Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det vanskelege kjøttkuttet

Kvifor vil ikkje jordbruket snakke om at me må kutte i forbruket av meieri- og kjøttprodukt?

Den perfekte kua: Norsk raudt fe produserer både kjøtt og mjølk, og er dermed meir klimaeffektiv enn sine søstre som berre produserer kjøtt. I tillegg er ho tilpassa beiting i utmark. Foto: Hilde Lysengen Havro.

Norsk landbruk har alt å tene på å møte moglege alliansepartnarar litt på vegen til å finne klimaløysingar som også bøndene kan leva av og med. Ikkje minst for å bidra med ei skikkeleg opprydding og semje om kva type kjøtt me kan og skal eta.

Til dømes er det god grunn til å spørje, slik leiar i Framtiden i våre hender Anja Bakken Riise, gjorde på eit klimaseminar Tine arrangerte førre veke, om kva det er som er så klimavenleg med å avle fram ei mjølkeku som skal produsere meir og meir mjølk. Særleg når kua et mindre gras og meir "menneskemat".

Å avle fram norsk raudt fe er ei av dei største suksesshistoriene for norsk landbruk. Kua er robust, mjølkar meir og meir, og er klimaeffektiv fordi ho blir brukt både til å produsere mjølk og kjøtt. Men når kua mjølkar meir, og behovet for mjølk i Noreg ligg på same nivå år for år, blir det også behov for færre kyr. Det gir i neste omgang færre kalvar. Om norsk landbruk hadde jobba for at forbruket av storfekjøtt hadde gått ned tilsvarande, kunne klimagevinsten vorte henta inn. Men når forbruket av storfekjøtt er stabilt eller aukar, må me anten importere meir eller produsere meir storfekjøtt på annan måte.

Så medan Tine gnir seg i hendene over suksesskua, må Nortura byggje opp produksjonen av kjøttfe, som er på langt nær så klimavenleg som kombikua, for å sikre nok tilgang på norsk kjøtt.

Det finst sjølvsagt ein annan veg. Ifylgje Tine utgjer gras halvparten av fôret til ei mjølkeku. Grovfôrdelen bør og kan aukast, slik fleire i miljørørsla tek til orde for. Men då kan ikkje høgare yting (meir mjølk) vera dominerande for vidare avl på NRF.

Det er altså ikkje slik – som ein kan få inntrykk av – at me dyttar i oss biff og oksehalesuppe frå morgon til kveld.

Kua må produsere mindre mjølk og gå meir på beite. Ein enkel og grei tanke, som fleire og fleire utanfor landbruket får sympati for. Til no har vegetartrenden og kjøttkutt-trenden fyrst og fremst råka kjøttprodusentane. Men fleire og fleire får augo opp for kor lite etisk det er å seia ja til mjølka, men nei til kalven. Det gjer at Tine vil få ein vanskeleg må jobbe for å få med seg ungdomen som kuttar ut meieri og kjøtt for å redde klimaet.

Tine skal sikre inntekter for mjølkebøndene, men mange av bøndene er også kjøttprodusentar. Tine kan risikere å møte seg sjølve i butikkdøra når konsernet tek klimaansvar ved å produsere vegetarprodukt av grønsaker.

Annonse

Landbruket – jord- og skogbruk – er ein viktig del av klimaløysinga. Ein treng dyr for å produsere gjødsel til plantevekter. Beiting og skog bind C02, men det krev aktiv bruk. Men då må me eta kjøtt frå dyr som går ute og beiter på norske grasressursar.

Sidan 1989 har kjøttforbruket (engros-tal frå Animalia) auka frå 45,7 kilo per innbyggjar til 69,9 i 2017. Det er fyrst og fremst dei ikkje-beitande dyra kylling og gris me et meir av. Kyllingforbruket har auka frå 4,6 til 19,5 kilo per person per år, forbruket av svinekjøtt har auka med 8,1 kilo i perioden.

Sjølv om kua og sauen får det meste av merksemda i debatten om vårt auka kjøttforbruk, et kvar og ein av oss derimot berre 2,4 kilo meir storfekjøtt årleg, medan me (diverre) et nesten eitt kilo mindre sau/lam.

Oppsummert

Kombikua

1 Norsk raudt fe (NRF) er ein av dei store suksessane i norsk landbruk, fordi rasen både blir brukt til mjølk- og kjøttproduksjon.

Effektiv avl

2 Auka mjølkeproduksjon har vore eit avlsmål, som har fungert for mjølkeproduksjonen, men som skapar utfordringar for kjøttproduksjonen.

Meir beite

3 Når Noreg skal produsere meir mat i framtida må det skje på ressursar me ikkje kan nytte oss av på andre måtar. Då må fleire kyr ut på beite.

Det er altså ikkje slik – som ein kan få inntrykk av – at me dyttar i oss biff og oksehalesuppe frå morgon til kveld. På 28 år har me auka vårt forbruk av kjøtt frå drøvtyggjarane sau og ku med 1,5 kilo. Grisen – som for nokre år sidan vart omdefinert frå kvitt til raudt kjøtt – står i praksis for hovuddelen av forbruksauka av raudt kjøtt.

Miljørørsla gjer det heller ikkje lett for jordbruket. Når Miljøpartiet Dei Grøne vil leggje om kyllingproduksjonen dramatisk, til ein produksjon det er vanskeleg å sjå at er økonomisk lønsamt i dag, dyttar partiet landbruket frå seg heller enn å skapa allianse, slik min kollega Eva Nordlund poengterte etter landsmøtet sist helg.

Norsk jordbruk må tore å snakke om å senke forbruket av meieri og kjøtt. Og om kva type kjøtt me bør eta meir og mindre av. Det finst fleire mellomposisjonar mellom Gunhild Stordalens 13 gram kjøtt kvar dag og det å auke dagens kjøttkonsum. Mange av oss kjøttetarar betaler gjerne meir per kilo kjøtt om me t.d. veit at kjøttet kjem frå dyr som har det aller meste av kosten frå beiting og gras. Diverre er dei ikkje enkle å finne fram til i butikkane.

Jordbruket held på biletet av seg sjølv som ein stor familie. Men klimaendringane og behovet for konkrete klimakutt kan slå sprekkar i solidariteten i næringa.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Om spise eller bli spist