Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er du redd for koronaepidemien?

Då bør klimakrisa engste deg meir.

Ein sverm av ørkengrashopper i Kipsing, Kenya. Det er den andre, store grashoppebylgja på nokre veker. Foto: Sven Torfinn / FAO / AP / NTB scanpix
Ein sverm av ørkengrashopper i Kipsing, Kenya. Det er den andre, store grashoppebylgja på nokre veker. Foto: Sven Torfinn / FAO / AP / NTB scanpix

Svermen ser ut som ei bibelsk landeplage. Men det er ikkje Gud som har sendt den, det er ein miks av klimaendringar, krig og landbrukspolitikk.

Nokre veker før koronaviruset braut ut globalt, var fleire austafrikanske land alt råka av dei største grashoppesvermane på 70 år. No kjem ei andre bylgje på kort tid, og den er sagt at skal vera 20 gongar større enn den fyrste.

Milliardar av grashopper et opp avlingane til bøndene i land etter land, og kan skapa matkrise for millionar av menneske. Kampen mot grashoppene blir forsinka av at fleire land har stengd ned på grunn av krononakrisa, av at krigsridde land som Somalia og Yemen ikkje har kapasitet til å motverke grashoppene, og av at det einaste som verkar mot grashopper – sprøytemiddel – også skapar problem for husdyra som skal beite i områda.

Den store, underliggjande klima- og naturkrisa har naturleg nok fått mindre merksemd under pandemien. Når land etter land blir råka av koronaviruset, med dei menneskelege og samfunnsøkonomiske konsekvensane som fylgjer i kjølvatnet, er ei krise som ikkje kjennest umiddelbart påtrengande lett å gløyme for ei stund.

Men grashoppesvermane som no trugar matforsyninga for 25 millionar menneske er eit symptom på klimaendringar. Sjølv om grashoppesvermar ikkje er uvanleg i historia, gjer klimatiske endringar at det truleg blir fleire av dei i tida som ligg føre oss.

Global oppvarming og varmare hav fører til meir ekstremvêr og fleire og større syklonar. Dei to store grashoppe-utbrota austafrikanske land har sett dei siste par månadane blir sett i samanheng med uvanlege syklonar som har råka den arabiske ørkenen, og som har skapa gode vekstvilkår for ørkengrashoppene.

Annonse

Grashoppebylgjene er difor ei påminning om at klimaendringane ikkje har stoppa opp etter nokre vekers nedstenging av verda. Det skal litt meir til. Klimaendringar og grashoppesvermar som skjer "der ute ein stad" forsvinn ikkje, sjølv om koronaviruset kjennest nærmare når det kan råke kvar og einskild av oss. Alt no døyr 150.000 menneske årleg på grunn av klimaendringar, ifylgje WHO. Når næringslivet skal byggjast opp att etter koronaepidemien har me ei moglegheit til å leggje klimaomsyna til grunn for utvikling av samfunnet, politiske løysingar og vedtak.

I staden held fossilindustrien fram som før. Norsk olje og gass er bekymra for laber oljeaktivitet, og vil at staten skal dekkje 90 prosent av investeringane på sokkelen. Olje- og energidepartementet føreslår å lyse ut 36 nye blokkar i årets konsesjonsrunde. Frps energi- og miljøpolitiske talsperson, tidlegare landbruks- og matminister Jon Georg Dale, meiner oljeindustrien må sikrast tilgang på nye leiteområde. Sp-nestleiar Ola Borten Moe melder på Facebook-sida si at han håpar me no slepp diskusjonen om "styrt avvikling av olje og gassnæringen".

Dale vil utsetje klimakur 2030 og Borten Moe håpar at "Klimadebatten får konkurranse fra mer matnyttige tema [ …]. Det verkar ikkje som at dei to politikarane innser kor alvorleg klimaendringane er. Det blir litt slik; "Eg trur på menneskeskapa klimaendringar, men …".

Å byggje opp att landet etter koronaepidemien utan tanke på omstilling av industrien er i beste fall uforsvarleg. Utfordringa er at klimaendringane kan vera langt frå det kollektive, nasjonale medvitet når hundretusenvis er permitterte, stengingar av barnehagar og skular kostar samfunnet milliardar kvar veke, og inntektene frå olje og gass gjer oss såpass nøgde med å klare oss nokon lunde gjennom krisa at det ikkje lenger blir ein diskusjon om kor lenge me skal halde fram med å lulle oss inn i oljestanken.

Forvaltningsplanen for Barentshavet og dermed ei grense for iskanten, skal etter planen opp i Stortinget i vår. Debatten om klimakur må halde fram, ikkje minst fordi me treng ein open, faktaorientert debatt om metangass og kyr. Det er nettopp no, når me har auga for kor viktig nasjonal matproduksjon er for den nasjonale beredskapen, at me ikkje skal leggje klimakur 2030 i skuffen, slik Jon Georg Dale vil.

Før koronaepidemien trefte oss låg klima og distriktspolitikk an til å bli dei to store sakene fram mot stortingsvalet i 2021. At arbeidsliv, næringsutvikling og skatt også vil bli store tema, seier seg sjølv. Men klimaet stoppar ikkje å endre seg, og sjølv om det blir rapportert om mindre klimagassutslepp som fylgje av nedstenging, er ikkje reduksjonane varige. Det vil også framleis bu folk over heile landet. Og epidemien har synt kor nødvendig det er med desentralisert beredskap også i eit folkehelseperspektiv.

Men omstillinga til eit grønare samfunn, med langt mindre klimagassutslepp, må skyte fart. Det er grashoppesvermane eit godt døme på.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fallet i leveransane av mjølk bremsar opp