Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det trengst eit grasrotopprør i Tine

For kor vanskeleg kan det eigentleg vera å eksportere norsk ost?

Gunnar Hovland, konsernsjef i Tine, presenterer årsresultat for 2018. Foto: Siri Juell Rasmussen

Tap, tap, tap. Det er slik Tine oppsummerer åra med Jarlsberg-eksport. Trass eksportstøtta har Tine tapt hundrevis av millionar kroner på å frakte Jarlsberg ut av landet. No er det snart stopp.

Jarlsberg-eksporten, som har pågått sidan den spede byrjinga på 1960-talet, var lenge arketypen på ei suksesshistorie i norsk landbruk. Glansbiletet har for lengst slått sprekker. Sidan WTO i 2015 avgjorde at det skulle bli slutt på eksportstøtte på jordbruksprodukt, har Jarlsberg-eventyret svunne hen. Frå 1. juli neste år er det full eksportstopp.

Ifylgje antydningar frå Tine har tapet for bonden vore på rundt 20 øre per liter mjølk, sjølv irekna eksportstøtte. Det er mykje pengar, tilsynelatande. Men det mange no spør seg om, er om Jarlsberg-tapet ville vore til å bera sett opp mot dei store kutta norske mjølkebønder no står andsynes. Tine-eigarane fekk trass alt etterbetalt 57 øre per liter mjølk for fjoråret. Kanskje kunne ein redusere etterbetalinga for betale for osteeksporten, og kanskje ville bli tapet for sektoren samla bli mindre.

Ting tyder no på at prosessen kring utfasing av Jarlsberg-eksporten og bygginga av nytt meieri i Irland ikkje har vore godt nok diskutert. Rett nok har eigarane i Tine slutta seg til vedtaka, men spørsmålet er om eigarane har hatt god nok innsikt i konsekvensane av eksportstoppen. Kor reell har prosessen eigentleg vore?

Har vedtaket fyrst og fremst har vore tilpassa ein administrasjon fråkopla den verkelegheita kvar og enkelt av mjølkebøndene lever i, i sine eigne fjøs? Kvar er den store utgreiinga som peiker på fordelar og ulemper? Som vurderer tap i Tine kontra tap for den enkelte mjølkebonde? Som ser på kostnader, ikkje berre konkrete kroner tent eller tapt på ein kilo ost, men også knytt til kva det vil bety for mjølkebøndene å sitje med ledig produksjonskapasitet i fjøsa sine?

Annonse

Tine-eigarane har lett for å framstå som administrasjonstru. Det er stor tillit til Tine som forretningsverksemd, med god grunn. Selskapet har levert gode tal og etterbetalingar til eigarane sine dei siste åra. Men den debatten som no kjem til overflata, som ein konsekvens av at dødsdatoen for Jarlsberg-eksporten nærmar seg, tyder kanskje på at eigarane bør byrje å stille fleire spørsmål. Etterspørre dokumentasjon og utgreiingar. Ikkje haste seg fram til vedtak, utan å ha fått på bordet dei økonomiske konsekvensane.

Ifølgje Tine har selskapet tapt 150 millionar årleg på Jarlsberg-eksporten, men at det årlege tapet ville vore rundt 250 millionar utan eksportstøtte. Dette er tal Tine ikkje har snakka offentleg om før. Det er også tal det er vanskeleg å gå inn i, når ein ikkje har innsikt i kva som ligg til grunn for dei. Det er også slik at kva faktorar ein legg inn i eit reknestykke, også påverkar svaret. Kva kostar ledig kapasitet på norske meieri? Når Tine har tapt så mykje pengar, er det også grunn til å spørje kvifor eksporten ikkje har stoppa for lengst. Det kan nesten verke som at Tine er letta over at eksportstøtta blir borte, slik at selskapet skal kunne kvitte seg med eit tap.

Jarlsberg-eksporten skulle bruke opp norsk overskotsmjølk. Kritikarar av samvirket har peikt på at den kanskje har vore med på å oppretthalde ein for høg mjølkeproduksjon. Men begge innfallsvinklane burde vore feil. Spørsmålet Tine og eigarane burde stilt seg for lengst er: Kva skal til for å eksportere norsk kvalitetsost til utlandet? Kvifor ikkje prise Jarlsberg etter kva norsk mjølk (verdas finaste, eller kva?) kostar, og heller leggje ned produksjonen ute om salsvolumet minkar?

Forsøka på å dra opp ein ny debatt om Jarlsberg-eksporten kjem langt på overtid. Jarlsberg-meieriet i Irland står snart i full produksjon, på irsk mjølk – til halve prisen. Investeringa på 750 millionar kroner i eit EU-land er gjort.

Det må vera eit paradoks for norske mjølkebønder at dei sjølve er med på å flytte osteproduksjon til utlandet, til eit land der råvara er billigare, for å spara pengar – for selskapet. Særleg når konsekvensen er at dei sjølve må kutte produksjonen. Altså tapar dei uansett når det ikkje lenger er like stor bruk for norsk mjølk.

Spørsmålet som også melder seg er om Jarlsberg-osten er for billig. Om Noreg, som kvart år sel norsk natur til reiseliv og turistar for milliardar av kroner, ikkje evnar å prise norsk natur i form av ein ostebit i ein daglegvarekjede ein stad i Berlin eller Paris, så er det kanskje noko feil med måten produktet blir seld på. Å selje ein helt vanleg konsumost til den internasjonale marknaden, derimot, har lite for seg for eit norsk selskap.

Tidlegare leiar i Noregs Bondelag, Bjarne Undheim, skreiv i Nationen i førre veke at eksportstøtta var eit tema alt på WTO-møtet i Hong Kong i 2005. Staten, Tine og bondeorganisasjonane har hatt mange år på å tilpasse seg. Desse åra har Tine bruk til å byggje opp produksjonen i utlandet, i staden for å byggje opp sin eigen merkevare.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Olaug Bollestad villeder Stortinget om pelsdyrkompensasjon