Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvifor skal bøndene finne seg i å tene så lite?

Bøndene blir færre og færre, og dei tener mindre og mindre. Kor lenge skal jordbruket finne seg i det?

Sit på pengesekken: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) og statsminister Erna Solberg (H.). Foto: Siri Juell Rasmussen..
Sit på pengesekken: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) og statsminister Erna Solberg (H.). Foto: Siri Juell Rasmussen..

Leiar Lars Petter Bartnes i Noregs Bondelag avlyser årets inntektsmål, ifylgje Trønder-Avisa. Om årsaka er manglande referansepunkt eller at det ligg an til at staten ikkje vil leggje nok pengar på bordet, får me svar på i morgon.

Det kan også vera at Bartnes prøver å førebu medlemene sine på at årets forhandlingar ikkje vil stå til dei høge forventningane.

Årets jordbruksoppgjer blir avgjort i ekspressfart. Ser me på bondeøkonomien, hastar det også med endring. Det veit Bartnes godt. Og det veit NBS' Kjersti Hoff godt. Men på jordbrukets vegner må me håpe at det ikkje blir sett på som eit problem om 2020 skulle koma positivt ut for bonden si inntektsutvikling - nett det året der mange fekk augo opp for kva bonden tyder for norsk beredskap. Det handlar ikkje om mangel på solidaritet med dei mange permitterte over heile landet.

Forsyningslinja for norsk mat held dumpingprisar. Hissar du deg opp over låge timeprisar for landbruksarbeidarane, bør du definitivt rive deg i håret og gå i demonstrasjonstog når me har lov til å samlast att.

Inntektsutviklinga for bøndene er ikkje lystig lesing. Frå 2018 til 2019 gjekk gjennomsnitts årsløn (vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk) ned med 6,3 prosent til 353.400 kroner. Jau då, det er høgare utgifter for mange etter tørkesommaren 2018, og overskot av svin, lam og egg, som kostar jordbruket mykje. Men når kalkylane syner at bønder som driv med slaktegris i praksis betalar 6 kroner per time for å gå i fjøset, fungerer ikkje systemet lenger.

Bønder kan ikkje jobbe på dugnad. Heller ikkje når 400.000 er permitterte frå arbeidet sitt på grunn av koronakrisa. Eg trur, som Bartnes, at 2020 ikkje er året for dei store inntektsløfta. Men problemet er at kvart år til slutt ser ut som at det ikkje er året for Det Store Inntektsløftet.

Det nyttar ikkje å leggje prognosar for gode år, når resultatet kvart år er dårleg. Bartnes peiker på ubalanse i marknaden (overskot av fleire råvarer), med høgare omsetningsavgift for bøndene som konsekvens, og mindre volum, som årsaker til at inntektsmåla ikkje blir nådd, trass gode oppgjer. I tillegg til årets overproduksjon, ligg det heller ikkje an til at det er mogleg å ta ut store prisaukar frå 1. juli. Det blir nok for sensitivt for politikarane å auke prisane monaleg på ei så viktig gruppe som mat.

Annonse

På den andre sida ser me at daglegvarekjedene jammen har råd til å kutte prisane på dei 200 mest selde varene. Å kutte prisen på mellom anna mjølk, rømme og kjøtt, vil "koste" Kiwi 200 millionar, som gir eit priskutt på 20 prosent. Coop Extra går endå høgare – der i garden skal prisane kuttast med 22 prosent. Tilsynelatande verkar det solidarisk. Men det er med på å forstyrre det reelle kostnadsbilete for mat.

Dessutan, bur du i ei bygd med Joker og Coop Prix kan du sjå langt etter priskuttet. Og for ordens skuld: Ver sikker på at daglegvarekjedene finn ande måtar å tene inn att dei 200 millionane på.

Dei låge prisane på jordbruksråvarer i EU påverkar også prissetjinga i Noreg. Industrien er bekymra for at skilnaden mellom norsk råvarepris og EU-pris blir for stor. Importkvotane er for høge til at norsk landbruk ikkje kan bry seg om prisutviklinga i EU.

Innanfor WTO-regelverket er det grense for kor mykje prisstøtte norsk landbruk kan få. WTO-reglane vart til då fri konkurranse, global frihandel og nasjonale tollvern for å verne eigen matproduksjon skulle byggjast ned.

Dei siste vekene har det vore skrive, sagt og jobba mykje for at landbruksarbeidarane ikkje skal bli for hemma av dei ulike koronatiltaka verda over. Den dårlege løna til jordbruksarbeidarane har overraska nokre. Men hadde bøndene sjølve hatt høgare inntekt, ville det vore lettare å auke løna også for jordbruksarbeidarane. Det er ein samanheng. Slik som det er ein samanheng med resten av Europa.

Norske bønder har til liks med kollegaene sine i EU ei stadig press om å produsere meir for mindre, uavhengig av innsatsfaktorane og at også bønder er forbrukarar og foreldre som treng pengar til mat, klede, hus og straum. Stadig lågare råvareprisar, stadig større bruk, stadig større fabrikkar, og det finst stadig ein jordbruksarbeidar som er villig til å jobbe for ein mindre pengesum enn han som var før, fordi han må.

Frihandel og fri konkurranse har ført til ein stadig nedadgåande trend. Det er på tide å bryte trenden.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vi trenger et norsk proteinskifte!