Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er det ikkje lenger mogleg å vera nasjonal?

Det er ikkje om det er slik, det er kjensla av at det er slik som er avgjerande for at me oppfattar noko som norsk.

Flagg og grenser: Frå me er born lærer me oss å skilje oss sjølve frå dei andre. Foto: Aleksey Butenkov / Mostphotos
Flagg og grenser: Frå me er born lærer me oss å skilje oss sjølve frå dei andre. Foto: Aleksey Butenkov / Mostphotos

Frå me som knøttsmå born lærer å skilje oss sjølve frå dei andre, utviklar me sjølvoppfatning og identitet. Identiteten blir til i møte med andre, som familie, kjønn, grend eller bydel, kommune eller by, region, fylke og nasjon, studietid, yrkesliv og språktilhøyrsle.

Dagens born, som fyrst og fremst ser på konvolutt-symbolet som ein knapp for e-post, har kanskje ikkje hatt den sanne gleda av å skrive adressa si på ein god, gamaldags papirkonvolutt: Namn, gard/adresse, grend, kommune, fylke, land, verdsdel, jorda og til sist universet. Me plasserer oss ein stad – i motsetning til ein annan. Debatten etter SAS sin reklamevideo, som selskapet til slutt fjerna, tykkjer eg synte at me – i alle fall mentalt – er i svært ulike univers i Noreg i dag. Sånn sett kan ein kanskje seia at 150 år med nasjonsbyggjing har feila.

Dei siste tiåra har me levd med "den globale landsbyen" (og dens fall), postmoderne dekonstruksjonar av nasjon og identitet, og ei verd som har vorte mindre i alle fall når det gjeld måten me kommuniserer med kvarandre på. Og kan reise til med t.d. eit SAS-fly.

Det var litt sånn seint 1990-tals postmoderne dekonstruksjon av nasjon og identitet over reklamevideoen som SAS lanserte 11 februar. Hovudbodskapen til SAS var at det finst ikkje noko skandinavisk. Det me oppfattar og meiner er skandinavisk, har me henta frå reisene våre rundt om i verda. Som kjøttbollar, demokrati, sykling, pappapermisjon osv.

Det er på same nivå som at den finske historikaren og forfattaren Sanna Sarromaa hevdar kvensk ikkje er eit eige språk, men berre ei finsk dialekt. Med same argumentasjon kunne me også hevde at kong Harald ikkje er norsk, fordi besteforeldra hans innvandra frå Danmark.

Annonse

Føremålet til SAS og reklamen "What is truly Scandinavian?", som best kan omsetjast til "Kva er eigentleg skandinavisk?", er ikkje fyrst og fremst å påstå at me ikkje lenger er skandinaviske (eller norske, danske eller svenske), men å få oss til å fly meir. Litt sånn; vil du/de framleis utvikle deg/dykk som menneske og kulturkrets, må du fly. Med SAS. Men å moralisere over at eit flyselskap reklamerer for at folk skal fly, tykkjer eg ikkje har så stor verdi.

SAS dekonstruerer altså den skandinaviske identiteten – i den grad folk er opptekne av den – i eit forsøk på å få oss til å fly meir. Men; det må vera mogleg å meine at SAS bommar, utan å bli stempla som høgreekstrem eller nettroll. Det må vera lov å vera for ein nasjonal identitet, utan å dermed bli sett i same boks som dei som meiner at folk som ikkje deler same nasjonale identitet ikkje høyrer til her.

Den offentlege debatten har vorte meir og meir fragmentert, og i større og større grad styrt av algoritmar frå eit næringsbygg i California. Er det ikkje lenger noko som samlar oss i Noreg, bortsett frå statsborgarskapen? Og har me med norsketnisk slekt fleire generasjonar attende fleire og betre rettar enn andre?

Nei, meiner Erna Solberg. På bloggen sin skriv ho fylgjande: "Det er nettopp våre vestlige idealer som tilsier at jeg ikke har andre rettigheter bare fordi jeg kan spore familien tolv generasjoner tilbake i Norge." Men det er som Sylo Taraku påpeiker i Klassekampen onsdag at statsborgarskap gir rettsvern uavhengig av historiske røter til landet. Samstundes er det ikkje sånn, og skal heller ikkje vera slik, at polakkar har same status som samar eller kvenar i Noreg. Det tok altså berre to veker frå Samefolkets dag til samane sine rettar var gløymd.

Det er ikkje om det er slik, det er kjensla av at det er slik som er avgjerande for at me oppfattar noko som norsk. Slik også framveksten av nasjonale symbol skal få oss til å kjenne at noko er norsk. Nasjonalismen i moderne form heng saman med kampen mange har ført for nasjonalt sjølvstende, lausriving, rettar til å bruke eige språk og kultur, og – i mange land – til å utvikle vårt moderne demokrati, som ikkje liknar så mykje på det gamle greske.

Den norske velferdsstaten er ein konsekvens av nasjonsbyggjinga ein har drive i Noreg - sjølv om dei har velferdsstatar i andre land, også. Ein førelesar eg hadde ein gong sa at i ein kvar nasjonalisme finst det ei undertrykking av andre folkeslag, andre kulturar og uttrykk.

Det kan godt vera at det i framtida finst andre verdiar enn nasjonale som kan vera med på å byggje opp ei tilhøyrsle kring velferdsstaten – men dagens verdiar ser ut til å splitte oss meir enn nokon gong. Då treng me verken høgreekstreme nettroll som ikkje anerkjenner at me blir påverka av det meste rundt oss, eller eit nedlatande "jaså, då du trudde det, du?" frå SAS.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

På plogkjølen, ikke på skipskjølen!