Staten kan bidra med høghastigheitsbreiband til alle bygder og etablering/utflytting av statlege arbeidsplassar. Kommunen kan bidra med råd og økonomisk støtte til næringsutvikling, støtte til kontorfellesskap som kan vera nøkkelen for gründerskapsmiljø og fortgang i planarbeidet.

Under lanseringa av #Motkultur i Bergen førre veke snakka Syn og Segn-redaktør Knut Aastad Bråten om heiltidsbebuarar og deltidsbebuarar. Distriktskommunane vil ha heiltidsbebuarar, men – om ein legg køen ut av byen ein torsdag ettermiddag til grunn – blir det fleire og fleire av sistnemnde kategori. Det krev fleksible arbeidsgjevarar, som det er for fåe av.

Men eit arbeidsmiljø for deltidsbebuarane kan også styrke arbeidsmarknaden for heiltidsbebuarane.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Sp i revers