Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kva er viktigast? Billig mat eller best utval?

Eller er det makt det fyrst og fremst handlar om?

Mangfald: Ein lov om god handelsskikk er sendt ut på høyring. Igjen. I mellomtida jaktar kjedene profitt framføre mangfald. Foto: Siri Juell Rasmussen

Lov om god handelsskikk er endeleg sendt ut på høyring. Det har vore ein lang veg, gjennom fleire regjeringar, ekspertgrupper, den lagt i skuffen, revitalisert på Stortinget og sendt attende til regjeringa. No er framlegget endeleg her.

Eller, det vil seia: Lovutkastet har vore lagt fram før. Det er ei svakt moderert utgåve av loven Daglegvarelovutvalet, leidd av jusprofessor og konkurranseekspert Erling Hjelmeng, la fram for seks år sidan.

I mellomtida har ting endra seg. Me har fått tre daglegvarekjeder (Norgesgruppen, Rema 1000 og Coop). Varer frå merkevareleverandørane blir dytta ut av hyllene til fordel for kjedene sine eigne merkevarer (emv). Utvalet har til ein viss grad vorte betre. Fleire lokale leverandørar har kome inn i hyllene, men samstundes har ikkje kjøtthyllene lågprisbutikkane sett meir keisame ut enn no.

La oss spole attende til februar 2010. Den raudgrøne regjeringa rår landet, og skal gjera det i 3,5 år til. Lars Peder Brekk frå Sp er landbruksminister og har fått gjennomslag for å setje ned eit Matkjedeutval, leia av den erfarne KrF-politikaren Einar Steensnæs. Mange jublar, andre kritiserer regjeringa for å ikkje ville sjå på landbrukssamvirka, tollvernet og landbrukspolitikken. Den skal liggje fast, sa Brekk. Og det gjer den framleis i dag.

Problemet er at det meste anna også har lege fast. Ni år etter at Matkjedeutvalet vart utnemnd, er me nesten på same stad. Det får meg til å tenkje på ei reportasjereise eg var på i Storbritannia veka før utvalet skulle leggje fram rapporten sin i 2011. Me møtte representantar for det britiske bondelaget, konkurransetilsynet og daglegvarebransjen. I Storbritannia hadde konkurransetilsynet brukt om lag ti år før ein lov var på plass. Det vil ta tid, sa representanten for det britiske konkurransetilsynet.

Matkjedeutvalet føreslo to hovudgrep; lov om god handelsskikk og eit tilsyn som skulle sjå etter at loven vart halden. Eit lovframlegg kom våren 2013. Så kom regjeringsskiftet, og med støtte frå Venstre vart lov om god handelsskikk lagt vekk i 2015.

Oppsummert

Lov om god handelsskikk

1 Åtte år etter at ein lov om god handelsskikk vart føreslått, har den (på ny) vorte sendt ut på høyring.

Tek tid

2 Det har diverre teke tid å avgrense matmakta i Noreg. I mellomtida har matkjedene vorte større og sterkare.

Maktanalyse

3 Det er bra at regjeringa grip fatt i daglegvarebransjen. Spørsmålet er om det er for seint.

Me har rett nok hatt utgreiingar undervegs. Konkurransetilsynet fekk i 2016 makt til å påleggje andre enn Norgesgruppen informasjonsplikt ved oppkjøp. Terskelen for å gripe inn mot fusjonar er lågare. Hausten 2016 kom ein rapport om etableringshinder i daglegvarebransjen. Konkurransetilsynet har sett i gang eit arbeid med å granske innkjøpsskilnadene mellom daglegvareaktørane. Konsentrasjonen på leverandørleddet er granska, Norgesgruppen sine eigedomsoppkjøp er granska. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen har tilført Konkurransetilsynet 6–7 nye årsverk som skal jobbe med daglegvarebransjen.

Annonse

Det er knapt noko anna område som er like godt greidd ut i Noreg som verdikjeda for mat. Likevel har me kome forbausande kort. Det manglar rett og slett konkrete tiltak for korleis Norgesgruppen, Rema 1000 og Coop si makt kan avgrensast.

Medan Noreg og Storbritannia for nokre år sidan låg langt framføre EU i arbeidet med handelsskikk og urimelege praksisar i bransjen, har EU teke oss att for lengst. Nyleg vedtok EU ein lov om urimelege handelspraksisar.

I front for loven har mellom anna EUs landbruksminister Phil Hogan frå Irland stått. Men i motsetning til Noreg har EU og Storbritannia drive fram arbeidet fyrst og fremst med tanke på å tøyle daglegvarekjedene si makt, som har vekse seg sterk på kostnad av bønder, leverandørar og forbrukarar.

Det er klart; den føreslåtte loven vil til ein viss grad gi større tryggheit for leverandørane. Men den stoggar ikkje utviklinga av kjedene sine eigne merkevarer. Den gjer det ikkje ulovleg for kjedene å inngå eineleverandøravtalar. Loven stiller heller ikkje krav om at det skal vera eit visst tal på leverandørar i hyllene. Ingen vil fremje denne typen tiltak, sjølv om dei er kjernen av problemet.

Det er knapt noko anna område som er like godt greidd ut i Noreg som verdikjeda for mat.

Kjedene sin emv-del, særleg i kjøttdisken, har auka dramatisk dei siste åra. Det kan ha gitt oss billigare kjøttdeig. Men det er ikkje sikkert me brukar mindre pengar i butikken, eller at produkta er betre. Eg har ofte stussa over kor få leverandørar det er i norske daglegvarebutikkar. Ikkje fordi det er så mange store leverandørar, men fordi kjedene inngår avtale med ein hovudleverandør som i praksis skvisar ut andre alternativ enn kjedene sine eigne merkevarer og nokre produkt frå ein hovudleverandør. I Rema-butikken eg handla i på laurdag, til dømes, kunne eg ikkje sjølv velje kva leverandør eg vil kjøpe egg frå, den avgjerda har Rema 1000 teke for meg.

Alle kjeder kan ikkje ta inn alle leverandørar, det er ikkje leverandørane store nok til. Men til ikkje å finne plass for fleire leverandørar, har kjedene funne oppsiktsvekkjande mykje plass til keisame emv-produkt med sine eigne namn på.

Det er mogleg kjedene sine eigne merkevarer gir lågare pris til forbrukaren på nett desse varene. Men prissetjinga i butikk seier ikkje noko om produksjonskostnaden. Kjedene kan fint prise ned emv og finansiere det med å setje opp prisen på andre varer, som merkevareleverandørane sine.

Det syner at ikkje alt handlar om pris. Mykje handlar mest om makt.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Slaget om havet