Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kniven på strupen i Tine

I løpet av det neste året skal 400 folk miste jobben i Tine. Det er dramatiske dagar for selskapet.

Investeringar: Dei siste åra har Tine gjort store investeringar i nye meieri, som her på Jæren. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

250 millionar skal sparast inn på å kutte 400 årsverk. 750 millionar skal sparast inn frå andre stader. Det er dramatisk.

Trass innsparingar på totalt godt over ein milliard dei siste åra, må Tine spare ytterlegare ein milliard frå no og fram til 2021. Trass store kutt i tal på tilsette, må Tine seia opp endå fleire. Nesten ti prosent av dagens årsverk skal vekk. For Gunnar Hovland, som framleis er ganske ny i jobben som konsernsjef, blir også dei neste åra strie.

Dei siste åra har Tine vore gjennom store innsparingsprogram. I Styrk-programmet, som vart avslutta i 2016, spara Tine inn 850 millionar kroner. Frå 2017 til 2019 har Tine spara inn ytterlegare 450 millionar. Sparekniven har også vorte flittig brukt inneverande år. Likevel er det openbert ikkje nok.

Bakteppet er kjend: Når eksportstøtta for Jarlsberg-ost forsvinn, skal denne produksjonen flyttast til Irland. Det har Tine planlagt for i mange år, og no står meieriet utanfor Cork i Irland snart klart. Tine peikar også på auka import som ei årsak til behovet for milliardinnsparinga. Importen av meierivarer auka med nesten 10 prosent i volum frå 2017 til 2018. I verdi er det nesten 1,3 milliardar kroner ekstra.

Når meieriimporten aukar, og Jarlsberg-eksporten forsvinn, blir det behov for mindre mjølk. Samstundes kan verken importveksten eller bortfall av Jarlsberg-eksport seiast å ha kome overraskande på Tine. Det kan ikkje overraske at eit bondeeigd selskap kontinuerleg ser på korleis ein kan drifte meir effektivt. Men det låg nok ei forventning då WTO-vedtaket om forbod mot eksportstøtte kom, om at folketalsutvikling og innovasjon skulle ta att for Jarlsberg-kuttet.

Annonse

I etterkant av Styrk-programmet peikte Tine ut fire prosjektområde selskapet skulle jobbe med. Punkt 1 var lønsame innovasjonar. Dei nye, varsla kutta er nok eit uttrykk for at Tine ikkje har klart å koma opp med nye produkt som kan bruke norsk mjølk når Jarlsberg-eksporten tek slutt.

Eigarane har i fleire år vore opptekne av at ein må finne nye produkt, nye område for norsk mjølk. Innsparinga dei neste par åra skal også frigjera ressursar til innovasjon og investeringar.

Trass i Tine sin sterke merkevare- og marknadsposisjon vitnar det om at selskapet kjenner det ikkje har musklar nok til å drive (god) nok innovasjon. Å ta marknadsdelar i ein marknad der tre av dei største kundane i større og større grad oppfører seg også som konkurrentar, er ein risikosport. Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 er alle tre store importørar av ost, til dømes.

At industrien også må kutte når behovet for norsk mjølk går ned, må ein nok forvente. I desse dagar sit jordbruksorganisasjonane i forhandlingar med staten om korleis ein reduksjon på 10 prosent i norsk mjølkeproduksjon skal skje. Sju prosent av norsk mjølkeproduksjon blir brukt til Jarlsberg-ost for eksport. Det vil få konsekvensar for industrien, ikkje berre bøndene.

17. september startar Tine arbeidet med å sjå kvar det skal kuttast ned og sparast inn. Det blir ingen enkel jobb. Særleg når selskapet har snudd alle steinar i dei tidlegare kuttprogramma. Det er grenser for kor store innsparingar det er mogleg å ta, utan at det får konsekvensar for til dømes nokre av dei 34 meieria Tine i dag har. Ingen delar av drifta blir skjerma, melder Tine.

Det går mot færre meieri. Det hjelper berre mellombels, om kundane ikkje kjøper meir av Tine.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Tine varsler kutt i antallet meierivarer