Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kamelslukarane i regjeringa

Kjersti Hoff smilte breitt. Lars Petter Bartnes smilte endå breiare, om enn litt trøytt etter strabasane denne veka. Olaug Bollestad smilte. Og jammen var det ikkje eit smil å sjå hjå Ola Elvestuen også.

Klimaavtale: Jordbruksorganisasjonane, her representert ved leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag og leiar Lars Petter Bartnes i Noregs Bondelag, signerte fredag ein frivillig klimaavtale med regjeringa; representert ved klima- og miljøminister Ola Elvestuen (t.v.) og landbruks- og matminister Olaug Bollestad (t.h.). Foto: Siri Juell Rasmussen

At landbruket er den store vinnaren etter klimaforhandlingane med staten, er det liten tvil om. At Landbruks- og matdepartementet har gått sigrande ut av interne dragkampar med Klima- og miljødepartementet og Finansdepartementet, er også tydeleg.

Nesten to og eit halvt år har det teke frå statsminister Erna Solberg inviterte organisasjonane til å inngå ein frivillig avtale. Det har teke lang tid, og det har sjølvsagt ikkje vorte forhandla like intenst heile vegen. Forhandlingane skal visstnok også ha føregått fram til siste stund.

Jordbruket har gode grunnar til å vera nøgd med avtalen, sjølv den også kostar jordbruket. Kravet frå regjeringa har lenge vore at jordbruket skal kutte fem millionar CO2-ekvivalentar. Det er mykje. Meir enn det totale utsleppet frå jordbruket. Men det er mogleg, fordi jordbruket no (endeleg) får lov til å rekne inn kutt som skuldast jordbruksaktivitet i andre sektorar, som jordbruk (!), transport, bygg og arealbrukssektoren (minus skog).

Bøndene skal altså få lov til å rekne traktorkøyringa inn i jordbrukets klimautslepp. Når transporten i næringa blir meir klimavenleg og utsleppa går ned, skal det telje på jordbruket sin konto for klimagassutslepp. For bøndene blir klimaarbeidet då meir logisk. Ein kvar bonde som jobbar med å redusere klimautsleppa sine, vil nødvendigvis sjå det som ei drivkraft at det hen gjer tel i rekneskapen.

Skog- og jordbruket sitt bidrag i å binde CO2-utslepp får også anerkjenning. Det vil ikkje bli sett på som god klimapolitikk å redusere norsk matproduksjon til fordel for import. Opplysningskontora består. Kunnskapen om fotosyntesen har vorte friska opp att i regjeringskorridorane. "All matproduksjon starter med fotosyntesen," står det pedagogisk nok i avtalen.

Og ikkje minst; Det blir ikkje nokon avgift på raudt kjøtt, slik mellom anna Grønn skattekommisjon har føreslått.

Annonse

"Det er slik at norske kyr promper for mye, for å si det sånn," sa Erna Solberg i 2015.

Kjøttavgift har vore ei symbolsak for fleire, mellom anna statssekretær og Venstre-politikar Sveinung Rotevatn, Unge Venstre, Sosialistisk Ungdom og Framtiden i våre hender, mellom anna. I den politiske plattforma for regjeringa blir det truga med at jordbruket sitt unntak frå C02-avgift skal fjernast, om ikkje jordbruket kjem fram til "tiltak som gir reelle og tilstrekkelege utsleppsreduksjonar".

Heldigvis har bøndene vore ute ei vinternatt før. Dei har ikkje late seg skremme på plass, men brukt den nødvendige tida til å overtyde forhandlingsmotstandarane, flytta posisjonar og ikkje minst drive nødvendig opplæring i skilnaden mellom fossile utslepp og biologiske utslepp.

Å påleggje norsk produksjon av raudt kjøtt klimaavgift, ville ikkje ført til anna enn at me måtte importere meir. Det er ikkje klimavenleg, sjølv om det ville sett bra ut på innanlandsstatistikken.

Korleis vil bøndene merke avtalen, heilt konkret? Eg håpar jordbrukets sigrar føre til eit endå sterkare klimaengasjement på gardsbruka rundt om. Med avtalen i handa kan sauebønder og mjølkebønder med godt samvit sende dyra ut på beite. Avtalen borgar også for ein meir seriøs diskusjon og tilnærming til klimagassutslepp.

Charterselskapet TUI kuttar raudt kjøtt på flyreisene sine. Bondebladet kan derimot opplyse om at ein chartertur til Thailand, til dømes med TUI, svarar til eit gjennomsnittleg kjøttforbruk i fem år. Reiser du med handbagasje på helgetur til London, er det same utslepp som eitt års forbruk av kjøtt. Denne typen kunnskap er heilt avgjerande i ein samfunnsdebatt som tidvis har handla mest om kjøttforbruk.

Det er ikkje sånn at jordbruket ikkje er oppteke av klima. Bøndene står i fyrste linje over dei som blir råka av klimaendringane. Det såg me i 2018 og me såg det i 2019. Og me vil diverre sjå det på nytt og på nytt dei neste åra.

Kanskje er landbruksminister Bollestad og klimaminister Elvestuen letta over å snart kunne ta sumarferie, vel vitande om at jordbruket har forplikta seg til eit kutt større enn utsleppa. Så kan dei trygt leggje det dei vil på grillen i sommar. Det bør vera meir enn nok kamelkjøtt å ta av, iallefall.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hvorfor vil ikke ingeniørstudentene jobbe i kommunene?