Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ja, de bør kunne forvente meir av Nationen

Vi i Nationen ynskjer å beklage til dei som følte denne saka vart ei ekstra belastning.

Oversiktsbilde fra Velledalen i Sykkylven kommune, der to personer søndag ble funnet døde. Politiet mistenker at de har blitt drept av okser. Foto: Christine Fohlin Verneland, Nyss / NTB
Oversiktsbilde fra Velledalen i Sykkylven kommune, der to personer søndag ble funnet døde. Politiet mistenker at de har blitt drept av okser. Foto: Christine Fohlin Verneland, Nyss / NTB

Onsdag lagde vi i Nationen ei sak om kva som kjem til å skje med oksane som truleg tok livet av ein far og ein son i Sykkylven. Vi valde å lage ei sak der vi skreiv at dyra kan havne på matbordet. Etter at vi la saka ut på Facebook tok det ikkje lang tid før kommentarfeltet var full av kritikk mot vår journalistikk. Ein av dei som kommenterte meinte at ein burde kunne forvente meir av Nationen. Han har heilt rett.

De som les og abonnerer på Nationen bør kunne forvente meir av oss. Denne saka vart rett og slett heilt feil. Vi burde ikkje ha laga ei slik sak. Først og fremst fordi det er nært i tid sidan den tragiske hendinga. At oksane som var godkjent som matproduksjon av Mattilsynet kunne havne på matborda har jo heller ingen relevans i dekninga av den tragiske hendinga.

Nationen følgjer Vær Varsom-plakaten. I den ligg vårt presseetiske kompass. Men av og til må vi tenke lenger enn dei formelle retningslinjene vi styrer etter. Vi har også eit ansvar for å vise medmenneskelegheit og omtanke i saker som dette. I vårt arbeid med å dekke alle sider av denne saka, endte vi dessverre opp med ei sak som var eit blindspor. Saka er for alvorleg til at vi skal gjere slike feil.

Det er lett å vere etterpåklok. Og det er menneskeleg å feile. Også vi journalistar kan gjere feil. Intensjonen var ikkje å skrive ei sak som skulle vere belastande for nokon, men likevel vart det ei sak som vi skjønar at lesarane reagerer på.

Det har sikkert høyrt det før at nokon skal ta lærdom av feil. Vi kjem heilt sikkert til å gjere feil også i framtida. Men de må tru oss på at dette er ei sak som vi er oppriktig lei oss for at vi lagde og vi har verkeleg fått lærdom som vi ikkje kjem til å gløyme.

Alvorlege ulukker der menneskeliv går tapt er krevjande å dekke. Likevel er det ein del av samfunnsoppdraget vårt å skrive om slike hendingar. Fokuset vårt i dekninga av denne saka bør og skal i fortsettelsen vere på den faktiske hendinga som krevde to menneskeliv. Korleis kunne dette skje? Kva kan gjerast for å unngå at det som ser ut til å vere ei tragisk ulukke i næringa skal skje igjen?

Vi har full forståing for at dette er ei tøff sak for alle som på ulike måtar er involverte i den tragiske hendinga. Vi i Nationen ynskjer å beklage til dei som følte denne saka vart ei ekstra belastning. Saka er no fjerna frå våre nettsider.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Michelin – og alle de andre matopplevelsene