Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kunsten å berge ei fleirtalsregjering

Alle regjeringspartia skal med. Slik kan årets statsbudsjett oppsummerast.

Nesten 1500 milliardar: Neste års statsbudsjett vart lagt fram måndag. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Måndag kunne finansminister Siv Jensen på vegner av statsminister Erna Solberg og resten av fireparti-regjeringa, leggje fram sitt fyrste fleirtalsbudsjett. Etter eit strevsamt år der fire til tider svært så ulike parti har hatt trøbbel med å finne fotfeste, kan regjeringa segle inn i julestria vel vitande om at dei siste års budsjettkonfliktar mellom regjeringspartia alt er unnagjort. Det blir ikkje nesten-budsjettkrise i år.

Det visste me for så vidt på førehand. Budsjettlekkasjar frå regjeringa har vorte ein årleg tradisjon. Det er ein måte å kunne styre folk si oppfatning av statsbudsjettet for komande år på, ved å plassere godbitane rundt om i ulike redaksjonar, utan å fortelje baksidene – korleis gladsakene skal finansierast.

Same procedure as every year.

For alle, inkludert Solberg, har det vore openbert at (bom-) krangelen mellom Frp og Venstre, som i lang tid lamma valkampen for regjeringspartia, ikkje kan halde fram. Difor har Frp fått sitt i budsjettet, når det blir kutta 1,4 milliardar kroner i bompengar og støtta til Human Rights Service blir vidareført. Difor har KrF fått sitt, når barnetrygda aukar med 3600 kroner i året, og bistandsoverføringane aukar. Difor har Venstre fått sitt, når overføringane til tog og kollektivtransport blir større. Og difor kan både Venstre og Frp selje klima-og-bil-politikken som siger til veljarane, fordi CO2-avgiftene aukar (Venstre jublar), medan vegbruksavgifta blir redusert (Frp jublar).

Og Høgre har fått sitt når Solberg-regjeringa for fyrste gong på seks år reduserer bruken av oljepengar.

Oppsummert

Statsbudsjett

1 Måndag 7. oktober vart statsbudsjettet for 2020 lagt fram.

Nesten 15oo milliard

2 Budsjettet for neste år er på 1.414,6 milliardar kroner. Dei samla inntektene for staten neste år er rekna til 1.173,5 milliarder kroner.

Fleirtal

3 For fyrste gong sidan hausten 2012 er det ei fleirtalsregjering som legg fram budsjettet.

Den u-konservative oljepengebruken dei siste statsbudsjetta, der oljepengar har vorte kasta etter samarbeidsparti i og utanfor regjering, er no erstatta med innstramming i bruken av oljepengar. 2,6 milliardar færre oljekroner skal brukast neste år, sjølv om me framleis brukar 243,6 milliardar av oljefondet i neste års statsbudsjett. 2,6 prosent av oljefondet blir brukt, som er godt innanfor handlingsregelen på 3 prosent. På den andre sida, som økonomiprofessor Halvor Mehlum poengterer; oljefondet har vorte så stort at det ville vore uansvarleg å bruke 3 prosent.

Annonse

Statsbudsjettet for 2020 er på 1.414,6 milliardar kroner. Det meste av budsjettet er bunde opp i "faste utgifter", og nokre av dei store postane er pensjon og andre trygdeytingar (Folketrygda), rammetilskot til kommunar og fylke, finansiering av helseføretaka og forsvar. I praksis er det berre ein liten del av pengane som blir flytta, sjølv om det blir bråk om mange av omfordelingane.

Men er det eit statsbudsjett som sikrar gode lokalsamfunn, infrastruktur og tenester over heile landet? Eit budsjett som sikrar dei svakaste mellom oss? Eller er det eit budsjett som vil auke klasseskiljet mellom bygd og by?

Botnfrådraget for pendlarar aukar med nokre hundrelappar. Frå før har regjeringa kutta i pendlarfrådrag til kost og losji.

Ressurssvake grupper blir salderingspost. Medan barnetrygda aukar, blir støtta til tannregulering og briller til born mindre. Midlane til kommunane har vorte friare under Solberg-regjeringa, men dei lovpålagde oppgåvene fleire. Ifylgje KS-leiar Gunn Marit Helgesen har dei statlege overføringane til dei kommunale tenestene til personar med psykisk utviklingshemming, sterkt nedsett funksjonsevne, alvorlege rusproblem eller psykiske lidingar vorte stramma inn med ein milliard på tre år. "Staten rettighetsfester tjenester, men overlater i stadig større grad kostnadene til kommunene", seier ho til NTB.

Det kjem 50 millionar kroner meir til breibandutbyggjing i distrikta. Auke er langt betre enn kutt, men 50 millionar er for lite. Og målet om at 90 prosent av folket skal ha tilgang til høgkapasitetsbreiband blir temmeleg stussleg når regjeringa meiner ein halv million nordmenn – i all hovudsak i desentrale strøk – ikkje skal ha denne tilgangen.

Det kjem meir pengar til vegutbyggjing (men ikkje nok). Det kjem pengar til fastlegeordninga, medan det ligg eit framlegg på bordet om at sjukepleiarar skal ta over fastlegeoppgåver i strøk av landet der det er vanskar med å rekruttere legar.

Regjeringa lovar fleire kommunesamanslåingar, legg ned skattekontor og har fått ekspertframlegg om kutt i kommunale kraftinntekter, og rasering av tingrettsstrukturen.

Siv Jensen høyrdest nesten ut som ein Sp-politikar då ho brukte tida på Stortinget i går til å snakke om levande lokalsamfunn, dugnadsand, hjørnesteinsbedrifter i distrikta og folkets jubel over fallande bomstasjonar. Men distriktsveljarane gjennomskodar nok enkel retorikk.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Den tredje statsmakt og domstolskommisjonen