Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Døden i Distrikts-Noreg

Det er skikkeleg ille å bu på bygda. Helsing Aftenposten.

Falleferdig: Distrikts-Noreg er i ferd med å ramle saman, skal me tru politisk redaktør i Aftenposten, Kjetil B. Alstadheim. Foto: Mariann Tvete
Falleferdig: Distrikts-Noreg er i ferd med å ramle saman, skal me tru politisk redaktør i Aftenposten, Kjetil B. Alstadheim. Foto: Mariann Tvete

Damene har alt reist. Folk flest vil ikkje bu der, berre nokre raringar som stemmer Sp og klorar seg fast der ingen skulle tru at nokon andre enn senterpartistar kunne bu. Ikkje er dei spesielt opptekne av arbeid, og ikkje får dei ungar, heller.

Lurer du på kvifor det er eit distriktspprør på gang, og kvifor Sp aukar oppslutninga, er det berre å lesa kva store hovudstadsaviser meiner om distriktspolitikk generelt, og rapporten frå Distriktsnæringsutvalet særskilt.

Det står dårleg til i Distrikts-Noreg, meiner Kjetil B. Alstadheim, som er politisk redaktør i Aftenposten. I kommentaren "Politikerne kommer for sent. Damene er allerede reist." synsar Alstadheim kring at fødselsunderskotet er årsaka til sentraliseringa, og at unge over 20 år føretrekkjer sentrale strøk, mellom anna for å ta høgare utdanning. Ja, Alstadheim, det er nok ei hovudårsak til kvifor Distriktsnæringsutvalet åtvarar mot sentralisering av høgare utdanning.

Nok ein gong har altså ein representant for ein av dei store hovudstadsavisene stukke nasen over den imaginære grensa mellom tankesetta "Oslo" og "resten av landet" – Ring 3. Og det luktar ikkje berre muffins og ferskbrygga kaffi der ute. Som ei gamal tante sit Aftenposten der, i sentrum av Oslo, og meiner mykje og vrangt om distriktsutvikling.

Eg trur ikkje Alstadheim og eg har lese same rapporten frå Distriktsnæringsutvalet. Der Alstadheim las kriminalromanen "Døden i distrikta", les eg det forsiktige framtidsoptimistiske eposet "Døden over Distrikts-Noreg – leve distrikta".

Alstadheim etterlyser ein politikk for "folk flest", som helst bur i andre strøk enn dei grisgrendte. Det burde ikkje eigentleg koma som ei overrasking på ein politisk redaktør for ei stor riksavis, men det er altså slik at den politikken Alstadheim etterlyser meir av, er den politikken me har sett i mange år.

Annonse

Det heiter sentralisering, og har ridd Distrikts-Noreg som ei mare, spesielt under det solbergske regimet. Den usynlege Marknaden skal ta over når statlege arbeidsplassar og offentlege kontor blir lagde ned eller sentralisert. Legevakter, politi- og lensmannskontor, tingrettar, Nav, Skatteetaten, Statens vegvesen, fødeavdelingar, høgskular er mellom det som har vore gjenstand for sentralisering, eller eit forsøk på det. Som Distriktnæringsutvalet påpeiker i rapporten sin: "Sysselsettingsutviklinga i offentlig sektor har dermed bidratt til sentraliseringen."

Medan Alstadheim konkluderer med at flyttestraumen ikkje kan bli snudd, skriv Distriktsnæringsutvalet fylgjande: "Spredning av arbeidsplasser for folk med høyere utdanning er viktig for å skape et variert arbeidsmarked, som bidrar positivt til bosetting og næringsutvikling i distriktene. Utvalget mener det er mulig å påvirke de sterke sentraliseringskreftene, men at dette krever et høyt ambisjonsnivå med målrettede virkemidler, herunder desentralisert lokalisering av offentlige institusjoner."

Eg flytter heim til Valdres neste veke. Mot straumen. Mot betre vitande og openbert mitt eige beste flytter eg til ein kommune som har klart å stagnere utflyttinga. Og eg kan lova Alstadheim: Arbeid tel. Attraktive arbeidsplassar er mangelvare i mange bygder og bør vera prioritet nr. 1. Ein del kan – når høgkapasitetsbreiband er på plass – ta med seg arbeidsplassar ut av byen. Ikkje alle.

Men utflytting av arbeidsplassar frå dei store byane, og nye høgkompetanse-arbeidsplassar på bygda, gjer at fleire kan ta eit anna val, her er eg heilt samd med Distriktsnæringsutvalet.

Prioritet nr. 2 må vera bustader. Ikkje alle deler draumen om å drive økologisk potetproduksjon på eit småbruk. For mange distriktskommunar har tenkt for snevert og for lite på at befolkninga ikkje berre består av småbarnsfamiliar, og at det skal meir til enn tomtestøtte og gratis flyttebil. Det trengst mindre leilegheiter og bustadhus som kan kjøpast eller leigast utan at store summar og mykje tid går til oppussing.

Skular og barnehagar er ikkje mangelvare i Bygde-Noreg, sjølv om det kan vera langt å køyre dit. Må 7-åringen sitje 40 minutt på bussen kvar veg? For foreldre som sender borna sine på rasutsette vegar kvar dag kan debatten om E18 verke pussig.

Så kjem sjølvsagt tilgang på breiband. Sitjande regjering har – etter sju år – endå ikkje klart å få bygd ut høgkapasitets breiband til heile landet. Også her blir det overlate til marknadskrefter og kommunale initiativ å byggje ut, meter for meter.

Kjetil B. Alstadheim må gjerne ta seg ein tur ut på bygda for å skulere seg sjølv i korleis livet faktisk er i distrikta. Kva folk er opptekne av, kva dei meiner er gode liv, og kva som gjer at dei bur nett der dei bur. Det er kanskje for mykje å håpe på ei fordomsfri reportasje eller kommentarar frå aviser som Dagens Næringsliv og Aftenposten.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Det som skjer med norsk jordbruk i dag, er ikke vår skyld