Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kven forureinar mest? Bygd eller by?

At det blir forureina på bygda, tyder ikkje at det er folk på bygda som forureinar.

Oslo: Oslo har langt lågare klimagassutslepp per innbyggjar enn mange distriktskommnunar. På den andre sida bind Oslo også svært mykje mindre klimagassutslepp per innbyggjar enn distriktskommunane. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Oslo: Oslo har langt lågare klimagassutslepp per innbyggjar enn mange distriktskommnunar. På den andre sida bind Oslo også svært mykje mindre klimagassutslepp per innbyggjar enn distriktskommunane. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Faktisk.no har teke for seg eit meme frå Ringebu-Fåvang Senterparti. Memet spør retorisk, over eit bilete som syner eit grått og svært forureina bybilete, om det er sånn at folk som bur der forureinar meir enn folk som bur ein stad med grøne åkrar og kyr som beitar i eit småskala fjellandbruks-landskap.

Skjermdump av meme delt på Senterpartiet Ringebu-Fåvang si Facebook-side.
Skjermdump av meme delt på Senterpartiet Ringebu-Fåvang si Facebook-side.

"Forurenser folk som bor i byen faktisk mer enn de som bor på landet? Nei", seier faktasjekkaren frå Faktisk.no, og syner til tal frå Miljødirektoratet som syner klimagassutslepp per innbyggjar.

Ifylgje videoen frå Faktisk.no slapp dei mest sentrale kommunane ut 2,5 tonn CO2 per innbyggjar i 2017. I dei minst sentrale kommunane var det 18,1 tonn per innbyggjar. Oslo; 1,5 tonn per innbyggjar. Bergen, 3,02, tonn. I Ringebu var utsleppa 11,35 tonn per innbyggjar. "Så selv om det er gøy på landet, er det lavere utslipp i byen," konkluderer Faktisk.no med.

Nett den siste påstanden blir ikkje dokumentert i faktasjekken, og kunne stemt om dei hadde sagt "per person". Statistikken frå Miljødirektoratet syner derimot at byane er på topp når det gjeld utslepp. Oslo slapp t.d. ut 1.062.543,3 tonn CO2 i 2017, medan Ringebu slapp ut 51.101,9 tonn CO2.

Korleis er det mogleg at ein person i ein liten distriktskommune kan forureine så utruleg mykje? At det kan vera noko høgare utslepp per person på bygda, er ikkje så usannsynleg. I mange distriktskommunar bur dei fleste slik til at ein t.d. må køyre bil til butikken, jobben eller kinoen, medan ein i ein større by kan ta kollektivtransport, gå eller sykle. Greitt. Men, likevel?

Ser ein på tala frå Ringebu, utgjer transport og industri store utsleppssektorar. At Tine har eit meieri i Ringebu, er altså med på å dra opp CO2-utsleppet per innbyggjar. Di større meieri, di meir industri og di færre innbyggjarar, gir større utslepp per innbyggjar. No er det eit Tine-meieri i Oslo, også, men i Oslo er det 693.491 innbyggjarar å fordele klimagassutsleppa på, medan det i Ringebu er 4392 (2019-tal).

Gitt at mykje av industrien og næringslivet ligg utanfor dei største byane, vil dermed byane koma betre ut per innbyggjar, sjølv om varene tilfeldigvis skulle bli produsert for konsum i byen.

Annonse

Det er nett denne tankegangen som også gjer at det i klimastatistikken kan sjå aller best ut å ikkje ha produksjon av tekstilar, leiketøy, mobiltelefonar, vaskemaskinar eller mat i eit land. Di mindre produksjon, di mindre klimagassutslepp innanfor grensene, om det er landegrensene eller kommunegrensene. For Noreg sin del blir det på denne måten positivt at produksjonen av mykje av varene og maten me treng og forbrukar skjer i andre land, som til dømes dei aller fleste kleda me kjøper oss. Men det er ikkje det same som at det er betre for klimaet globalt at produksjonen skjer i andre land.

For moro skuld tok eg ein sjekk for min heimkommune, Vang i Valdres. Vang er ein klimaversting, om ein skal tru statistikken. I 2017 er det utrekna at det vart sleppt ut 25.906,5 tonn CO2 innanfor Vang kommune sine grenser. Det gir 16,2 tonn CO2 per person, i ein kommune med nesten ikkje trafikk, frisk fjelluft, rein snø og grøne skogar.

Det er to store utsleppskjelder i Vang; tungtransport og jordbruk, som det er i mange av distriktskommunane med store beiteområde for kyr, sauer og geiter og ei viktig gjennomfartsåre (for Vang sin del er det E16 mellom Oslo og Bergen).

Og det er her kjernen i utrekningane ligg. Ifylgje Miljødirektoratet er det dei totale utsleppa innanfor kommunen sine grenser ein reknar inn i totaltalet for ein kommune. Det tyder at om det ligg ei hovudfartsåre gjennom ein kommune, som til dømes ein Europaveg, vil all trafikk på vegen i kommunen telje som utslepp i kommunen. Og di meir gjennomfartstrafikk, di færre innbyggjarar, di høgare utslepp per innbyggjar.

I Vang står til dømes tungtrafikken for over halvparten av utsleppa; 13.433 tonn CO2. Sjølv om det ikkje finst gode nok tal på gjennomfartstrafikken, er det ikkje usannsynleg at mykje av tungtransporten skuldast trafikk som køyrer E16 på tur frå aust til vest eller omvendt.

Det viktigaste Vang kommune då kan gjera, om ein ser seg blind på utsleppsstatistikken, er å stenge E16 – slik at trafikken til dømes går via Hallingdal – og å forby produksjon av mjølk og kjøt frå drøvtyggjarar. Rett nok vil utsleppa i nabodalen auke, men det ser pent ut på statistikken til Vang. Det same vil også gjelde for Ringebu, som også har ein hovudutfartsveg gjennom kommunen; E6,

Men – og det er eit svært stort men her, som ofte ikkje kjem fram i klimagasstatistikkar, heller ikkje i Faktisk.no sin video. I eit budsjett kan du ikkje berre operere med utgifter, det finst også ei inntektsside. Det gjer det også for klimagassar. I "Utslipp og opptak fra skog og arealbruk: For kommuner" frå Miljødirektoratet kan du søkje på netto klimagassutslepp frå ein kommune. (Tala er frå ein betaversjon og direktoratet opplyser om at feil kan førekoma.)

Og her endrar biletet seg. Innbyggjarar i kommunar som framstår som klimaverstingar i den eine statistikken, bidreg positivt i den andre statistikken. Netto opptak CO2 i Vang er til dømes rekna til å vera 33.057 CO2-ekvivalentar, eller heile 20,4 CO2-ekvivalentar per innbyggjar - altså er netto opptak høgare enn utslepp per innbyggjar. Ringebu kommunen bidrog til å binde 89.884 CO2-ekvivalentar i 2015, eller 20,2 ekvivalentar per innbyggjar.

Og Oslo? Hovudstaden bind netto litt meir CO2 enn Ringebu; totalt 95 613 CO2-ekvivalentar – eller 0,148 CO2-ekvivalentar per innbyggjar. Kvar Oslo-bebuar bind altså 0,73 prosent av det ein innbyggjar i Vang kommune gjer.

Forureinar folk som bur i byen faktisk meir enn dei som bur på landet, spør Faktisk.no. Vel, skal ein fylgje resonnementet til Faktisk.no, så bind iallefall ein innbyggjar i Vang kommune 137,8 gongar meir CO2 enn ein innbyggjar i Oslo.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vil ikke Venstre ha distriktsstemmene?