Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er det plass til Bygde-Høgre i Høgre?

Erna Solbergs suksess kan fort bli snudd til den mest krevjande oppgåva ho får som statsminister.

Leiing: Erna Solberg og resten av partileiinga gjer seg klar til å styre partiet trygt gjennom landsmøtehelga, utan den aller største oppstandelse. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

10,7. 3,3. 2,3.

Det er ikkje gjennomsnittstemperaturen i Høgre-kommunar i innlandet ein kald sumar, men Frps, KrFs og Venstre si oppslutning på marsmålinga frå Norfakta. Lagde ihop er tala krise for regjeringa, ei krise som ikkje lenger berre er potensiell.

Småpartia i regjering etablerer seg under sperregrensa. Frp tapar pallplasseringa som det tredje største partiet i Noreg. Høgre klarar seg greitt nok, men er i ferd med å stele venstresida sine klede i budsjettspørsmålet. Salige Jan P. Syse tok retningsgrep då Arbeidarpartiet kom for langt inn på Høgre sin banehalvdel. Dagens partileiar og statsminister Erna Solberg har derimot stole andre sine klede. Ute på badetur med forsvarets fregattar er badedrakta alt anna enn nøktern marineblå.

Høgre ser ut til å vera svært så bekvemt med å administrere landet på beste embetsmanns vis frå regjeringskontora. Over eller under streken spelar ikkje så stor rolle. På onsdagens pressekonferanse varsla Solberg om at dårlegare tider vil koma. Det kunne fint ha vore tittelen på eit Jon Fosse-stykke, som ein oppfylgjar til "Nokon kjem til å komme". Å kombinere dei dårlege tidene som vil koma med stramt budsjett, når KrF, Venstre og Frp dalar ned i skjul, borgar ikkje for attval i 2021.

Difor ser Solbergs styringsformel ut til å vera "alle skal få", ei slags omskriving – eller klestjuveri – frå Arbeidarpartiet sitt slagord "Alle skal med". Kva Kåre Willoch, konservatismens grand old man, tykkjer om det, seier han vonleg noko om i helsingstala til landsmøtet i helga. Willoch er ikkje kjend for å halde inne med kva han meiner, og partiets nyorientering i økonomisk (u)ansvarleg politikk, bør uroe den tidlegare partileiaren og statsministeren.

Oppsummert

Landsmøte i Høgre

1 Høgre arrangerer 15.–17. mars landsmøte på Gardermoen.

Debatt

2 Hovudsaker er nytt prinsipprogram og tre store resolusjonar om lokal verdiskaping, velferd i kommunane og internasjonal politikk.

Slit på målingane

3 Sjølv om Høgre har halde seg greitt stabilt på meiningsmålingane, slit samarbeidspartia. Det kan borge for borgarleg bråk i tida som kjem.

Skal Høgres samarbeidspartnarar kunne vinne attende veljarane, må dei kunne syne til at dei har fått til reell politikk. Di fleire parti i regjeringa, di vanskelegare er det å setje farge på politikken. Solberg må forvente meir høglydte krav, særleg om valet går så dårleg for samarbeidspartia som det ser ut til på meiningsmålingane for tida.

Annonse

Resultatet er at Solberg framstår meir og meir som ein lidenskapslaus administrator. Om ho har stole Jens Stoltenberg sine klede, eller om det er ein konsekvens av å styret landet og iltre småparti som "skal ha, skal ha" – skal Høgre finpusse profilen sin fram mot lokalvalet til hausten og stortingsvalet i 2021 er det grenser for kva Venstre og Frp kan få på kvar sin kant. Særleg når omsyn også må takast internt i Høgre. Kanskje er det derfor det passar Solberg og Høgre så bra å la oljefondet dekkje ekstraordinære utgifter. Men god Høgre-politikk er det ikkje å setje næring etter tæring.

For delar av næringspartiet Høgre er pelsdyrforbodet vanskeleg å svelgje.

Så – kva plass har Bygde-Høgre i Høgre for tida? Er det særleg rom for distriktspolitikken til partiet? Under landsmøtet blir det lagt opp til hovuddebattar om tiggeforbod, kva stilling kyrkja skal ha i samfunnet og fråversgrensa på vidaregåande skule. Men distriktspolitikken – kva som skal til for at folk skal leva gode liv på bygda – uteblir.

Kommunane skal digitalisere tenestene for innbyggjarane sine, men det kjem ikkje noko ekstra lovnad på å byggje ut høgkapasitets breiband i strøk av landet der marknaden ikkje ordnar opp. Det skal "løne seg å jobbe", men det manglar på løysingar når det blir lenger til Nav-kontoret og saksbehandlaren ikkje er å få tak i på telefon.

No kjem debatten på landsmøtet til å handle om viktige distriktspolitiske spørsmål. Grunnrenteskatt på havbruksnæringa – populært kalla lakseskatten – blir eit tema. Hanne Velure (Oppland) og Grete Horntvedt (Oslo) tek til orde for grunnrenteskatt, og at vertskommunen (som i stor grad er distriktskommunar) må få hovuddelen av inntektene. Motstandarane av grunnrenteskatt er bekymra for at ein slik skatt smitter til skog, turisme og mineralæring, sjølv om grunnrenta på vasskraft ikkje har smitta på 100 år.

For delar av næringspartiet Høgre er pelsdyrforbodet vanskeleg å svelgje. Innlandet Høgre føreslår å droppe den planlagde avviklinga av næringa i Noreg. Sekundært håpar partiet at pelsdyrbøndene vil få betre kompensert enn dei usle 368 millionane regjeringa føreslår. Får dei landsmøtet si støtte til det fyrste, er det ikkje anna enn ei vidareføring av Høgre sin politikk. Men i det store og heile har Regjerings-Høgre kome dit i dag at styringsdyktigheit er viktigare enn næringsliv i distrikta.

Ernas problem er at næringsforboda for pelsnæringa og bønder som driv gardsbruk i nærleiken av myr, ikkje er særleg god Høgre-politikk.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Avvikling av pelsdyrnæringen utløser full erstatning