Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ditt næraste ferieland, kanskje ikkje så verst likevel?

Ferie er for mange det same som å reise og oppleve nye stader, men kva med å oppleve noko nytt på dei stadene du har kjent heile livet?

 Foto: Svein Ove Hansli
Foto: Svein Ove Hansli

Sommaren 2020 kjem me garantert til å hugse resten av livet. Først og fremst håpar eg at vi vil minnast den fordi verda vart råka av ein pandemi som tok fleire hundre tusen menneskeliv. Samstundes er eg litt redd at det vi også vil hugse like godt at dette var året då vi måtte ferie i Norge. Stakkars, stakkars oss.

Eg er veldig glad i å reise. Nordmenn er generelt glade i det. Vi reiser over heile verda og vi reiser mykje. Difor er det nok mange som no sit og deppar over at turen til Hellas, Marokko, Thailand eller eit eller anna eksotisk reisemål på andre sida av kloden ikkje vart noko av.

Sjølv skulle eg til Mexico denne sommaren. Planen var å ta inn kulturen og oppleve landet. Ikkje vere ein klassisk turist. Eg, kona og dei to borna våre skulle reise rundt. Oppleve det ekte. Lære om historia. Dra til små landsbyar for å sjå korleis dei dyrkar jorda, lagar mat og held dyra sine. Kanskje kunne vi lært litt om korleis samfunnet hadde endra seg og vorte modernisert dei seinare åra. Men denne reisa vert berre med draumen i år. No må eg altså, saman med ein haug andre nordmenn, ta til takke med ferie i eige land.

Eg har kasta meg ut i det uunngåelege. Noregsferie. Fyrste del er lagt til familiehytta på kysten i heimfylket mitt, Telemark. Stiane langs sjøen her har eg gått i årevis, og i like mange år har eg sett dei store murane inne i skogen. Dei har vore der, men eg har liksom aldri stoppa opp og sett ordentleg på dei. Dei er store og veldig tydeleg i terrenget. Då eg var mindre lika eg å gå og balansere over dei.

Når eg tenkjer meg om er det så mange murar og bygg eg stadig går forbi og som alltid har vore der. Eg går forbi år etter år, utan å eigentleg vite kva historie dei fortel. Denne ferien er det på tide å endeleg finne historia til steinane lang stien, dei som nokon ein gong med handmakt har stabla oppå kvarandre for å lage ein imponerande mur.

Annonse

Kva ville eg gjort om eg var i Mexico, slik planen var? Om eg hadde kome over ein stor mur inne i skogen? Eg ville sjølvsagt spurt nokon, slått opp i ei reisehandbok eller aller helst tatt eit raskt søk på nettet.

Eg må innrøme at eg er ikkje heilt blank på historia til murane langs stien her i Telemark. Dei vart bygd opp som demningar for å produsere is. Det har eg visst. Likevel veit eg knapt noko meir. Kor mange slike murar var det rundt om? Kven bygde dei? Når vart dei bygde? Eit nettsøk gjev meg raskt ein del svar. Muren eg ser er ein av veldig mange slike murar inne i skogane langs kysten vår.

Ifølgje ulike kjelder på nettet finn eg ut at produksjon av is var ein enorm industri på kysten. Berre i tre herad, Solum, Eidanger og Bamble, her på kysten av Telemark, gav denne industrien arbeid til 1300 personar i vintermånadane, kan eg finne ut med eit raskt søk på Wikipedia. Kjelder eg finn hjå Telemark historielag fortel at det kring år 1900 var over 1700 som jobba med å produsere is i Telemark. Myrdrag og små tjern vart demp opp. Med handmakt og hest vart isen frakta til kaiene. Eg ser for meg aktiviteten som var langs stien der eg går. Isdrift var rett og slett ein veldig stor og viktig industri.

Isen var viktig for å ta vare på mat, det kan ein tenke seg til. Det eg ikkje visste var at isen i seg sjølv også var ei eksportvare. Lasteskip med is segla over til Storbritannia, men også heilt til Spania. Bak muren eg står ved sidan her langs stien kan det altså ha vorte laga is som vart sendt med skip nedover i Europa.

Eg byrjar å lage meg eit bilete av korleis det såg ut. Muren eg har gått forbi så mange gonger er ein del av ei større historie. Ei historie om nesten 2000 menn berre her i Telemark som bygde demningar, førte fram vatn frå små bekkar og myrdrag. På vinteren saga dei store blokkar med is som dei la på sledar bak hesten. Av og til laga dei også sklier ned til båtar på sjøen. Eg ser for meg den enorme aktiviteten når “min” dam skulle sagast opp til isblokkar. Det er nesten så eg byrjar å høyre lyden.

Etter nokre få dagar av ferien har eg altså byrja å få trua. Det er ikkje berre i Mexico eller land langt, langt borte som har interessante historier. Steinar som er løfta med handmakt har si historie, anten det er på andre sida av kloden eller her heime.

Og ferien er så vidt i gang. Dei komande vekene har eg bestemt meg for å lære meir om gamle kvernhus, oppgangssager og utvinning av myrmalm. Slikt som eg alltid har høyrt om og som eg har vakse opp med, men som eg aldri eigentleg har brukt tid på lære noko om. Det kan hende Noreg, mitt næraste ferieland, ikkje er så verst likevel.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hva skal vi med Venstre?