Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjempens fall

Jonas Gahr Støre har ført Ap til det dårlegaste lokalvalet i Ap si historie.

Partileiar Jonas Gahr Støre på valvaka til Arbeidarpartiet i Folkets Hus i Oslo. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Folkets Hus, Oslo. Deltakarane på Ap si valvake i hovudstaden jublar litt halvhjarta når resultat etter resultat kjem opp på storskjermane.

Ap ligg an til å gjera sitt dårlegaste lokalval nokosinne. Førebels er ikkje alle røystene talde opp, men lite tyder på at partiet bikkar det til no lågaste resultatet i eit kommuneval; 27,5 prosent i 2003. Dei fire regjeringspartia går attende i valet. Det er ein openberr misnøye med regjeringa sin politikk, men Ap vinn ikkje veljarar.

Arbeidarpartiet taper til Senterpartiet i distrikta, og til parti som Miljøpartiet Dei Grøne i byane. Årets val har skild seg ut ved at det er store veljarmassar som har flytta seg frå den tradisjonelle venstre-høgre-aksa i norsk politikk. Resultatet er massiv attendegong for Ap, i by og i bygd. Partiet blir straffa frå fleire frontar. Klima og miljø, og distriktspolitikk, har segla opp som to store valtema i valkampen, og veljarane flokkar seg om partia som har truverd i desse spørsmåla.

Annonse

Partileiar Jonas Gahr Støre har hatt ein vanskeleg jobb i denne valkampen. Det vil nok koma kritikk mot utydelegheita som partileiinga har stått for. Der Senterpartiets partileiar Trygve Slagsvold Vedum har køyrd hardt mot reformene regjeringa har lagt på bordet dei siste seks åra, har ikkje Støre klart å løfte Ap, trass i at partiet har vore største opposisjonsparti på Stortinget.

For Ap har teikna vore tydelege ei stund. Også i stortingsvalet i 2017 tapte Ap for Sp. Evalueringa av årets valkamp, som Ap no må ta til på, må peike fram mot 2021, og korleis Ap skal løfte seg for å kunne hevde retten til statsministerposten om det blir regjeringsskifte. Trøysta, om det er det for Ap, er at det raudgrøne alternativet har styrkt seg – totalt sett går Ap, Sp og SV fram samanlikna med lokalvalet i 2015.

For veljarane har det handlar om tvangssamanslåinga av Finnmark og Troms, om at luftambulansetenesta i dei nordlegaste fylka, om eit desentralisert forsvar, om konkrete lokale saker som nedlegging av flybasen på Andøya i Nordland, bruk av Nordkapp-platået. Det har handla om bompengar, at statlege arbeidsplassar forsvinn frå små distriktskommunar, om endringar i inntektssystemet, færre pengar til næringsutvikling, det er lang reiseveg til fødeavdelingar, og at innbyggjarane også i nord ser negative konsekvensar av fleire av dei politiske reformene regjeringa har fått til. At valet ikkje har handla om tradisjonelle Høgre- og Ap-saker som skatt og skule, tyder likevel ikkje at valkampen har handla om fløypolitikk og enkeltsaker.

Arbeidarpartiet sitt problem er at partiet til ein viss grad støtta nokre av reformene til regjeringa, som folk opplever at har ført til sentralisering. Partiet og Støre har helle ikkje klart å vera tydelege nok på om dei vil reversere reformer eller fylkessamanslåingar, det blir for mange atterhald for veljarane. Sjølv om Nationens gjennomgang synte at Støre har reist meir enn Vedum, verkar det nesten motsett.

Ifylgje Støre er meldinga frå distrikta høyrt. Han innrømmer at Ap ikkje har klart å målbera og ta konsekvensane av det folk kjenner i distrikta, og særleg i Nord-Noreg. Men å byggje opp att partiet i Nord vil måtte koste for partiet. Når veljarane er misnøgde med politikken som blir ført, syner årets val at det openberre svaret ikkje er å styre vidare på same politikk. Veljarane vil forvente reelle, konkrete endringar etter stortingsvalet i 2021.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vedum svarer NHO med EØS-garanti