Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kampen om Senterpartiets sjel

Høgre og Arbeidarpartiet gjer sine hoser grøne hjå Senterpartiet. Men Trygve Slagsvold Vedum ler seg heller fram til ordførarmakt.

Frir: Både Ap, her ved partileiar Jonas Gahr Støre, og Høgre, ved statsminister og partileiar Erna Solberg, søkjer lokalmakt saman med Sp, her ved partileiar Trygve Slagsvold Vedum, etter valet. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kven Senterpartiet skal og bør og kan samarbeide med, ser ut til å vera ein av dei større snakkisen i delar av det politiske miljøet. Men spørsmålet er ikkje særleg høgt på agendaen i Senterpartiet.

På landsmøtet i helga var partiet mest oppteke av å feire og framsnakke seg sjølv, diskutere klimapolitikk og sentraliseringspolitikk.

I det heile var ikkje ulike samarbeidskonstellasjonar ein særleg viktig del av landsmøtedebatten, verken på eller av talarstolen.

Det hindrar sjølvsagt ikkje Arbeidarpartiet, Høgre og Fagforbundet å koma med meir og mindre velmeinte innspel og analysar av kven Sp skal gå til, og kva partiet skal lova før lokalvalet i september.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum solar seg så mykje i glansen av populariteten for tida at han risikerer å bli solbrent. Men heller ikkje det vil få han til å gje råd til lokallag og fylkeslag om kva retning Sp skal ta for å sikre seg makt. Hestehandlarpartiet og ordførarpartiet vil ikkje velje vekk moglegheita til å trekke eit fargerikt kjede over hovudet på ei kvinne eller ein mann ved å binde seg til den eine eller andre sida.

Likevel ser det ut til at landets største parti – Høgre og Ap – ikkje kan dy seg. Under landsmøtet i Høgre tidlegare i mars vart det snakka mykje om at Sp og Høgre har meir til felles enn Sp og venstresida. Orda Høgre brukar når partiets politikarar snakkar om Sp er "ultraraud", "kommunistisk" og "statleg styring". Omtalen gjeld ikkje Sp, men samarbeidspartia Sp kan måtte lene seg på etter stortingsvalet – om 2,5 år.

Som til dømes Høgres fylkesordførarkandidat i Innlandet, Kari Anne Jønnes, skriv i eit debattinnlegg i Oppland Arbeiderblad: "Jeg tillater meg å be Sp utdype hvordan man vil forene sosialistisk – for ikke å si kommunistisk – tankegods og politikk med lovnader om vekst i distriktene?".

Annonse

Høgres kampanje handlar sjølvsagt ikkje om eit omsyn for Senterpartiets ve og vel, men å vinne konservative veljarar som er opptekne lokal framfor sentral makt, og av å bruke naturressursar framfor å verne dei. Altså dei som skyr MDG, Raudt og SV som pesten. Denne strategien fungerer nok betre i ein stortingsvalkamp, som det til ein viss grad gjorde i 2017, enn i ein lokalvalkamp. Dessutan har Høgre sitt å stri med i regjeringa når det gjeld partiet Venstre og til dømes myrforbod og pelsdyrforbod. Og førebels har den heller ikkje slått særleg an på meiningsmålingane.

Oppsummert

Lokalval

1 Sp ligg an til å gjera tidenes beste lokal- og fylkestingsval. På meiningsmålingane krabbar partiet opp mot 14–15 prosent.

Raud og blå fare

2 Klarar Sp å halde på oppslutninga fram til valet, kan partiet få fleire ordførarar enn Ap. Dét uroar openbert Ap-miljø.

Høgre frir

3 Høgre prøver å koma på offensiven i kampen om distriktsveljarane. Men førebels er responsen liten.

Fagrørsla og Arbeidarpartiet har også kasta seg ut i kampen om Senterpartiet. Fagforbundets Mette Nord ber Senterpartiet om å velje sosialistisk side. Partisekretær Kjersti Stenseng i Arbeidarpartiet er skuffa over at Sp ikkje vil lova raudgrønt samarbeid i kommunane. At Arbeidarpartiet og fagrørsla blir nervøse når dei ser Ap sine dårlege målingar, er lett å forstå. Men det verkar eigentleg ganske desperat frå Ap å prøve å tvinge fram eit retningsval i Sp. Sp-stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigens oppmoding i Trønder-Avisa om at Sp også lokalt må utnemne Høgre til hovudmotstandar, får nok liten oppslutning, også frå Sp-miljø der Ap-samarbeidet står sterkt.

Trass alt er det lokalval. Heimkommunen min (Vang i Valdres) er eit godt døme på korleis Sp ter seg lokalt. Før Ap tok ordførarmakta for snart åtte år sidan, hadde Sp samarbeidd med Høgre ein periode, Ap ein periode og Bygdelista ein periode. Neste periode kan det like godt vera MDG, om det er det som skal til for å "ta attende" ordføraren frå Ap.

Senterpartiet er og blir eit sentrumsparti i kommune- og fylkestingsval. Og eit sentrumsparti vil samarbeide til høgre eller til venstre i politikken, ut frå kva lokale folkevalde meiner gagnar partiet, folka og politikken best.

Det tyder at "ingen" i ordførarpartiet Senterpartiet vil leggje ein strategi for å velje samarbeidsopposisjon med Arbeidarpartiet om ein kan få ordførarvervet ved hjelp av Høgre og/eller andre parti. Det vil heller ikkje Ap, skal ein tru tysdagens oppslag i Klassekampen, som syner at Ap samarbeider med borgarlege parti i 65 kommunar. Med hjelp av Ap har Høgre sikra seg ordføraren i 11 kommunar. Heller ikkje Ap er altså interessert i å gi frå seg forhandlingsposisjonar lokalt.

Når Mette Nord og Kjersti Stenseng kjem med råd til lokale alliansar, kan dei jo fyrst og fremst starte med seg sjølve.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Sp må bli et selvstendig sentrumsalternativ