Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgres distriktsoppgjer med Senterpartiet

Høgre meiner partiet slår Vedum på Senterpartiets heimebane. Kva forteljing om Distrikts-Noreg er sann?

Senterpartiet og partileiar Trygve Slagsvold Vedum får distriktspolitisk motbør frå Høgre og parlamentarisk leiar Trond Helleland. Foto: Siri Juell Rasmussen

Høyres hus, Oslo. Sundag ettermiddag. Høgre har invitert pressa til å høyre på parlamentarisk leiar Trond Helleland snakke om distriktspolitikk. Den lange valkampen er definitivt i gang.

Medan Venstre driv med distriktsopprør, prøver Høgre seg på eit distriktsoppgjer. Partiet har blankpussa distriktspolitikken sin og samla den i ei glansa brosjyre. "Ei fin brosjyre om bulyst skapar ikkje entusiasme om Distrikts-Noreg", sa Helleand. Det står att å sjå kva entusiasme Høgres nye, glansa hefte om distriktspolitikk vil skapa, men den var i alle fall påtakeleg stor under sentralstyremøtet sundag, særleg hjå ein av Høgres fremste distriktspolitikarar, Anders Kiær frå (Nord-) Trøndelag.

Høgre presenterte rett nok ingen ny politikk eller nye tiltak i heftet. Mykje er generell og tradisjonell Høgre-politikk. "God skattepolitikk er også god distriktspolitikk". "Går det bra med Noreg, går det bra med distrikta."

Helleland meiner Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum teiknar eit feil bilete av distrikta. Kampen om distriktspolitikken er på mange måtar meir ein kamp om forteljinga om Distrikts-Noreg enn om konkret politikk. Kva verkelegheitsforståing skal rå? Går det godt eller dårleg? Blir det betre eller verre? Meir politi eller mindre politi?

Høgre er har sett seg lei på at Senterpartiet og Vedum får drive showet. "Me kan ikkje snakke ned distrikta når det faktisk går bra i distrikta", seier Helleland. Og han har rett i mykje. Eksporten aukar. Det er ikkje dramatisk nedgang i distriktskommunane. Det blir lagt ned færre gardsbruk enn under den raudgrøne regjeringa. Mykje går godt i det distriktsbaserte næringslivet. Vegar blir bygd, nye togskinner blir lagt. Ifylgje Helleland har samferdslesatsinga auka med 75 prosent frå 2013 til 2019.

Annonse

Mange småkommunar klarar seg også tåeleg bra. Helleland meiner dei rett nok bør bli større, sidan 120 kommunar har framleis under 3000 innbyggjarar. "Me ynskjer å gå vidare med ein kommunereform", seier Helleland, "til me får eit kommunekart som gir innbyggjarane kvalitet, kompetanse og gode tilbod".

Helleland vil "byggje samfunnet nedanfrå", spreie makt, gje lokalsamfunn, kommunestyre og grunneigarar meir makt over å avgjerder i eigne nærmiljø. Han høyrest ut som ein god Sp-politikar. Så er kritikken av Vedum like mykje ein invitasjon til Sp om å tenkje blått. Men når det er snakk om kommunane, så veit framleis Høgre best. Då er det ikkje lenger ordførarar i gjenstridige småkommunar som bør styre over eigne grenser og tenestetilbod.

Det demrar for meg at eg har høyrt Helleland og Høgre prøver å ta eit oppgjer med Sp sin distriktspolitikk før. Det var under landsmøtet til Høgre i mars 2017, også eit valår. Etter landsmøtet skreiv eg i ein kommentar: "Høgre kan ikkje leva med årsaka til Senterpartiets framgang: Høgres eigne reformer. No byr partiet opp til kamp i bokseringen."

Sidan då har toparti-regjeringa vorte til fireparti-regjering. Høgre er i fritt fall på meiningsmålingane, og Vedum har løfta Sp til eit nivå partiet ikkje har sett sidan 1990-talet. Det må likevel vera lov å håpe på at denne gongen meiner Helleland alvor. At me denne gongen skal få ein reell politisk debatt om korleis landet utanfor dei store byane skal utviklast. Om kva liv folk som bur i dei mange bygdene utanfor bygdebyane skal få leva, og kva tenester og tilbod dei kan forvente seg.

Eit godt steg på vegen er å gjera som Helleland gjorde sundag; også peike på kva som ikkje fungerer godt nok. Som til dømes politireforma. Den digitale revolusjonen gjer at folk handlar på nett, som gjer at butikkar også i distrikta må leggje ned. Og at digitaliseringa av samfunnet krev at staten saman med andre aktørar tek større ansvar for å byggje høghastigheits breiband i strøk av landet dei kommersielle interessene er uinteresserte.

Tradisjonelt har tema som skattepolitikk og skulepolitikk vore dominerande i valkampane, som har vore eit race mellom Høgre og Arbeidarpartiet. Men distriktspolitikk handlar også om skatt og skule, om teknologi og næringsutvikling, om samferdsle og arbeidsplassar. Då hjelper det ikkje å flytte ut nokre få hundre statlege arbeidsplassar, om det samstundes blir etablert endå fleire i Oslo.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ikke glem eldregenerasjonen ved valget