Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fuck kjøttindustrien

Gunhild Stordalen vil byggje ein "ustoppelig global bevegelse". Ovanifrå og ned.

Makt: Gunhild Stordalen skal leie viktig arbeid i FN om berekraftig mat. Men gølymer heilt av maktperspektivet i den globale matdebatten. Foto: Siri Juell Rasmussen
Makt: Gunhild Stordalen skal leie viktig arbeid i FN om berekraftig mat. Men gølymer heilt av maktperspektivet i den globale matdebatten. Foto: Siri Juell Rasmussen

I sitt tidlegare liv, som fru Petter Stordalen, jetflaug Gunhild Stordalen verda rundt. Det var yoga her, middag der og feriar i fjerne strøk dei færraste av oss har råd til. Klimaskam er ikkje noko Gunhild Stordalen kjenner veldig sterkt på, men ho dyttar den gjerne på andre.

No har dr. Stordalen sitt arbeid i stiftinga Eat bore ho til topps i FN-systemet. På FN-toppmøtet om mat og mattryggleik neste haust skal ho leie arbeidet med berekraftig mat. Eat-modellen meny på FN-bordet.

Eg skulle gjerne stilt meg i gratulasjonskøen. At ei norsk kvinne når så langt globalt, er sjeldan, og burde jublast for. Men me kan ikkje bli så blinde av at så få nordmenn gjer suksess internasjonalt, at me ikkje ser konsekvensane.

Kritikken mot Stordalen og Eat-prosjektet har stort sett handla om at ho ikkje lever slik ho predikerer. Men sjølv utan eksmannen Petter lever ho framleis eit liv med eit forbruk langt over det gjennomsnittsnordmannen har – også utan biff på tallerkenen.

Eg meiner den sterkaste kritikken mot Stordalen er den manglande maktanalysen hennar. Stordalen proklamerer overfor TV 2 at ho vil byggje "en ustoppelig global bevegelse". FN blir no hennar fremste middel for å få til det.

Dermed har ho alt missa på det sentrale poenget, at dei fleste rørslene som har søkt og skapt endring har kome nedanfrå og opp, ikkje ovanfrå og ned.

Fattigdom og svelt aukar, det er også bakgrunnen for neste års toppmøte i FN. Men det skjer som fylgje av ei skeiv fordeling av makt, mat og kapital i verda, og ikkje at folk et for lite linser.

Annonse

Målet heilagar middelet, heiter det. Men er målet å redusere matproduksjonen sitt klimaavtrykk, er ikkje makta over maten uvesentleg, og det er heller ikkje uvesentleg korleis det skjer.

Når du mengjer deg med dei store, globale mataktørane, er du ein del av eliten. Du blir avhengig av eliten for å få finansar til prosjekta dine. Det gjer noko med kor kritisk du er.

Stordalen ser ikkje ut til å bry seg stort om slavetilstandar i søreuropeisk grønsakproduksjon, mafiaens kontroll over delar av matproduksjonen i Italia eller at småbønder over heile verda blir forvist frå gard og grunn når storkapitalens interesser skal rå.

Amerikanarane kan heilt sikker eta færre hamburgarar per veke. Den eksplosive veksten i kjøttforbruket i den vestlege verda skjer fordi kjøttet blir billig og løna betre. Eg ser ingen grunn til å forsvare amerikansk industriproduksjon av mat, der regelverket er lysår frå det norske.

Men verken Stordalen, FN eller styresmaktene kan ta utgangspunkt i amerikansk forbruk og produksjon åleine. USA blir skrekkdømet, kosthaldet blir sett på pidestallen. Og politikken i Noreg skal lagast som om Noreg er USA. Det er det ikkje.

I fjor tvitra Stordalen "interesting read on disruption in the protein market". Patrick O. Brown, sjefen for selskapet Impossible Foods, som produserer mellom anna plantebaserte burgarar, sa til avisa The New Yorker at målet er å dytte biffindustrien, som er "skjør og har låge marginar", inn i ein dødsspiral. “Så kan me berre peike på svineindustrien og kyllingindustrien og seia "De er neste ut!", og dei kjem vil gå konkurs endå raskare." Med økonomisk støtte frå mellom anna Google, Bill Gates og Hongkong-milliardæren (i dollar) Li Ka-shing jobbar altså selskapet for at selskap skal gå konkurs, arbeidsfolk miste arbeidet sitt, og bøndene inntekta si.

At Stordalen tilsynelatande tykkjer dette er ein god ide, synleggjer berre dei manglande maktanalysane. Eat-stiftinga er sjølv finansiert av globale matselskap, der makt, eigarskap og inntekter er samla på få hender, i selskap som opererer på kostnad av til dømes samvirkeeigde og bondeeigde bedrifter. Og som ikkje kvir seg for å selje prosessert, billig mat der du ikkje eingong kjenner att maten du får på bordet.

Klimaendringane påverkar også matproduksjonen. At me må produsere meir mat, meir klimavenleg, er openbert. Men då må me byggje demokratiske system som sikrar at matproduksjonen og maten vår i framtida ikkje blir underlagt globale gigantar, som sikrar at kvart land produserer mat tilpassa nasjonale høve. Gunhild Stordalen banar veg for det motsette.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Dagens klimaregnskap – en trussel for matforsyningen