Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lett kropp, vektig verd

Torstein Lerhol – Noregs lettaste politikar, "pinnedyrutgåva av Ringeren i Notre Dame". Han har gitt seg sjølv mange namn. Kor stor kan ein mann bli i ein liten kropp?

Ordførarkandidat: Torstein Lerhol stiller som ordførarkandidat i Vang i Valdres. Foto: Siri Juell Rasmussen

Ganske stor, syner det seg.

Lerhol, som har muskelsvinnsjukdomen SMA, er lektor med master i historie. Han leier ei avdeling med fleire hundre tilsette, er på jakt, fjellturar og USA-turar, og er ordførarkandidat for Vang Sp.

Eg skuldar lesarane å gjera merksam på at Torstein Lerhol og eg er frå same grend i Vang i Valdres, det er berre ein gard mellom oss i hans heimgard og min heimgard. Men det skal ikkje stå attende for tydinga Lerhol har, for korleis enkeltmenneske og storsamfunnet kan oppsedast til å tole og tolerere ulikskap.

For kva er likestilling? Kva er likeverd? Og er likestilling og likeverd det same? Me snakkar gjerne om at eit menneske er like mykje verd, uansett kva ein har vorte utstyrt med frå naturen si side. Men om eit menneske er like verdig som eit anna, er ikkje det det same som at mennesket er likestilt det andre. Likestilling handlar om å vera inkludert i klasserommet, på arbeidsplassen eller fritidsaktivitetar, om å få dei same moglegheitene til skule, utdanning og arbeidsliv – ut frå eigne føresetnader, ikkje ut frå kva andre meiner er dine føresetnader.

Lerhol gjer skam på dei som hevdar å ha funne den teoretiske fasiten på menneskeverd.

Kva som er eit fullverdig liv, ein debatt som mellom andre Aksel Braanen Sterri har prøvd seg på, blir fort ein veldig teoretisk debatt. Problemet med slike debattar er at dei ikkje ser mennesket bakom funksjonshemminga, syndromet eller sjukdomen. Menneskeverd må fyrst og fremst vera ei individuell kjensle, ut frå dei behova og eigenskapane kvar og enkelt av oss har.

Lerhol gjer skam på dei som hevdar å ha funne den teoretiske fasiten på menneskeverd. Det er mogleg å ha ein alvorleg muskelsjukdom, vera avhendig av rullestol og leva eit aktivt liv. Kva som må til for at kvar og enkelt kan leva med syndrom, sjukdomar og skavankar er høgst individuelt. Difor blir debatten om abort etter 12. veke snever. Me burde også ha snakka om korleis me skal slutte med sorteringa når barnet er fødd, når barnet er i barnehage, på skule, i studietida eller i yrkeslivet.

Annonse

Eller som mor til Lerhol – Sigrun Bakken Lerhol – seier i Torstein si bok "Hemningsløs", som nyleg kom ut: "I stedet for å begrense kvinnens rett til å velge, bør politikerne legge vekt på hvordan familiene kan hjelpes til å få et godt liv hvis de velger å bære fram et barn med spesielle behov".

Også mangeårig kommentator og spaltist her i Nationen, Kari Gåsvatn, skreiv på byrjinga av året her i avisa om "[d]e som altfor ofte resten av livet sorteres ut som salderingspost av likegyldige politikere og arrogante forvaltninger."

Kvifor er det viktig at Torstein Lerhol gjer det han gjer? Kanskje er det aller viktigast for storsamfunnet at han syner det er mogleg å ha eit godt og aktivt liv, sjølv om utgangspunktet var at han, som i dag er 33 år, ikkje skulle bli meir enn 2 år. Lerhols livsglede og framgang i livet tvingar oss til å sjå mennesket.

"Klarar du eitt born, så klarar du to"-argumentasjonen i abortdebatten held ikkje når ungen ikkje er frisk. Det er ikkje statsrådane som må bruke krefter som skulle vore brukt på omsorg for barna, til å setje seg inn i lovverk og kva ein har krav på, fordi tilsette i offentleg forvaltning anten ikkje kan eller vil opplyse og hjelpe foreldra på veg.

Oppsummert

MSA

1 Torstein Lerhol frå Vang er 33 år og har levd heile livet med muskelsjukdomen SMA.

Lever livet

2 Det har ikkje hindra han frå å ta utdanning, vera i yrkeslivet og no stille som ordførarkandidat for Sp i Vang i Valdres.

Lærdom

3 Me kan lære mykje av Lerhol. Fyrst og fremst kva det tyder å vera eit menneske.

Torstein Lerhol seier han er privilegert. Han har hatt ein storfamilie og gode vener som har løfta han fram og opp. Og han har hatt ein kommune som har stilt opp. Ein liten kommune med rundt 1600 innbyggjarar, og som på papiret på pultane til Jan Tore Sanner og Monica Mæland skårar lågt robustheit. Men det er likevel ein kommune der det er kort veg frå enkeltmenneska og familiane til forvaltninga og lokale politikarar, og som ifylgje boka om Torstein har gjort alt for å leggje til rette gjennom heile oppveksten.

Det er også eit døme på robust, sjølv om denne definisjonen ikkje finst i regjeringa si ordliste.

Stadige historier om at ulike funksjonsnedsetjingar får fram mobbaren i oss syner at me må trenast til å sjå forbi at folk er annleis eller ser annleis ut. Men det er ikkje lett når språket vårt nyttar ord som "avvik" og "hemma". Avvik tyder jo at noko vik frå ein normal, eit utgangspunkt for korleis det eigentleg skal vera.

I ei framtid som er så nær at det nesten er vanskeleg å tenkje på det, kan bioteknologien knapt setje grenser for kva me kan få til. Når teknologien og vitskapen ikkje seier stopp, blir det eit moralsk og etisk spørsmål kvar grensa skal gå. Då bør teknologien fyrst og fremst hjelpe oss til gode liv.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kommunevalet er eit skjebneval for kystkommunane