Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er olje den nye olja?

I så fall er det jo berre å leggje ned det grøne skiftet. Og føkke Oslo.

Olje: Johan Sverdrup opna i januar. Feltet er det tredje største oljefeltet på norsk sokkel. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Olje: Johan Sverdrup opna i januar. Feltet er det tredje største oljefeltet på norsk sokkel. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Koronakronene ramla ut av pengebingen i takt med at Noreg vart stengt. Også til oljebransjen, som ein skulle tru ville vera den industrien som ville ha gode føresetnader til å stå seg gjennom den økonomiske krisa i kjølvatnet av epidemien.

Det er berre å gratulere oljeindustrien. No er kritikk av den lukrative oljepakka Stortinget vart samde om, det same som å ikkje forstå landet, ikkje skjøna kvar pengane eigentleg kjem frå. Bukke, nikke, neie kvar dag for at me har mat på bordet og for at bestemor blir vaska i stumpen på sjukeheimen. Industrien har fått olje i tannhjula, huhei, kor det går.

Politisk redaktør i Nordlys, Skjalg Fjellheim, går Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum ein høg gang i å konstruere fiktive problemstillingar mellom bygd og by. No er det "Oslo-kommentariatet" som får svi. Du kan nemleg ikkje lenger vera kritisk til kva oljelobbyen klarar å oppnå på Stortinget utan å få Oslo-stempelet. Og me veit jo alle at det er det verste stempelet du kan få.

Ingenting er så ille som Oslo.

Er du kritisk til oljepakka, er du mot olje, og dermed er du mot distrikta. Enklare kan det ikkje bli, ikkje ein gong i eit Nord-Noreg der motstanden mot oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen har auka jamt og trutt.

Semja om oljestøtte på Stortinget gir 115 milliardar i utsett skatt. Det er nesten heile Nord-Noreg-banen, i 2019-tal.

Annonse

Pussig nok – sidan me står midt i ei klimakrise, ei krise me har gløymd litt av på grunn av koronapandemien – har det knapt vore meir vanskeleg å argumentere for at fossilalderen må ta slutt. At den grøne og den blå alderen står for døra. At store delar av verda skjønar det, berre ikkje Noreg. At også leverandørindustrien må omstille seg. At det ikkje er automatikk i at di fleire pengar oljeindustrien kan bruke til oljeutvinning, di meir pengar vil dei bruke på omstilling.

Nei, vent: Det skulle då forresten berre mangle. At oljenæringa no får så mykje støtte at også ulønsame prosjekt blir lønsame, skulle berre mangle. Oljenæringa ber trass alt velferdsstaten på sine skrantande, samansokne skuldrer. Alle som ikkje forstår at næringa difor treng langt betre vilkår enn andre næringar, er dumme i hovudet, vil leggje ned velferdsstaten, og er dessutan frå "Oslo" i tillegg til å røyste SV eller MDG. Fysjom.

Blåst vekk er kritikken mot pakka som kan føre til at ulønsame prosjekt blir lønsame. Gløymd er det grøne skiftet. Det er så innmari 2015. Dessutan er det like mykje blått skifte, for ikkje å snakke om eit svart skifte.

Gløymd er det grøne karbonet, som skulle redde Noreg si klimaære. Ingenting er betre for distrikta enn svart karbon. Dessutan er det ikkje så svart heller, når sokkelen blir elektrifisert, kan ein nesten til og med snakke om at Noreg bidreg positivt til verdas klimagassutslepp med oljeutvinninga. Olje for klima.

Me såg det også i debatten om grunnrenteskatt på laks. Forsøk på å formidle at ei lukrativ næring også bør betale ein del skatt, vart møtt med at "Oslo" ikkje forstår kven det er som skapar verdiane i landet her. Kapitalen, om det er laks eller olje, er gode på å fortelje historier om kvifor nett han skal betale minst mogleg skatt.

Min kommentarkollega, kornbonden og skogeigaren Hans Bårdsgård, kan til dømes bli stempla som "Oslo-makta som ikkje skjønar næringslivet i distrikta", sjølv om han bur og jobbar i Selbu. I Trøndelag. Fordi han meiner oppdrettsnæringa bør betale meir skatt, helst lokalt.

Oslo – eller Oshlo – har vorte eit omgrep. Eliten i Oslo. Fuck Oslo. Nåde deg om du jobbar i ei avis med hovudkontor i Oslo, og meiner landets politikarar burde innsett kva klimakrisa faktisk inneber. At det å takle klimakrisa tyder at oljenæringa ikkje kan få statlege midlar til å investere i framtidige prosjekt som eigentleg ikkje er lønsame. At det å takle klimakrisa tyder at også oljeindustrien og leverandørindustrien må innsjå at oljealderen skal og må ta slutt. Få er så konserverande og lite omstillingsvillige som eit Industri Energi på fossil brensel.

I den grad Fjellheim er ein representant for distrikta; sjølvutnemnde distriktsrepresentantar skal passe seg vel for å bli klimasinker. Distriktspolitikk handlar om langt meir enn å sikre fossile investeringar inn i all æva. Heldigvis.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lønn for krisen