Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er me klare for ei ny forbodstid?

Er nordmenn klare for ei ny runde hytteforbod?

Hytteforbod: I vår vart det innført forbod mot å overnatte på fritidsbustader. Årsaka var eit lokalt helsevesen som ikkje ville kunne handtere store smitteutbrot. Før neste pandemi kjem, bør me heller sjå på hyttene som ein beredskap. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Hytteforbod: I vår vart det innført forbod mot å overnatte på fritidsbustader. Årsaka var eit lokalt helsevesen som ikkje ville kunne handtere store smitteutbrot. Før neste pandemi kjem, bør me heller sjå på hyttene som ein beredskap. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Ein merkeleg vår er avløyst av ein like merkeleg sumar. Festivalar er avlyste, gamle feriedraumar er erstatta med nye. Mange stader i Noreg er det det vanlege køkaoset når feriefolket kjem på besøk.

Men denne sumaren er annleis enn før. No er det ikkje kinesarar, tyskarar eller danskar som skapar ferjekrøll i Lofoten eller kø opp på Gaustatoppen. Det er norske turistar på tur i heimlandet. I elbilar, bubilar eller med campingvogn på slep.

Koronaturisme kan me kanskje kalle det. Betre for klimaet er det garantert, for sjølv om våre utanlandsreiser med fly ikkje tel i klimarekneskapen vår, er langdistanseflyging ikkje særleg klimavenleg.

Så får det vera at hyttevertar i Den norske turistforeningen må halde ut med nordmenn som spør om det er TV eller område for avslapping på romma på DNT-hyttene. Det bør vera heilt greitt. Dei einaste dumme spørsmåla er dei som ikkje blir spurde. Det blir også meldt om folk som brukar "vinterhytta" på sumaren (!), at det er kø ved ladestasjonar i distrikta og om bilar som prøver å snike i ferjekøen. Kanskje kan årets sumar endeleg blir støyten som skal til for å byggje ut eit ladenett for elbilar i Distrikts-Noreg? At det no endeleg blir slutt på høge ferjeprisar og færre avgangar?

Frå Lofoten melder kommuneoverlege i Vågan, Jan Håkon Juul, at legevakta har vore rigga for at det er fleire folk i området på sumaren. Ikkje til forkleinelse for Oslo, men Distrikts-Noreg er fortrinnet vårt når me lokkar turistar til landet. Det ser me også no, når reiselivsnæringa i distrikta ser ut til å bli vinnaren på kostnad av byane. Då kan ikkje kommunar som driv massiv hytteutbygging og tilretteleggjing for reiselivet la vera å planleggje helsetenestene deretter.

Men er det desentraliserte helsevesenet vårt rusta for ein koronapandemi?

Nei, ifylgje ordførarar i småkommunar, hyttekommunar og Høgre-statsrådar som klør i fingrane etter å slå desse kommunane saman. Difor vart hytteforbodet innført i vår. Altså; den svært mangfaldige og diffuse gruppa "hyttefolk" vart bedne om å halde seg heime.

Annonse

Medan det stod på som verst rundt om i debattspaltene i avisene og i Facebook-feeden, var det rett og slett ikkje mogleg å diskutere kva Noreg som land kan få ut av å ha ei spreitt busetjing. Eg håpar eg aldri sluttar å la meg sjokkere over kva vaksne folk får til å skrive under fullt namn på Facebook, uansett tema, men i debatten kring hytteforbodet, lokale karantenar, den elska og hata "søring-karantenen" og mindre gjennomtenkte utspel frå ordførarar, måtte eg berre puste med magen og skrolle vidare.

Når faren trugar oss blir medkjensla vår med andre sett på prøve. Tidvis hadde me – og eg generaliserer med vilje her – svært lite medkjensle i Noreg. Folk vart sett på som spedalske og pestberarar, sjølv om dei sat friske 50 mil unna. Studentar fekk ikkje lov å reise heim til sjølvpålagt karantene i kjellaren hjå mor og far, fordi ordføraren ikkje ville ha "belastninga" med å ha dei heim.

Det ligg i oss å flykte frå fare, flykte ut av byen – til fjells eller til sjøs. Under koronafaren var det ikkje lov å flykte, for å setje det på spissen. Men byar, som er konstruerte for å hyse mange folk, blir også reine smittefellene. Det var fleire småkommunar som også hadde høg smitte, som Frosta, Sel og Hol. Strenge, lokale restriksjonar var nødvendig for å få has på smittespreiinga, eller for å hindre at smitta kjem inn i kommunen. Når knapt nok sjukehusa våre var klare for ein pandemi, kan ein ikkje laste Kommune-Noreg for å ynskje å ta vare på eigne innbyggjarar fyrst.

I mange år har legevakter vorte sentraliserte, lokalsjukehus lagde ned eller fått reduserte tenester. Målet har vore å sentralisere for å skapa "robuste tenester". Men når pandemien råkar, er ikkje systemet lenger robust. Kommunar som har flytta legevakta ut av bygda, flytter også beredskapen ut av bygda. Det gjer at kommunen står dårlegare rusta i ein pandemi.

Svaret i vår var å stengje ned alt; skular, idrettshallar, tilbod og undervisning til sårbare barn og unge. Mange kommunar stengde også grensene for utabygds folk, og brukte det lokale brannvesenet for å setje opp kontrollpostar inn til kommunen. Fyr på bålet vart det også då statsminister Erna Solberg sjølv truga med å sende Heimevern og Sivilforsvaret etter hyttefolk som kunne ha lurt seg inn i eit mørkt hjørne på hytta.

Det bli vanskeleg å stengje ned Noreg på same måte når neste pandemi kjem. Då er det kanskje på tide å tenkje nytt? Kanskje skulle me heller sjå den spreidde busetjinga og fritidsbustadene som eit av våre fremste fortrinn mot smittespreiing.

Som professor emeritus Håvard Teigen ved Høgskulen i Innlandet har poengtert: "Når hovudstrategien er å få folk til ha lengst mogleg avstand til kvarandre, vil opphald på hytta gjere at talet på smitta samla sett vil gå ned."

Kanskje treng me ein beredskap som blir med på fluktlasset ut av byen, i staden for å bruke offentlege ressursar på jage folk heim att frå fjellbygda eller kysten. Kanskje bør kommunar som ikkje har eigedomsskatt på fritidsbustader byrje å krevje det inn – for å kunne tilby tenester når krisa råkar.

Truleg er det på også tide å tenkje nytt kring overføringar til kommunane, mellom anna å leggje det reelle folketalet til grunn. Eg håpar i alle fall at dei mange distrikts- og hyttekommunane rundt om i landet ser kva konkurransefortrinn dei har, i staden for å snakke seg sjølve ned.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Koronasmitte på Hurtigrutens hotellskip MS Finnmarken