Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gje meg ein saftig biff frå Sør-Amerika, Coop!

Det norske flagget prydar 17. mai-maten vår. Men er den norsk?

Coop Mega si reklamebrosjyre til 17. mai. Foto: Skjermdump
Coop Mega si reklamebrosjyre til 17. mai. Foto: Skjermdump

Gje meg ein saftig biff frå Sør-Amerika. Ein biff frå eit dyr som har beita på gras, på andre sida av kloten. Ein biff i norske fargar til 17. mai. La oss feire demokratiet og fridomen.

I ei fargerik brosjyre i raudt, kvitt og blått opplyser Coop Mega om at der i butikken kan du få kjøtt frå svenske Norvida sitt merke "Naturkött", som importerer storfekjøtt frå Sør-Amerika. "Finest meat. Rised in open fields." Kva kjøtt frå dyr er ikkje "naturkjøtt"?

Ny grillfavoritt, slår Coop Mega fast, men det er vanskeleg å sjå dokumentasjonen på påstanden. "Hvis du skal grille til 17. mai, bør du ta turen innom Coop Mega denne uken. Da får du fryst indrefilet til kun 259 kroner kiloen! Perfekt på grillen."

Coop kunne sjølvsagt ha skrive: "Skal du grille 17. mai? Dropp norsk kjøtt :-) Ta turen innom Coop Mega denne uken! For bare 259 kroner kiloen får du langreist indrefilet fra Sør-Amerika, pakket i Sverige. Mer høytid blir det ikke enn en naturlig biff fra pampasen."

"Hurra for Norge som kjøper alt skrotet svenskene vil bli kvitt" (Prima Vera: Det er Norge som er bra)

Coop reklamerer samstundes for lokalmat: "Coop støtter norsk matproduksjon og tilbyr flere lokale varer." Men ikkje med 17. mai-pynt. Ei heller det norske flagget. Lokalmaten er openbert for spesielt interesserte. Noko du kan finne sjølv, om du er heldig.

Og reaksjonane blir som fortent: "Umusikalsk". "Misbruk av norsk varemerke". "Det er av sine eigne ein skal ha det", blir det meld på Facebook.

Gje meg ein potetsalat i norske fargar. Gje meg ein potetsalat i det norske flagget. Med potetar frå EU. Spelar det noko rolle at råvarene er importerte så lenge produksjonen er norsk?

Matindustri og daglegvarekjeder pyntar seg til 17. mai med det norske flagget. Sjølv om det ikkje er uvanleg å sjå fargane raudt, kvitt og blått rundt grunnlovsdagen, bør ein vera varsam med kva ein signaliserer. Grensar det til villeiande marknadsføring når Mills nye 17. mai-potetsalat-boks er pryda med det norske flagget, sjølv om det er innanfor juridisk sett? Nyt Norge-merket står såpass sterkt som merkevare, at forbrukarane ventar seg norske råvarer når dei glimtar eit Noreg i raudt, kvitt og blått på maten.

Villeiande, seier Senterungdoms-leiar Torleik Svelle, når poteten i Mills-salaten kjem frå "EU". Han får støtte frå matgeneral Nina Sundqvist i Matmerk, som meiner leverandørane surfar på ei norskdomsbylgje.

Annonse

"Hurra for Norge, 17. mai og olje og alt det derre der. (Hei)"

Må vera greitt, svarar Mills, når produksjonen skjer i Noreg. Det er innanfor regelverket.

Det er bra at matindustrien i Noreg, også utanom dei som driv med kjøtt og mjølk, brukar norske råvarer så lenge dei kan. Mills syner til at norske potetar tok slutt i mars, og at selskapet då må bruke importerte potetar "fra EU". Fint, men kvifor trykke det norske flagget på boksen?

Hurra for Melodi Grand Prix som stadig går like bra. (Hei)

Sjølvsagt fordi det skal selje. Nett som puter, gardiner, klede og serviettar blir maten ikledd høgtidsstasen. Til jul er det raude nissar. Påsken har dei gule kyllingane teke hand om. Og kvar vår er det det norske flagget som prydar maten. Problemet, som matindustri og daglegvarekjeder neppe vil ta innover seg, er at det undergrev anna merking. Nyt Norge-merket er eit norsk flagg. Finn du Nyt Norge på ein mat- eller drikkevare, skal du vera sikker på at vara er hundre prosent norsk, om ikkje alt fôret til dyret oppfostra, slakta og foredla i Noreg er norsk.

No i desse tider er nasjonalkjensla vår som sterkast i løpet av året. At me er inne i ei krisetid, og at det er 80 år sidan andre verdskrigen byrja (i Noreg) og 75 år sidan den tok slutt, veit også næringslivet å dra inntekter av. Norske forbrukarar kjøper gjerne norsk. Dei siste par månadane har også kjedene oppmoda oss om å kjøpe mat frå Noreg.

Vel norsk når du kan! Helsing Rema 1000, Coop og Norgesgruppen. I neste omgang kan dei innkassere kronene når frieri til dei nasjonale kjenslene våre kan avgjera kva me puttar i handlekorga.

I januar var det danskepølse-giganten Tulip som brukte det norske flagget, sjølv om danskepølsa blir foredla og pakka i Tyskland (!). Kjøttet er norsk. Dyra blir altså slakta i Noreg, kjøttet blir pakka og sendt med tungtransport til Tyskland der det blir kverna inn i ei danskepølse (!) og sendt attende til Noreg. Med norsk flagg. Uproblematisk, sa Tulip til TV 2. Kjøttet er jo norsk!

Strengt teke burde det vore eit tysk flagg på pakka, også. Og gjerne eit lite, dansk eit.

Nei, gje meg ein fårefilet til grillen! Ein svinekotelett med norsk lauk. Grilla kylling med norske tomatar.

Eller rett og slett berre ein norsk biff.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Raudt lys for Dyrevernalliansen