Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klimadebatten slår inn i kjøttforbruket

Norske sauebønder bør uroe seg over kjøttforbruket.

Utmarksressursar: Sauer og kyr kan nyttiggjera seg av dei enorme utmarksressursane i Noreg. Foto: Hilde Lysengen Havro
Utmarksressursar: Sauer og kyr kan nyttiggjera seg av dei enorme utmarksressursane i Noreg. Foto: Hilde Lysengen Havro

Klimadebatten har for lengst rulla inn over norsk landbruk. Men trass i at bondeorganisasjonane har underskrive ei frivillig avtale om reduksjon av klimagassutslepp, har beitenæringane i liten grad fått eigarskap og gjennomslag til klimadebatten.

Dei siste tala for kjøttforbruket syner at me et mindre og mindre kjøtt frå drøvtyggjande dyr. Forbruket vårt av småfe gjekk ned med ni prosent frå 2018 til 2019. Ikkje så pussig då at det blir store kjøttlager med saueskrottar.

Metangass er ein farleg klimagass. Men me reddar ikkje verda ved å droppe fårikålmiddagen. Nibio-forskarane Sampson Øpstad, Ievina Sturite og Hugo Riley skreiv i ein kronikk i Nationen i fjor at "Bruk av eng- og beiteareal er viktig for å øke karbonbinding og unngå CO2-tap fra jord."

Annonse

Færre sauer er på beite, som skuldast både nedgang i produksjon og at beiting i utmark må vike for rovdyr. Færre beitedyr tyder mindre bruk av utmarksressursar, attgroing av kulturlandskap og produksjon av kjøtt på norske ressursar. Tor Arne Ruud i Animalia meiner det vil få konsekvensar for sjølvforsyningsgraden.

Jordbrukssektoren har redusert klimagassutsleppa sine med 6 prosent på 30 år. Jordbruket står for 8,7 prosent av dei totale klimagassutsleppa i Noreg. Alle må ha mat. Men landbruket kan – så lenge ein ikkje tek med CO2-binding i rekneskapen – ikkje bli klimanøytralt. Me burde snakke om kva næringar som faktisk skal få lov til å sleppe ut klimagassar, og kanskje til og med auke klimagassutsleppa.

I staden får me skyttargravsdebattar om at råvarer frå beitedyr er klimafarleg, og landbruk blir den eine tingen du ikkje kan grava opp ei myr for. Veg, parkeringsplassar og kjøpesenter er det fritt fram for å leggje på ei myr, sjølv om ingen av dei bind CO2.

Slik blir debatten når klimagassutslepp berre blir ført på utgiftsrekneskapen, og aldri på inntektssida. Ikkje rart forbrukarane går forbi lammekjøttdeigen i butikkhylla, om den i det heile teke er å finne der.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Dagens klimaregnskap – en trussel for matforsyningen