Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kortreist krasj i mathylla

Når festtalane er over i Lokalmat-Noreg, er berre knappane og glansbileta att.

Utseld: Då Fanaosten vart kåra til verdas beste vart det fort tomt i butikkhyllene for osten. Vonleg blir årsaka til tomme lokalmathyller at produktet er utseld, og ikkje at produsentane går konkurs. Foto: Mariann Tvete
Utseld: Då Fanaosten vart kåra til verdas beste vart det fort tomt i butikkhyllene for osten. Vonleg blir årsaka til tomme lokalmathyller at produktet er utseld, og ikkje at produsentane går konkurs. Foto: Mariann Tvete

Norsk lokalmat og -drikke har vore gjennom ein formidabel vekst dei siste åra. Me har verdsmeistrar, sølv- og bronsevinnarar frå oste-VM. Hurtigruten vil servere spesialitetar frå Røros og Lofoten til cruisegjestene sine. Meisterkokkar har hylla norske spesialitetar.

Ein kvar større matbutikk med respekt for forbrukarane har ein smal ost her eller ei sær spekepølse der. Tyttebærrumme frå Telemark, rakfisk frå Valdres, tjukkmjølk frå Røros. Dei norske matskattane har fått ein større marknad.

Over 400.000 forbrukarar er per i dag knytt til ein Reko-ring, der du kan handle direkte med bonden. Nokre produsentar har også starta med direktesal og utkøyring sjølve, som Fjellgris i Valdres, andre trivst godt med distribusjon i daglegvarekjedene. Nokre har bygd eigne gardsbutikkar, reiser rundt på Bondens Marknad eller sel varene sine i spesialbutikkar.

Men er lokalmat berre noko for solskinsdagane? Når festen er over, lyset sløkt, dansegolvet må vaskast og søpla ligg strødd – kven tek vare på dei som har ein ekstra verdi? Kven passar på at òg dei små kjem seg heim?

Eg har vore på Grüne Woche tre gongar for Nationen. Det er statsrådar og næringslivsdelegasjonar som skin i eit utstillingsvindauge for Noreg, med god mat og drikke. Det er mottaking på den norske ambassaden og nyårsaftan, julaftan og bursdag på ein gong. Det er toppolitikarar som møter osteprodusenten frå Møre og Romsdal. Ein næringslivstopp som får smaka på reinskjøtt frå Nord-Noreg. Kokkar, akevitt, fest og fanfare.

Dei seinare åra har salet av lokalmat i butikkane auka kraftig. Regjering etter regjering har lagt mål og strategiar, klipper snorer og solar seg i glansen av kortreist mat. Målet om ti milliardar i årleg omsetning vart nådd med god margin i fjor, etter at restaurantane og storhushalda vart lagt inn i tala. 6 milliardar kroner var omsetninga av lokal mat og drikke i desse bransjane – 2,14 av dei var lokalt øl.

I slutten av juni måtte Haugen gardsmat melde oppbod. Børa vart for tung å bera, skriv lokalmatprodusenten på Facebook. Omsetninga stupte under koronakrisa då marknaden vart borte. Frå ein omsetningsvekst på 60 prosent på byrjinga av 2020 vart 80 prosent av marknaden vekke under kroronakrisa. Bedrifta, som i 2016 vart gasellebedrift (ein tittel Dagens Næringsliv gir til veksande og vellukka bedrifter) har vore ein av vinnarane i lokalmat-Noreg. 13,5 millionar kroner i gjeld er tungt.

Annonse

I ein kronikk her i avisa skriv fleire lokalmatprodusentar at dei fell utanfor krisepakkene til regjeringa. Mange er bønder som driv både gard og lokalmatproduksjon. Gjeld og faste utgifter kan vera knytt til garden. Trass i at både Høgre, KrF og Venstre ved ulike høve har ytra seg om at små og mellomstore bedrifter er ryggrada i Næringslivs-Noreg.

Som tala syner er restaurant- og storhushald minst like viktig for lokalmatprodusentane som daglegvaresal. Ein bortimot kollaps for hotella og restaurantane får ikkje berre konsekvensar for eigarar og tilsette, men også for leverandørane. Ei årsak til det dårlege tertialresultatet til Nortura 1. tertial i år var nettopp salssvikt i desse marknadane.

Lokalmatbedriftene er i tillegg avhengig av å vise seg fram og selje varer på dei store matfestivalane, som Dyrskun i Seljord og Matstreif i Oslo. I år er begge avlyst, saman med andre festivalar i bygd og by. Færre besøker Bondens marknad, og mange er framleis redde for smitte, sjølv om krava til smittevern er innfridd. Konsekvensane for lokalmatprodusentane vil truleg auke på i løpet av sumaren og hausten.

Det er prisverdig at Meny og Coop Mega i vår oppmoda forbrukarane om å handle lokalmat. Frå regjeringshald har det vore stille. Statsministeren sjølv vil ikkje ein gong oppmode oss om å kjøpe norsk, under dekke av at jo ikkje vil leggje seg opp i kva ost nordmenn et.

Fredag førre veke presenterte Landbruks- og matdepartementet ei smørbrødliste som er eit bittelite steg i rett retning. Men gratis deltaking på Bondens marknad hjelper lite om det ikkje er kundar der som kjøper varene. Utsetjing av lån erstattar heller ikkje tapte inntekter.

"Vi er kanskje bonde-dumme fordi vi har latt oss lure av alt skrytet deres i Berlin eller på bedriftsbesøk. I koronakrisen opplever vi at dere ikke anser våre bedrifter som hjelpen verdig," skriv representantane frå mellom anna Bakken Øvre Gårdsmat og Han Sylte i kronikken "Lettlurte familiebedrifters landsforbund". Mange lokalmatprodusentar har starta foredling med utgangspunkt i gardens ressursar. Fritid eksisterer knapt. Som dei skriv; "Vi har frivillig rigget livene våre slik at vi ikke kan reise på ferier." Løna varierer frå månad til månad, frå år til år.

Ein lokalsmak er borte i Flåm. La oss sørgje for at resten klarar seg over kneika.

Noreg blir eit fattigare land utan slike som Haugen gardsmat.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Gjermundnes trenger nytt fjøs nå