Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgres ulukkelege kjærleik

Høgre ventar på at Sp skal snu seg mot borgarleg side. Så lenge forbodslinja rår i regjeringa, kan dei vente forgjeves.

Blir fridd til: Senterpartiet sin leiartrio Ola Borten Moe, Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim og Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Alt vern er ikkje positivt. Det er bodskapen til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Under Høgres landsmøtet i helga har han og distriktspolitikarane i Høgre sikra ein næringspolitikk som bør kunne ta opp kampen med Sp om veljarane i distrikta. I alle fall dei som er kritiske til statleg overstyring, og ynskjer minst mogleg inngriping frå sentralt hald – som det er mange av i Senterpartiet.

Så lenge Høgre ikkje snakkar om å slå saman kommunar (slik at Sp-leiaren høyrer det), leggje ned offentlege arbeidsplassar i distrikta eller forby næringsverksemd, kan Høgre og Sp framleis ha mykje felles lokalt. Lokalt i Høgre er det også stor misnøye mot "forbodslinja" til regjeringa i fleire saker. Og i lokalpolitikken er det ein sterk tradisjon at partia finn saman trass konfliktlinjer mellom toppleiingane i partia.

Hanne Alstrup Velure, sentralstyremedlem i Høgre, kommunepolitikar i Lesja i Oppland og ei av dei tydelegaste distriktsstemmene i partiet, meiner ueinigheitene mellom Sp og Høgre er overdrive. Ho syner til at partia lokalt søkjer saman i saker som skal gje busetjing, næringsutvikling og gode tenester for kommunens innbyggjarar.

Velure er overtydd om at Sp vil få til mykje meir saman med Høgre enn SV, MDG elle Raudt. Særleg i spørsmål om lokal forvaltning og ressursutnytting – altså kampen mot statleg styring. Og ho er ikkje åleine om det. På eit landsmøte stappfullt av lokalpolitikarar er den ulukkelege kjærleiken til Senterpartiet sterk. "Senterpartiet høyrer eigentleg saman med Høgre", er mantraet, men det er ingen tårer å spore. Vil Sp danne regjering som kan måtte søkje støtte frå MDG og Raudt, kan partiet ha det så godt, tenkjer folk. Sp-pendelen vil svinge attende til borgarleg side, og Høgre-folk er tolmodige.

Sjølv om det er lokalval vil nok mykje av valkampen handle om rikspolitikarane. På toppnivå er det inga tilnærming å spore mellom Vedum og Solberg. Sp byggjer seg opp nettopp på motstand mot Høgre-politikk.

Men Distrikts-Høgre, med mellom anna Velure, Elin Agdestein (Trøndelag) og Trond Helleland (Buskerud/Viken) i spissen, har styrkt seg internt i partiet.

Annonse

Ein eigen distriktspolitikk har ikkje alltid stått høgt på dagsorden i Høgre. Det har ikkje vore eit uttrykk for at Høgre ikkje har vore oppteken av utvikling og busetjing i distrikta, men at det ikkje har vore behov for å skreddarsy særskilde tiltak for Bygde-Noreg. Men distriktsnettverket i Høgre har fått gjennomslag for at kommunane har ulike utfordringa. Storleik, geografi, demografi, næringsutvikling og samferdsle er ikkje lik frå kommune til kommune.

Men så var det denne næringspolitikken, då.

Sp-nestleiar Ola Borten Moe skreiv nyleg i ein kronikk i Nationen: "Norge har begynt å forby næringsvirksomhet som noen av en eller annen grunn ikke liker." Borten Moe meiner det breier seg ei oppleving at av "det er mye vi har råd til å la være å gjøre her på berget. Andre kan ta seg av verdiskaping vi ikke liker – ute av syne, ute av sinn."

Regjeringa sin vernepolitikk ser også ut til å uroe næringsminister Isaksen. Han meiner det utviklar seg eit syn der det å verne i seg sjølv er positivt, uavhengig av konsekvensen. "Innfallsvinkelen til debatten om det grønne skiftet kan oppfattes å sette likhetstegn mellom rovdrift og naturbruk", seier Isaksen til Nationen.

Høgre sitt problem er at partiet kan framstå som eit verne- og forbodsparti. Med ei Høgre-leidd regjering blir det forbod mot å drive med pelsdyr i Noreg. Det blir forbod mot å dyrke opp myr til matproduksjon, medan det ikkje er forbod mot å byggje bustader eller leggje veg over myra. Regjeringa jobbar mot eit mål om å verne 10 prosent av all skogen i Noreg – i ei tid der skog ikkje berre er ei løysing for å binde karbon, men også er eit råstoff som kan og skal erstatte fossile råvarer på sikt.

Regjeringa truar også med å klimaskattleggje raudt kjøtt-produksjonen, om ikkje bondeorganisasjonane kjem fram til ein god nok avtale om frivillige klimagassutslepp.

Ingenting av dette er særleg god Høgre-politikk, noko partiet burde vita sjølv. Og alle sakene tener til å støyte frå seg Senterpartiet. Det veit ikkje minst lokalpolitikarane i Høgre, som blir konfrontert med den nye forbodslinja frå regjeringa.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Avskyelige terrorangrep på Sri Lanka