Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det spelar ei rolle kva du legg på tallerkenen

Det er trendy å droppe kjøttet. Men trur du det ikkje spelar nokon rolle kva du byter det ut med, er du på feil åker.

Trendy: Avokadoen har vorte svært populær, og me likar å eta den året rundt. Men er det berekraftig? Foto: Anna Bogush / Mostphotos

Kjøttdebatten har nok ein gong fyrt godt opp ved inngangen til 2019. Ein av tre vil redusere kjøttforbruket sitt. Faktisk har faktasjekka leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, og Aftenposten skriv i fredagsmagasinet 4. januar at "Kjøtt har begynt å stinke".

For å byrje i Sogn og Fjordane. Trivselsfylket, nynorskfylket, fjordfylket. Noregs kanskje vakraste fylke. Det skuldast ikkje berre djupe fjordar og høge fjell, men også kulturlandskapet som har vekse fram på grunn av driftige bønder og klimafarlege dyr.

Ifylgje Anders Felde, fylkesleiaren i Bondelaget, er det betre for klimaet å eta kjøttet frå buskapen hans i Breim enn avokadoen frå Chile. Feil, feil, feil, seier Faktisk, og det har dei – isolert sett – nok rett i.

Det som er svært trøyttande med måten klimadebatten i Noreg har utvikla seg, er at klimagassutslepp frå drøvtyggjarane, som utgjer om lag 4 prosent av utsleppa i Noreg, høyrest ut som at dei står for 96 prosent, for å låne eit poeng frå Christian Anton Smedshaug i AgriAnalyse.

Både Felde og Faktisk tek eigentleg feil når dei legg til grunn at det er heilt greitt å samanlikne avokado med kjøtt. Avokado har ikkje same næringsinnhald som kjøtt, og ifølgje journalist Øystein Heggdal blir samanlikninga beint ut misvisande fordi det i ein kilo avokado er langt mindre protein enn i ein kilo reint oksekjøtt (18 gram mot 210 gram). Sjølv om proteininnhaldet kan variere, er uansett tala klare:

"Om produksjon og transport av et kilo avokado fører til 1,3 kg CO2-ekvivalenter, mens oksekjøtt fører til utslipp av 15 kg CO2-ekvivalenter, må du altså spise 12 kilo avokado for å få i deg samme mengde proteiner som fra ett kilo oksekjøtt. Og på magisk vis er vi på samme mengde CO2-ekvivalenter per gram protein for oksekjøtt og avokado", skriv Heggdal.

I overflodssamfunnet finn me oss ikkje i at me ikkje får avokado utanom vekstsesongen.

Avokadoen har lenge vore det nyaste nye. Den har vore med oss ei stund som ein viktig ingrediens for tacofredagen, så sant du lagar guacamolen sjølv (den butikkjøpte har av ein eller annan grunn svært mykje erter i seg). Avokadoen har vorte toppen av salaten, brødskiva, forretten, eller som ingrediens i ein smoothie.

Annonse

Bortsett frå på nokre kafear i Storbritannia, der avokadoen no er bannlyst nettopp på grunn av måten den blir produsert på. Ei av dei store utfordringane med dagens (plantebaserte) kosthald, er at frukt og grønt som før var sesongvare, har vorte heilårsvare.

I overflodssamfunnet finn me oss ikkje i at me ikkje får avokado utanom vekstsesongen. Når kvar og ein av oss vil eta meir avokado, må det dyrkast meir. Avokadoproduksjonen globalt har dobla seg frå 2000 til 2016. Det får nokre konsekvensar, som ein også bør tenkje på når ein går i butikken for å handle dagens middag.

For sjølv om klimagassutsleppa for avokado er mindre enn for raudt kjøtt, er ikkje det det same som at avokadoen er berekraftig. Vår ekstreme auke i etterspurnad og gode prisar på avokado har lagt press på vassressursane i Chile og skogen i Mexico. Avokadoproduksjon krev store vassressursar, og ifylgje innbyggjarane i Petorca i Chile legg dei store avokadofarmane beslag på vatn, gjennom mellom anna å byggje ulovlege, underjordiske vassrøyr frå elvane.

Oppsummert

Kjøtt eller avokado?

1 Det er større klimagassutslepp ved ein kilo kjøtt enn ved ein kilo avokado, melder Faktisk.

Feil utgangspunkt

2 Utgangspunktet for samanlikninga blir uansett feil, sidan innhaldet trass alt er ulikt, og avokadoar ikkje beitar i norsk utmark.

Ressursar

3 Klimaavtrykket ved matproduksjonen må ned. Men det er også mange andre hensyn å ta i debatten om kva mat me bør eta.

Det trengst mykje vatn for å produsere ein kilo avokado, ifylgje Danwatch blir det brukt 1280 liter vatn per kilo avokado i Petorca. Når produksjonen skjer i område med mangel på vatn, og føremålet er å eksportere til ein europeisk eller amerikansk marknad, bør det vera ekstra betenkeleg å bruke avokado.

Eg har oftare og oftare sett at folk som argumenterer mot produksjon av raudt kjøtt peikar på at det krev store mengder vatn. For å setje det på spissen; nokon har sett ein dokumentar om det amerikanske ekstreme industrijordbruket og overfører det direkte til norske tilhøve. Men me manglar ikkje vatn i Noreg, så spørsmålet om vatn og berekraft gjeld ikkje for raudt kjøtt-produksjonen her.

Kva folk vel å leggje på tallerkenen, må dei nesten få bestemme sjølv. Men i valfridomen i grønsakshylla i butikken er det greitt å vera klar over at all mat har klimaavtrykk, i større eller mindre grad.

Me kan også "kjøpe oss fri" ved å laga meir eller mindre gode regelverk for berekraftssertifisering. Nett som med soyadebatten, er det den totale etterspurnaden som avgjer. Kvar og enkelt i kvar land vil kunne seia at det ikkje er den avokadoen eg et som er problemet.

Men når me kjøper ein avokado frå Chile, har den lagt press på manglande vassressursar i Chile. Kjøper me ein avokado frå Mexico, har den lagt press på hogging av skog.

Det kan du jo tenkje litt på under neste flytur til New York eller strendene i Thailand.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Samlet om olje, men hva med fisk, Sp?