Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Draumen om ein gard

Medan nokre tviheld på gardane sine, får andre ikkje lov til å kjøpe. Er det odelslova som har skulda?

Låst dør: For mange utan odel er inngangen til å kjøpe eit gardsbruk svært vanskeleg. Over 33.000 landbrukseigedomar med bustadhus har ikkje fast busetjing. Foto: Siri Juell Rasmussen

Han hadde drøymt om å bli bonde sidan han var liten gut. Han jobba dobbelt i mange år for å spara nok pengar til å kjøpe gard. Til slutt klarte han det – i Raymond, Minnesota.

Bonden Jeffrey Lopez og kona hans Linda møtte eg i juni for sju år sidan. Lopez dreiv med Norsvin-gris, og slikt blir det reportasje av for ein Nationen-journalist på ferietur. I USA, der lova ikkje styrer kven som kan ta over gardsbruka, er det enklare for dei som vil inn i landbruket å kjøpe. Men prisane er sjølvsagt deretter.

Berre eitt av fire gardsbruk i Noreg er i aktiv drift. Leigedelen aukar. Den passive, jordeigande klassen har for lengst teke ein dominerande posisjon i norsk landbruk og Distrikts-Noreg, og held utanfor folk som vil inn i næringa.

Men er det så enkelt som at odelsloven må vekk? Odelsloven, som i tiår etter tiår har sikra eit familiedrive jordbruk i Noreg? Eller finst det andre forklaringar?

Fleire drøymer om småbruk eller gardsdrift. Når titusenvis av gardar ikkje lenger blir drive av aktive bønder, burde det vera enklare enn nokon gong for dei som ikkje er fødde til det å kjøpe og drive gard. For mange er draumen eit lite småbruk med hund, katt, nokre høner og sauer, og kanskje ein gris, nokre mål gras. For andre er draumen å bli bønder på heiltid.

Oppsummert

Ikkje til sals

1 23 prosent av landbrukseigedomane med bustadhus er ikkje bebudde.

Vil kjøpe, får ikkje "lov"

2 At eigarane ikkje vil selje gardane, gjer at mange som ynskjer å kjøpe gard, ikkje kjem inn på marknaden. Konkurransen om gardsbruka som er til sals, kan også vera stor.

Huga på gard

3 I Valdres-kommunane Vang og Vestre Slidre har eit særskilt prosjekt avdekt 124 ubebudde gardsbruk. No er fleire av dei selde, utleigde, eller i ferd med å bli seld.

Asgaut Søyland, som NRK Rogaland har møtt, fekk til slutt kjøpt seg gard. Han hadde ingen odel, men ville bli bonde. Mange bruk til sals var for små og for dyre. Til slutt fekk han napp. Han samanliknar gardskjøpet med å vinne i lotto.

Rykande ferske tal frå SSB syner at 33.252 landbrukseigedomar var ubebudde i fjor. Det er registrert 182.328 landbrukseigedomar i Noreg. 23 prosent av alle landbrukseigedomane bur det altså ikkje folk på. Nokre er sjølvsagt utilgjengelege for det moderne mennesket. Dei aller fleste er for små etter dagens driftsstruktur til å kunne drivast aktivt på heiltid.

Annonse

Ein skal ikkje køyre lenge rundt om i bygdene for å sjå at nokre bruk heller har hus det neppe kan ha budd folk i på mange år, og som det vil koste svært mykje å setje i stand att. Men det bør finnast fleire mellom dei vel 33.000 eigedomane som kan seljast til nokon som vil bu der.

Ruralis – eller Norsk senter for bygdeforsking som det heitte den gongen – har forska på kvifor utanbygds eigarar ikkje vil selje. Det handlar om kjensler, er konklusjonen i ein rapport frå 2011. Den gongen fann Ruralis ut at berre 21 prosent av dei ubebudde landbrukseigedomane faktisk ikkje var i bruk i løpet av året. Over halvparten – 55 prosent – brukte eigedomane som fritidsbustad. Ei hytte med dyrka mark til, med andre ord.

Personleg nostalgi kan ikkje stå i vegen for busetjing i distrika.

For 61 prosent av dei ubebudde eigedomane var jorda leigd ut til andre bønder lokalt.

Her i Valdres har manglande tilgang på gardsbruk vore eit tema lenge. Kommunane Vang og Vestre Slidre har difor samarbeidd om prosjektet "Huga på gard", for avdekkje kva som er årsakene til gardar ikkje blir selde, og kva som skal til for at eigarane vil selje dei.

124 gardar er kartlagt ståande tomme i dei to kommunane. "Men til no har også tolv gardar vorte selt, åtte leigd ut, og på tre av gardane har eigar sjølv flytta inn. Totalt har rundt 40 personar vorte busett. I tillegg har 15 eigarar planar om å leggje ut garden for sal i løpet av året eller neste år", seier prosjektleiar Anne Live Garvik til Avisa Valdres.

Lys i kvart hus, om ikkje kvart fjøs, kan altså vera mogleg, men det krev lokal innsats og gjennomføring. Fiskerettar, jaktrettar eller eventuelle stølar tilhøyrande garden gjer det også vanskeleg å skiljast av med gardsbruket.

Ifølgje undersøkinga frå Ruralis er ei sterk tilhøyrsle og kjensler viktigaste årsak til at fleire gardar ikkje blir selde. "For mange familiar er det viktig å ha garden i slekta. Det er knytt sterke kjensler og identitet til eigedommen", seier Frode Flemsæter, som er forskar ved Ruralis, til NRK.

Kvar og einskild av bortebuande eigarar har truleg sine eigne, personlege årsaker til ikkje å selje. Det kan vera ein draum om å busetje seg på garden, som kanskje har vore i familien i fleire generasjonar. Ei strengare buplikt vil nok føre til at fleire må selje, og kanskje må det vurderast.

For det er ikkje tvil om at for mange hus står unødvendig tomme. Då kan ikkje personleg nostalgi stå i vegen for busetjing i distrika.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lokalpolitikk er ikkje annanrangs i NRK