Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

La oss snakke om matmakta

Bak bileta frå fryselageret til Nortura skjuler det seg maktstrukturar som må fram i lyset.

Tusenvis av sauer ligg på Nortura sitt fryselager. Foto: NRK

NRK har gjort det på nytt. Laga eit godt program om kvar det blir av all maten me ikkje vil ha. Alle potetene som er for stygge, alle sauene som er for feite, all tomaten som risikerer å rotne på lager fordi importtomatar finn vegen til norske forbrukarar i staden.

Programmet har det meste, men manglar det viktigaste; kvifor ting har vorte slik det er.

Reaksjonane på programmet "Matsjokket", der Game of Thrones-skodespelar Kristofer Hivju og kona Gry Molvær Hivju mellom anna besøker fryselageret for sau og lam, har vore mange og sterke. Sjåarar er sjokkerte, med rette. Dei lurer på kvifor dei ikkje får kjøpt sauekjøtt i butikken, når det ligg tonnevis på lager. Daglegvarekjeda får kommentere, seia at dei gjer det dei kan, at dei sikkert kan bli litt betre, og så får dei skulde på forbrukarane.

Dei tre daglegvarekjedene talar med to tunger. På den eine sida strålar dei av positivitet og glede, fortel om hønsepølser og hanepane, om at jau då, det finst sauekjøtt i butikk. På den andre sida styrer dei store delar av distribusjonen av maten, og etter kvart også matindustrien.

Gå inn i ein heilt vanleg matbutikk. Ein heilt vanleg Kiwi-, Rema eller Extra-butikk. Ein lågprisbutikk det har vorte fleire av, og som me handlar meir i. Kva møter deg der? Volum, volum og atter volum. Med volum skal Mat-Noreg byggjast. Norsk daglegvare, matindustri og matproduksjon er – med nokre mindre, men heiderlege unntak – volumstyrt: Å kunne produsere så mykje som mogleg, til ein billegast mogleg penge. Utviklinga er i høgste grad politisk styrt. I den volumstyrte produksjonen er det ikkje plass til sau, høne og kjekjøtt.

Dei siste 20–30 åra har daglegvarekjedene fått lov til å sanke meir og meir makt over maten vår. Dei eig distribusjonsselskap, matindustri, er mellom dei største osteimportørane, byggjer opp eigne merkevare på kostnad av leverandørane sine kjende merkevarer.

Dei eig kioskkjeder og distribuerer varer til storhushald, restaurantar, kioskar og bensinstasjonar. Dei eig frukt- og grøntselskapet Bama, som importerer tomatar frå utlandet medan det ligg norske tomatar frå Arne Torgersen på lager. Norske grønsakbønder driv kontraktsproduksjon med ein avtalepartnar som når som helst kan kansellere ei bestilling. Dét er matmakt i praksis.

Matmakt er det også når daglegvarekjedene anten eig matindustri, som Rema 1000 eig kyllingfabrikken Norsk Kylling, eller dei har eineleverandørar av egg, kylling eller raudt kjøtt. Innanfor fagspråket blir det kalla stolpedanning – når kjedene kontrollerer kontrollerer verdikjeda for mat nedover i verdikjeda, og i praksis attende til bonden.

Annonse

Norgesgruppen, som for tida køyrer reklamekampanjen "Kjære bønder, takk for maten" importerer store mengder lammekjøtt frå andre sida av verda. For ein oljeindustri som pumpar pengar inn i norsk økonomi er norsk lam "for dyrt".

Lurer du eigentleg på kvifor det ikkje finst sau i butikkane lenger? Lurer du eigentleg på kvifor fleire bønder og forbrukarar brukar Reko-ringar for å handle selje og kjøpe mat direkte frå bonden?

Mangelen på sau- og lammekjøtt i butikk har vorte eit tradisjonelt hausttema. Særleg har det vorte aktualisert av overproduksjonen av sau- og lammekjøtt, som har to hovudårsaker. La oss med ein gong slå fast at styrkinga av økonomien i sauenæringa var på overtid. Løftet bøndene fekk er ikkje årsaka til overproduksjonen, men den rådande landbrukspolitikken som legg opp til at stort er bra, smått er dårleg.

Hovudårsak nummer ein er regjeringa, som ikkje bremsar dei som byggjer ut stordrift (les: investeringar i nye, store sauefjøs), fordi ein satsar på at dei små etter kvar skal gje seg. Hovudårsak nummer to er at norsk daglegvareutval ikkje er lagt opp til mangfald, men einfald.

Som Høgre-mann og tidlegare byrådsleiar i Oslo, Erling Lae, skreiv på Facebook:

"Oppglødd av TV-programmet om sauekjøtt nettopp, gikk jeg ned til Coop for å kjøpe en fårestek til helgen, men de hadde bare lam. Så tenkte jeg at jeg kunne lage fårikål siden jeg er alene hjemme og dette er både godt og lettvint og kan kokes opp flere dager. Men nei. Ekspeditøren smilte overbærende at fårikålsesongen var slutt. Jeg spurte når den startet og fikk vite at det var i september. Hva er galt med fårikål i slutten av oktober?"

Ja, kva er eigentleg gale med fårikål i slutten av oktober? Kven hjå daglegvarekjedene har bestemt at det er gale? Når – heilt eksakt – meiner Norgesgruppen, Rema og Coop at fårikålsesongen sluttar? Kan kvar og dykk, med handa på hjarta, seia at det i lågprisbutikkane dykkar (dei stort sett veldig keisame butikkane me handlar meir og meir i) ikkje er plass til kjøtt frå sau og lam? Og kven av dykk er det som har sett ut det dårlege ryktet om at sau ikkje er bra mat?

Norske forbrukarar har i årevis vorte stimulert til at billig er bra. Å slenge ei pakke hønepølser eller ei bøtte fårefrikassé i hyllene i ny og litt i ne, fungerer ikkje for folk som handlar på autopilot.

Noko er råttent i matbutikkane, og det er ikkje den norske poteten, tomaten eller sauen.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Det smarte kjøtt-forslaget