Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er me ikkje redde nok?

Noreg er eit rikt land. Difor er beredskapen vår bygd på at me skal kjøpe oss ut av ei kvar matkrise. Difor har me ikkje beredskapslager for korn.

Beredskap: Felleskjøpet Agri kjøpte i 2014 opp Stavanger Havnesilo etter at Cermaq ville selje det fordi staten ikkje lenger ville finansiere eit beredskapslager for korn. Foto: Siri Juell Rasmussen
Beredskap: Felleskjøpet Agri kjøpte i 2014 opp Stavanger Havnesilo etter at Cermaq ville selje det fordi staten ikkje lenger ville finansiere eit beredskapslager for korn. Foto: Siri Juell Rasmussen

Dei fyrste meldingane om hamstring kom tidleg. Trass i at Erna Solberg hadde sagt at me ikkje skulle gjera det, vart det tomt for joikakaker og dopapir, som om det var det som skulle redde oss i koronakrisa.

Selvforsyning og matberedskap

Se hele artikkelserien her

Å hamstre varer er menneskeleg. Me hamstrar på tilbod, me hamstrar billige peparkaker til jul, me hamstrar når det er smørkrise, me hamstrar dopapir fordi dei andre gjer det. Hamsteren hamstrar – derfor namnet – fordi den skal ha mat gjennom vinteren. Den hamstrar for beredskapen.

Noreg er eit rikt land. Difor har me tillate oss å ha ein låg sjølvforsyningsgrad. Sjølvforsyningsgraden er den same som den delen av kosthaldet vårt som blir dekt av norske jordbruksprodukt og norsk fisk, om lag 50 prosent. Fjernar me den matproduksjonen som ikkje skjer på norske ressursar, er sjølvforsyningsgraden 40 prosent.

Noreg er eit rikt land. Og som eit rikt land trur me at me kan kjøpe oss ut av alle matkriser, slik me gjorde då det vinteren 2017 vart floge inn salat frå USA. Vinteren 2017 var det frukt- og grønsakskrise fordi grønsaksområda sør i Europa – "grønsakshagen" vår – var råka av ekstremvêr. Det førte til at mellom anna Storbritannia innførte rasjonering på grønsaker. I Noreg? Me frakta som nemnd inn grønsaker. Med fly. For å sikre framleis fulle grønsakshyller i norske butikkar.

Noreg er eit rikt land. Difor treng ikkje politikarane våre å lytte til dei erfarne fjellfolka som kan kriseberedskap; Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). I 2017 føreslo DSB at regjeringa skulle greie ut beredskapslager for korn. DSB tok ikkje stilling til om det burde det, men i ei vurdering av den totale matberedskapen måtte det greiast ut. Regjeringa konkluderte med at det ikkje var nødvendig med eit beredskapslager for korn. I 2018 kalla dåverande landbruks- og matminister beredskapslager Jon Georg Dale overfor NRK "overflødig, hvis ikke alt går galt samtidig".

Det statlege beredskapslageret for korn vart lagt ned i 2003. Sidan då har me sett ei internasjonal matkrise, som førte til opprør og svelt, og store korneksporterande land som skrudde att krana. Klimaendringane har gjort vêret både våtare og tørrare. Me veit at det blir meir ekstremvêr. Me veit at det påverkar kornavlingane også i Noreg.

Annonse

I 2017, som var prognosert til å bli eit godt kornår, regna kornavlingane bort i Sør-Noreg, medan Trøndelag hadde ein god kornhaust. Mykje av kornet som skulle gå til menneskemat, måtte difor brukt til dyrefôr. Året etter – med tørkesumaren 2018 – vart det dårlegaste kornåret på nesten 50 år.

Mang ein sparebank har vorte starta med pengar frå korn. Bygdene hadde plikt til å ha eit lager som kunne brukast til såkorn neste år. Då pengeøkonomien tok over, vart pengar eit betre betalingsmiddel enn korn. Men me kan ikkje eta pengar. Me kan kjøpe mat for pengane, men me kan ikkje eta dei.

Noreg er eit rikt land. Men den pågåande koronaepidemien minner oss om kor sårbare me er som samfunn. Det må også få konsekvensar for matberedskapen. Kanskje har me ikkje vore redde nok. Kanskje har oljerikdomen gjort oss for bortskjemde til at me klarar å ta inn over oss kva mangel faktisk tyder. Kanskje er det på tide å innsjå at i kriser vil kvart land ta ansvar for seg sjølv og sine. Som Ukraina har gjort det i kornkriser.

Nationen har fleire gongar løfta spørsmålet om at Noreg må ha eigne beredskapslager for korn. Føremålet med lagra er at me skal vera sikra ei viss forsyning av korn i ein viss periode. Kornberedskap handlar om noko så enkelt – og vanskeleg politisk tema – som beredskap. Om å vera beredt – om å vera klar.

Førebels har ikkje pandemien fått konsekvensar for matberedskapen. Men den kan det. Me veit ikkje korleis viruset vil utvikle seg. Me veit ikkje om det dukkar opp att til sumaren eller hausten, om tiltaka me har sett i verk skulle verke mot koronaviruset i vår.

Me kan likevel vera sikre på eitt; det vil koma ein ny pandemi. Sars-epidemien i 2003, svineinfluensaen i 2009. Covid-19-epidemien no. Det er den tredje globale epidemien på 17 år. Beredskap handlar ikkje berre om forsking og utvikling av vaksine. Om at me må ha eigne lagre med smittevernutstyr, som gjer Noreg rusta for ein epidemi utan at helsepersonell må spara på munnbinda. Det handlar også om å trygge matforsyninga.

Noreg er eit rikt land. Me har råd til beredskapslager for korn.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Forsker: – Norge har noen av verdens beste forhold for å dyrke planter i veksthus