Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kva er Senterpartiet sitt alternativ?

Det er ikkje vanskeleg å vera mot noko. Utfordringa byrjar når du må seia kva du skal vera for, og korleis du skal gjennomføre det.

Mogleg valvinnar: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum kan føre partiet til det beste valreslutatet i eit lokalval nokon sinne. Foto: Siri Juell Rasmussen.

Sentralisering av tilbod og tenester. Nedlegging av arbeidsplassar og flytting til såkalla meir sentrale strøk. Statleg flukt frå bygda. Seks år med ei Høgre-leidd regjering set varige spor i Bygde-Noreg. Og Senterpartiet går, ifylgje meiningsmålingane, mot eit brakval i kommune- og fylkestingsvalet.

Det har partiet rett nok gjort i fleire månader no. Sjølv om ingenting er avgjort før valdagen – det er som kjend ikkje meiningsmålingar, men valresultat som styrer landet – har partiet med hærførar Trygve Slagsvold Vedum i spissen vunne fram på motstand mot regjeringa sine sentraliserande reformer.

Og dei har det vore mange av. I artikkelserien Den stille sentraliseringa avdekkjer Nationen kva som skjuler seg bak ord som "robust" og "større og betre einheiter". 237 kommunar, dei aller fleste små distriktskommunar, har mista statlege tilsette. Mange små distriktskommunar har tapt pengar på inntektsomleggjinga og statleg skattepolitikk, som gjer at dei ikkje kan tilby gode nok tenester. Det blir rundt neste sving brukt av regjeringa til å skapa "større og meir robuste einheiter".

Lensmannskontor er lagt ned. Nav-kontor, skattekontor, legevakter, sjukehus, utdanningsinstitusjonar, tingrettar, trafikkstasjonar fylgjer etter i dragsuget mot sentrale strøk. Og private arbeidsplassar, som i landbruket, blir det også færre av i distrikta. Fylke og kommunar blir større, og dei folkevalde som skal representere innbyggjarane, blir færre.

Legg så på at innbyggjarane i fleire distriktskommunar har lengre reiseveg til fødeavdelingane, at Finnmark har stått utan ein tilfredsstillande dekning av ambulansefly i vekevis, nedlegging av flybasen på Andøya, og at Telenor fasar ut eller overprisar det gamle koparnettet før eit høgkapasitets breiband er på plass, fordi nokon (i byen) har bestemt seg for at "Noreg er landet med verdas beste internett".

Annonse

For Vedum og Sp er det jul, nyttår, påske, bursdag, 17. mai og sumarferie på ein gong. Det er mange nok misnøgde veljarar på bygda – og i byane – som kjenner at dei står ganske langt nede på prioriteringslista til Erna Solberg, Siv Jensen og Trine Skei Grande, og øvst på lista til Vedum. For, uansett kva Høgre-politikarar og politiske kommentatorar måtte meine: Dei som trur at motsetningane mellom by og bygd ikkje har forsterka seg dei siste seks åra kan ikkje berre ta seg ein bolle når dei stoppar på den lokale bensinstasjonen på tur til hytta, dei må også snakke med folka som bur i bygda.

Oppsummert

Val

1 Måndag 9. september er det kommune- og fylkestingsval. Sp ligg førebels an til å gjera sitt beste lokalval nokon gong.

Sentralisering

2 Hovudårsaka er motstand mot den storstilte sentraliseringa Noreg har hatt gjennom dei seks åra med Høgre-leidd regjering.

Distrikta tapar

3 Nationen avdekkjer i artikkelserien Den stille sentraliseringa korleis mange distriktskommunar mistar arbeidsplassar både i privat og statleg regi.

Utfordringa for Vedum er at Sp på eit tidspunkt – ganske snart – må byrje å snakke om partiet vil, og ikkje berre kva partiet ikkje vil. Kan Sp framstå som valvinnar tysdag 10. september, startar jakta på det eigentlege målet; å innta regjeringskorridorane frå hausten 2021. Men valet i 2021 kan ikkje vinnast utan alternativ til rådande politikk.

Vedum ser derimot til å ta det ganske med ro. Veljarane får kaste han i 2025, er meldinga. Og så er det jo enklare å hamre laus på ein politikk med negative konsekvensar for stadig større veljargrupper, enn å få med seg framtidige regjeringskameratar på å lova ein storstilt reverseringsreform. For ein ting er valløfta politikarar gir over det ganske land i ein valkamp. Ein heilt annan ting er gjennomføringskrafta når posisjonen er sikra.

Reformiveren til regjeringa har ført til store, strukturelle endringar det kan syne seg vanskeleg å reversere. "Det skjer en stor omstrukturering av offentlig sektor i Norge, som er uopprettelig, selv med en regjering av en annen politisk farge. Tannkremen er ute av tuben for godt," seier seniorforskar Reiar Almås ved Ruralis til Nationen. For Sp er det dårleg nytt om Almås får rett.

Skal det lyse på nytt i vindauga på nedlagde lensmannskontor? Kjem det fleire fødeavdelingar i distrikta? Blir det gjenoppretta lokale Nav- og skattekontor? Kjem flybasen på Andøya til å bli bygd opp att? Kva planar har Vedum for småkommunar som slit med rekruttering, folketal og dårleg skuleresultat? Er årsaka til at Vedum ikkje vil prate så mykje om kva han vil ha i staden, bortsett frå "nærleik", at han inst inne veit han er avmektig?

Ein viktig ingrediens i Vedum sin analyse er at samfunnsutviklinga ikkje skjer av seg sjølv. Den er politisk styrt. Ta heile landet i bruk, seier eit Sp-slagord. Det er berre litt vanskeleg nett no å sjå kva Sp sin plan for å gjera det er, utover å vinne politiske poeng mot politiske hovudmostandarar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Skivebom fra Mæland