Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

La folket plukke jordbær i butikken

Ikkje ta med matsvinnet heim.

Raude og fine: Nordmenn er svært stolte av den norske bæra. Men daglegvarekjedene vil ha seg fråbede at me fyller opp korgene før me går til betalingsdisken. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Agurksesongen er over oss. Ingen saker er for små til å få nokre minutt i eteren. I år er jordbæra den nye agurken. Daglegvarebutikkar har sett seg leie på at kundane prøvesmaker dei saftige, raude. Eller fyller opp korga sjølv.

Tilsynelatande er ikkje jordbærsaka den aller største. Men engasjementet kring saka, frå butikkundar og på sosiale medium, handlar ikkje berre om at fråvêret av krig og svelt i vårt vakre, langstrakte land gjer at me kan bruke krefter på å diskutere tullesaker. Det handlar eigentleg om ei kjensle av å bli lurt for ei sommarkjensle. For pengar, kvalitet og mat. Sjølv hissar eg meg meir opp over daglegvarebutikkane enn kundane eller at det er ei nyheitssak i seg sjølv. Eg skal prøve å forklare kvifor:

Daglegvarekjedene lurer deg. Jepp. Sterke ord. Dei lurer deg særleg i frukt- og grøntdisken. Dei kan selje deg til dømes ei pakke plastinnpakka, vaska potetar, der mange av potetane er grøne og giftige. Til full pris, sjølvsagt. Ein ekstra spiss på maten, kanskje? Eller dei kan selje deg ein agurk, der ein femdel av den er komen så langt ut i rotningsprosessen at du ikkje kan bruke den til noko, og du oppdagar det ikkje før du kjem heim fordi du berre klemde i den eine enden av agurken. Dei vil også gjerne selje deg ei korg med jordbær, der dei nedste bæra kan vera dekt av eit tynt lag mugg, men om du oppdagar det, kan du altså ikkje bytte ut mugna bær med frisk.

Det er mogleg matbutikkane tenkjer at det er betre om kundane ber med seg matsvinnet heim.

Det er sjølvsagt mogleg å kalle dette noko anna enn lureri. I så fall er det dårleg arbeid i butikkane. Det er strengt tala ikkje noko betre, det heller.

Er det kundane sin feil? Eller er det sånn at butikkane sjansar på at kundane ikkje sjekkar kvaliteten før dei kjøper, og dermed kan tene pengar på å selja mugne bær og rotne agurkar? Blir det feil å sjekke kvaliteten på jordbæra? Me kan jo ikkje opne brettet med laksefilet, cornflakespakka eller glaset med tomatsild?

Det er mogleg matbutikkane tenkjer at det er betre om kundane ber med seg matsvinnet heim. Då har butikkane tent pengar på mat som burde vore kasta (i matsøpla) og butikkane kan skrive mindre matsvinn på lista si. Men det finst mat som skal kastast.

Annonse

Jordbær er nordmenns stoltheit. Alle produsentane som står på for å dyrke fram gode jordbær, som prøver å vakte jordbæra i gode og vonde vêrtider, mot sopp og sjukdomar, har klart å byggje opp ein særleg status for den norske jordbæra. Me betaler – om ikkje gladeleg – 70 kroner korga når dei fyrste bæra er til sals. Nokre et ikkje anna enn norske jordbær, fordi me har lært oss til at importbæra smakar pyton. Jordbær er kanskje den norskproduserte vara som har sterkast lojalitet frå forbrukarane.

Oppsummert

Jordbærsesong

1 I fjor vart det seld 4707 tonn norske jordbær. Norske bær er rundt 30 prosent av det totale jordbærkonsumet.

Ti korger bær

2 Me åt i gjennomsnitt tre kilo jordbær kvar i fjor, i tillegg kjem direkte sal frå jordbærgardane, anslagsvis et me ti korger med bær, ifylgje Opplysningskontoret for frukt og bær.

Nedgang

3 Ifylgje tal frå SSB vart det i 2018 produsert jordbær på 14.170 dekar, som er ein nedgang på litt over 2000 dekar frå 2015.

Når me då handlar bær, forventar me ein viss kvalitet. Per i dag er det for stor kvalitetsskilnad mellom daglegvarebutikkane og utsala der du kan kjøpe direkte frå bonden.

I frukt- og grøntdisken er det nesten slutt på at du kan forsyne deg med det du treng. Du må kjøpe ein kilo plastinnpakka gulrøter eller fire gule lauk i ei strømpe (gjerne frå New Zealand). Plasten skal gjera frukta eller grønsaka meir haldbar, men det er vanskelegare for oss som kjøper varene å vita at me får den kvaliteten me betaler for. Og plasten blir også ekstra søppel me både må betale for og bera med oss heim.

Det er matbutikkane som skal sørgje for kvaliteten på det dei sel oss. Det er jobben deira. Blir jordbæra forringa av å liggje i butikk, er det butikken som må ta svinnet, ikkje oss. Me er også prisgitt det kjeder og leverandørar vil selje oss, uavhengig av kor mange me er i husstanden. Til dømes må du kjøpe 500 gram eller 1000 gram jordbær, ikkje 300 gram, 700 gram eller 1200 gram jordbær, om det er det du treng. I-landsproblem, seier du? At me har nok pengar til å betale for maten? Jau då, men til sjauande og sist handlar det om pengar tent i daglegvarebransjen.

Me kastar så mykje mat i Noreg at Stortinget har vurdert ein eigen lov mot det. Mellom dei som kastar mest, er forbrukarane. Og me kastar aller mest frukt og grønt. I statistikken over matkasting er ikkje kasting frå jordbruk, oppdrettsnæring, eller cafear og restaurantar med, som Framtiden i våre hender har påpeikt. Men det fritek oss ikkje frå ansvaret å kaste så lite mat som mogleg.

Norske daglegvarebutikkar har ærleg tala større problem enn kundar som plukkar bær ut og inn av korga før dei går til betalingsdisken. Kundar som aldri seier frå, er eit større problem for daglegvarebransjen.

Maten me kjøper blir til i eit system som blir meir og meir lukka. Det syner seg også i handledisken. La oss riva opp plastikken, ta på og granska maten. Det fortener både den og me.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Inkludér bøndene i beredskapsplanane