Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kven skal leige naturen?

Skal me betale for å bruke og sjå norsk natur? Verkeleg?

Nordkapp: Her, lengst mot nord i Fastlands-Noreg står ein av dei store, prinsipielle diskusjonane om allemannsretten. Foto: Andrey Armyagov / Mostphotos

Nordkapp. Noko av det norskaste av det norske. Lengst nord i Fastlands-Noreg (nesten). Eit mektig syn nordover mot Barentshavet, og ser ein nedover klippene kan ein kjenne dragsuget frå bølgjene.

Ein stad allemannsretten ikkje gjeld lenger. For planlegg du å besøke Nordkapp-platået må du anten gå, svømme eller sykle for å sleppe inn gratis. I "klimabevisstheitas ande" er det nemleg gratis å koma om du ikkje brukar motor. Klimalatteren lyder nok høgt i anleggsdrivar Scandic sine hovudkontor sørpå.

For alle andre kostar det. Og det kostar mykje. 285 kroner er full pris per vaksen. Tek du ein billett til redusert pris, kan du sleppe unna med 180 kroner. For full pris får du rett nok få andre opplevingar enn den spektakulære naturen, som turistbutikkar, panoramafilm og historiske utstillingar.

Men, seriøst: 180 kroner for å parkere bilen, og ta ein sjølvis medan du trekkjer inn havlukta?

Nordkapp-platået har vore privatisert i 91 år. På 1970-talet kom bommen på E39 som gjorde at folk som vil besøke punktet ute ved klippeveggane må betale for det. Lufta var ikkje lenger for alle.

Ikkje éi krone av inntektene går til kommunen. Det er Finnmarkseiendommen (FeFo) som eig grunnen, kommunen har berre ansvaret for regulering av området. FeFo leiger ut Nordkapp-platået til Rica Eiendom Holdning for den nette summen av 66.507 kroner i året i festeavgift. Kontrakten gir selskapet einerett til området. Scandic driftar så anlegget for Rica Eiendom, og selskapa kan håve inn titals millionar berre i inntekter frå parkeringa. Medan kommunen altså ikkje får noko.

Det er langt på overtid å ta attende allemannsretten for ein av dei viktigaste turistattraksjonane i Noreg. Om du tenkjer det er logisk å ta inngangspengar for å gå ut på kanten på platået, kan du samanlikne det med om du klyv opp stigen til Preikestolen for så å oppdage at du må betale 180 kroner når du nesten er på toppen. Eller at det skulle vera bomveg ned til Geiranger, og at om du tek med familien på tur, må du rekne med å betale 600–700 kroner for å køyre ned til kaia i Geiranger.

Annonse

Nordkapp kommune skal 20. juni vedta ny framtidig forvaltning av platået. Striden om privatiseringa av Nordkapp-platået har pågått lenge, og auka i styrke ettersom billettprisane har auka. Avtalen mellom FeFo og Rica Eiendom gjekk ut i fjor, og aktørane sit og ventar på kva kommunen avgjer.

Til historia høyrer det også at kommunen i utgangspunktet ville kjøpe platået frå FeFo, men FeFo sa nei, fyrst og fremst for å trygge eigne inntekter.

Kommunepolitikarane i Nordkapp har altså ei historisk moglegheit til å ta attende allemannsretten for ei av dei viktigaste severdigheitene i Noreg. Kommunestyret kan nemleg omregulere heile eller delar av området frå privat til offentleg føremål. Lenge har lokale stemmer teke til orde for å gjera Nordkapp-platået ope og offentleg. Men, som Klassekampen nyleg avslørte, etter fleire møte med dei private, kommersielle aktørane Rica og Scandic, snudde den politiske leiinga i Nordkapp kommune. Scandic skal attpåtil ha truga med å ta kommunen for retten.

Oppsummert

Striden om Nordkapp

1 Nordkapp-platået, ein av dei viktigaste turistattraksjonane i Noreg, har ein kvart million besøkande kvart år.

Einerett, ikkje allemannsrett

2 Rica Eiendom betaler kvart år rundt 67.ooo kroner i festeavgift for eit område som gir titals millionar i inntekter.

Kan avgjera

3 20. juni skal kommunestyret i Nordkapp kommune avgjera om området skal regulerast om frå privat til offentleg føremål.

Naturen vår er eit gode. Den gir oss mat, energi, vatn, materialer og mineral, men også rekreasjon, glede og inntekter frå reiseliv og turisme. Fleire turistar gir auka belastning på naturen. Kvar skal folk parkere? Kven har ansvaret for å leggje til rette for parkeringsplassar? Halde veldige turstigar? Redde ned att turistar som har byrja på toppturen i småsko og singlet, utan tanke for at det lumske sommarvêret i Noreg kan føre med seg tåke, regn og kraftig vind?

Nordkapp er sjølvsagt ikkje den einaste staden der ein aktør tek seg betalt for at nokon kjem for å sjå på naturen. The Giant's Causeway i Nord-Irland og Cliffs of Moher i Irland gjer det same. Tilreisande kjøper billett som gir både rom på parkeringsplassen, inngang til opplevingssentera og til turstiane rundt. Det er gode og tilrettelagde anlegg som det har kosta svært mykje å opparbeide. På Nordkapp-platået er det ikkje slik. Der er det fyrst og fremst finansiering av tilboda som panoramafilm, Cave of Lights og suvenirbutikkane pengane går til.

Det er langt på overtid å ta attende allemannsretten for ein av dei viktigaste turistattraksjonane i Noreg.

Skal me ha tipptopp standard på fasilitetane me besøker, må me også finne oss i å betale for dei. Kjem du med bil eller buss er det heilt greitt at du betaler nokre kroner for å plassere bilen ein stad medan du er ute og nyt naturen. Men det er usosialt når minsteprisen for éin vaksen person på Nordkapp-platået er 180 kroner.

Opplevingssenteret på Nordkapp-platået står der. Det må gjerne koste pengar å koma seg inn. Men å trekkje inn frisk, norsk sjøluft frå toppen av Noreg må bli gratis.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ikke glem eldregenerasjonen ved valget