Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Difor skal du bry deg om dobbel mottaksplikt

1. mars er det høyringsfrist på endringar i marknadsreguleringa av jordbruksvarer. Kvifor bry seg med det om du ikkje er bonde, Nortura eller Fatland?

Må spørje seg sjølv: Landbruksminister Olaug Bollestad må spørje seg kva interesser ho meiner skal liggje til grunn for marknadsregulering av jordbruksvarer. Foto: Kari Nygard Tvilde
Må spørje seg sjølv: Landbruksminister Olaug Bollestad må spørje seg kva interesser ho meiner skal liggje til grunn for marknadsregulering av jordbruksvarer. Foto: Kari Nygard Tvilde

Kva er no eigentleg marknadsregulering, og kvifor blir (nokre) jordbruksvarer regulert i Noreg?

I år er det 90 år sidan «millombels lov til fremjing av um-setnaden av landbruksprodukt» vart vedteken av Stortinget. Bakgrunnen var ein marknad i kollaps; overproduksjon og dumping av prisar og produkt som førte til konkursar og fattigdom mellom bøndene.

I tiåra som har gått har marknadsreguleringa vorte utvida og ansvaret for regulering har vorte lagt på dei bondeiegde samvirka. Det er bøndene sjølve som står ansvarlege for overproduksjon, og bøndene som betaler for regulering av marknaden gjennom omsetningsavgifta. Omsetningsrådet, som er eit frittståande offentleg organ, har ansvar for å få til ei effektiv marknadsregulering, til lågast mogleg kostnader.

Nortura og Tine, som er marknadsregulatorar, har plikt til å ta imot kjøtt, egg og mjølk frå produsentane, uavhengig av kvar dei bur i landet. Dei skal også forsyne andre industriaktørar med råvarer ved behov. Nye tiltak for marknadsregulering har kome til, og andre har vorte fjerna. På vegen har regulering av grøntsektoren (1997) og kylling (2007) forsvunne, fordi den som sat med ansvaret for å regulere etter kvart fekk for låg marknadsdel på tilførsel av varer frå produsentane.

Er du oppteken av landbruk over heile landet, utjamning mellom bøndene og stabile prisar, ja då er det smart å vera for marknadsregulering. Trur du derimot svaret på det meste blir løyst ved fri konkurranse, frihandel og billigmat importert frå utlandet, vil du nok hevde at marknadsregulering er ein hemsko.

Berre for å ha skrive det; marknadsregulering av jordbruksvarer som ein viktig stolpe i norsk landbrukspolitikk ligg fast. Gjennom rapporten frå Balanseringsutvalet hadde me for nokre år sidan ein grundig debatt om marknadsreguleringa. Stortinget har i landbruksmeldinga slått fast at ordninga er ein hjørnestein for norsk landbrukspolitikk.

I år forsvinn eksport som eit tiltak for marknadsregulering. Mellom anna difor har Stortinget bede Omsetningsrådet om å drøfte moglege nye tiltak. Omsetningsrådet sette så ned eit utval som skulle sjå på dobbel mottaksplikt. Dobbel mottaksplikt vil tyde at Nortura – som alt har mottaksplikt frå bønder på raudt kjøtt og egg – også har plikt til å ta imot kjøtt frå andre industriaktørar når desse har eit overskot.

Annonse

Fleirtalet i utvalet meinte at Omsetningsrådet i unntakstilhøve kan opne for dobbel mottaksplikt, medan mindretalet – Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (som organiserer industriaktørane utanom Nortura) – ynskjer seg ei allmenn dobbel mottaksplikt.

Før omsetningsrådet har konkludert, kjem så Landbruks- og matdepartementet med ei innstilling, der regjeringa går inn for dobbel mottaksplikt etter modellen som Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund – mindretalet – vil ha. Framlegget frå departementet kan dermed – med rette – sjåast på som ein omkamp, der interessene til landbruket som heilskap har vorte sett til side.

Marknadsregulator skal balansere marknaden, importere ved underskot, stimulere til auka prisar og tilrå oppbyggjing av produksjonar om det er langsiktige underskot. Når det er overskot skal kjøtt frysast inn på lager (me hugsar alle saueskrottane som NRK synte i haust), kutte prisar (som sauebøndene har fått merke, når dei får nokre øre for kiloen sau), eller redusere slaktevekter (som svinebøndene har vorte oppmoda til).

Verda har endra seg, og med den også marknaden for kjøtt i Noreg. Store forbrukartrendar slår raskare inn i marknaden. Dei tre daglegvarekjedene har fått meir makt, og byggjer på den eine sida opp eigne merkevarer som er i direkte konkurranse med merkevarer som Grilstad og Nortura, og på den andre sida lojalitet og avhengigheit frå industrien gjennom avtalar som eine- eller hovudleverandør.

Å sjå heilt vekk frå dynamikken – eller mangel på sådann – i daglegvaremarknaden, er difor vanskeleg. Store volum kan bli flytta om kjedene seier opp ein avtale til fordel for ein annan leverandør.

Det er eit stort behov for tiltak som kan regulere marknaden for jordbruksvarer effektivt. Men er staten sitt framlegg tilpassa Fatland, medan Nortura må ta all risikoen? Kva konsekvensar vil i så fall det få? Blir det meir eller mindre risiko for bøndene som fellesskap ved dobbel mottaksplikt? Blir ein meir eller mindre avhengig av at marknadsregulator opprettheld ein viss marknadsdel for tilførsel av råvarer for å kunne setje i verk tiltak ved behov?

Kva vil dobbel mottaksplikt ha å seie for prissetjinga til bonden på lang sikt? Blir dobbel mottaksplikt ei sovepute, eller vil den fungere prisdrivande, som igjen kan føre til overproduksjon?

Det er spørsmål statsråd Olaug Bollestad må stille seg før ho konkluderer. Ikkje minst bør Bollestad lytte til heile jordbruket.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Å reise – er det fali’ det, Solan?