Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er frykta farlegare enn viruset?

Ei frykt er som eit virus. Ho smittar

Kampen mot corona: Soldatar frå hæren sprøytar desinfiseringsmiddel på togstasjonen i Daegu,  Sør-Korea, laurdag 29. februar. Foto: Kim Hyun-tai / Yonhap / AP / NTB scanpix
Kampen mot corona: Soldatar frå hæren sprøytar desinfiseringsmiddel på togstasjonen i Daegu, Sør-Korea, laurdag 29. februar. Foto: Kim Hyun-tai / Yonhap / AP / NTB scanpix

Rundt midten av januar tikka dei fyrste nyheitsmeldingane om coronaviruset ut i Noreg. I Wuhan i Kina var det oppdaga eit nytt type coronavirus, i ettertid døypt covid-19. Viruset kan ha hoppa frå flaggermus til menneske ved at fleire menneske har ete flaggermus, ein vanleg ingrediens i matrettar i området.

Me har fått endå eit virus som kan smitte frå dyr til menneske, som svineinfluensa, parasittar og ringorm gjer. Eller Campylobacter og E. coli, som fyrst og fremst smittar gjennom mat. I det heile er kontakten vår med dyr – og andre menneske – ei stadig kjelde til sjukdomar. "Flaggermus kan være bærer av hele 117 forskjellige virus, og 60 av disse kan gi alvorlig sykdom hos mennesker", ifylgje professor Ørjan Olsvik ved Universitetet i Tromsø. Smak litt på den.

Sant å seia tykkjer eg det er litt vanskeleg å få tak på kor farleg det nye corona-viruset er. Og om det er særleg mykje farlegare enn vanleg sesonginfluensa. Det skal visstnok smitte veldig lett, sidan det er eit nytt virus me ikkje har fått bygd opp immunforsvaret mot, men dei fleste som får påvist corona-viruset (80 prosent ifylgje Verdas Helseorganisasjon) har lette til moderate plagar. Til no har likevel ifylgje statistikken (som ein kan fylgje "minutt-for-minutt" på VG) prosentvis fleire døydd av covid-19 enn sesonginfluensaen.

På den eine sida er det offisielle rådet at me skal ta det med ro, sova godt, trene, eta sunt, ikkje nyse på andre (!) og vaske hendene våre. Altså om lag slik me bør leva liva våre ein kva for helst dag elles i året. Skilnaden er at no kan du få eit skeivt blikk og ein grimase om du skulle koma til å kremte litt høglydt i større forsamlingar, som på offentlege bussar eller butikkar. Me bør ikkje reise til Nord-Italia seier Folkehelseinstituttet, medan det tradisjonelt er Utanriksdepartementet som gir reiseråd.

Det er offisielt ingen grunn til panikk. Folkehelseinstituttet rykkjer likevel ut mot hamstring av mat, etter at Orkla meldte om salsvekst på 50 prosent for hermetikk førre veke. Joikakaker mot corona? Kor lenge trur folk at dette skal vare? To år? Det er fyrst og fremst eldre og sjuke folk som kan døy, er meldingane som er meint å roe oss ned, som om folk over 65 år ikkje finst, ikkje kan fylgje med i media, eller ikkje har same verdi som oss andre.

På den andre sida blir folk som har feriert i Nord-Italia bedne om å halde seg heime i pålagt heimekontor i 14 dagar. Cruiseturistar blir sett i karantene på luksusfartyget "Hysteria of the Seas". Statsminister Erna Solberg kommenterer virusutviklinga i beste sendetid på Dagsrevyen, og Holmenkoll-dagen kan bli avlyst.

Annonse

Som kronisk astmatikar er eg i risikogruppa for coronavirus, som for vanleg sesonginfluensa. Det tyder at eg kjenner litt ekstra på behovet for å setje meg sjølv i karantene (med eller utan joikakaker), om eg sit ved sidan av nokon som hostar på bussen.

Under svineinfluensaen i 2009–2010 jobba eg for Redaksjon1 i NRK. For dei som ikkje hugsar attende til svineinfluensaen; det var krigstypar om lag kvar dag i avisene. Særleg skummelt vart det, slik eg hugsar det, fordi det var unge folk som hamna på sjukehus. Dei mange sendingane me hadde om influensaen bidrog ikkje til å redusere skrekkbileta i hovudet mitt. Då vaksinen endeleg var på plass, var eg ein av dei som stod i kø for å få teke den. 1,9 millionar nordmenn vart vaksinerte, og risikoen for å få narkolepsi synte seg i ettertid var fem gongar høgare for vaksinerte enn for ikkje-vaksinerte.

"Ti år etter svineinfluensautbruddet er det fremdeles uklart om vedtaket om massevaksinasjon ble fattet på et rasjonelt og uhildet grunnlag," skriv Elling Ulvestad og Lars Slørdal, høvesvis spesialist i immunologi og transfusjonsmedisinar og spesialist i klinisk farmakologiar, i Tidsskriftet Den norske legeforening. Økonomiske bindingar mellom fagpersonar som fungerte som premissleverandørar for helsestyresmakter og legemiddelindustrien har vorte avslørt i British Medical Journal.

33 folk vart registrert døde som fylgje av svineinfluensaen i Noreg. Til samanlikning døyr i snitt 900 folk av influensa kvart år.

Corona får Google til å avlyse det største arrangementet selskapet har, Google I/O-konferansen, og undersøkjer om det er mogleg å samle folk online. Sveits har lagt ned forbod mot arrangement som samlar meir enn 1000 folk. Donald Trump ber folk om å ikkje klemme på kvarandre og vaske hendene sine. NHO reiseliv fryktar for permitteringar og konkursar fordi turistane ikkje tør setja seg på flyet. Abid Raja skulle tale på 8. mars-arrangement i New York, men det er avlyst.

Per tysdag kveld var 33 folk smitta av coronaviruset. Onsdag publiserte VG ei undersøking som syner at me ikkje er så redde for å få viruset. Tre av fire svarar at dei "i liten grad" er bekymra for å bli smitta av coronaviruset. Då kan ein lure på kva det er som går føre seg i selskapa og på børsane rundt om i verda.

Me andre får halde oss rolege og halde fram, som dei seier i England. Eller dra i Kollen og heie fram skiløparane våre.

Berre hugs å ta deg ein skarp ein før du heiar, så du ikkje utset Therese Johaug for smittefare. DÅ snakkar me nasjonal krise!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Rydd opp, Torbjørn Røe Isaksen