Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det siste vitnet

Rettssaka mot Bruno Dey er truleg den siste store saka me får sjå reist mot ein nolevande naziforbrytar frå andre verdskrigen.

I retten: Bruno Dey dekkjer ansiktet sitt i retten i Hamburg. Han er tiltala for å ha vore vakt i konsentrasjonsleieren Stutthof under andre verdskrigen. Foto: Daniel Reinhardt / DPA Pool / AP / NTB scanpix
I retten: Bruno Dey dekkjer ansiktet sitt i retten i Hamburg. Han er tiltala for å ha vore vakt i konsentrasjonsleieren Stutthof under andre verdskrigen. Foto: Daniel Reinhardt / DPA Pool / AP / NTB scanpix

"Me var undermenneske". Halina Strnad var ei av dei som overlevde helvetet naziregimet laga for Europas jødar under andre verdskrigen. Fyrst 3,5 år i gettoen i Lodz før ho vart sendt til Auschwitz, og deretter hausten 1944 vidare med kuvogner til Stutthof.

Polsk-jødiske Strnad, som i dag bur i Australia, har vitna i rettssaka mot 93-år gamle Bruno Dey. Framleis i dag er det ufatteleg å lesa og høyre dei sterke historiene overlevande fortel. Om det velorganiserte drapsmaskineriet, med systematisk gjennomført vald og mord. Strnad vart sendt ut på dødsmarsj frå Stutthof vinteren 1945, men lukkast i å gøyme seg i ei hytte undervegs saman med to andre, og vart berga av ein tyskar som fann dei og heldt dei skjult i nokre veker.

Dey står skulda for å ha medverka til 5230 drap i utryddingsleiren Stutthof, vel 35 kilometer aust for Gdansk. Minst 65.000 fangar døydde i leiren under andre verdskrigen, mellom anna 26 nordmenn. Totalt døydde opp mot 6 millionar jødar i Holocaust.

Restane av eit gasskammer i konsentrasjonsleiren Stutthof. Foto: Andrzej Otrębski / Wikimedia Commons
Restane av eit gasskammer i konsentrasjonsleiren Stutthof. Foto: Andrzej Otrębski / Wikimedia Commons

Tyskland endra for nokre år sidan grunnlaget for å kunne stille folk for retten. Tidlegare måtte det kunne bevisast at ein person hadde utført ei kriminell handling mot ein spesifikk person, og at handlinga var rasistisk motivert. No er det nok å ha delteke i ein av dei tyske drapsskvadronane for å kunne bli dømd for mord.

Som så mange andre eldre nazifangevaktarar som har stått skulda dei siste åra, stiller også Dey seg uforståande til tiltalen. Han framstiller seg nærmast sjølv som eit offer – at det var eit "leve eller døy"-val. Om ikkje Dey melde seg til Dødningehovud-gruppa, ville han ha vorte sendt til fronten. Og kva ville ha venta han der, om ikkje liding og død? Dey var "berre" ein fangevaktar. Men tidsvitne og vitnemål frå fangar som har gått bort syner at dei var ein del av krigsmaskineriet, eller "ein liten del i eit stort tannhjul", som aktoratet i Hamburg har karakterisert Dey som.

I frykt for å døy sjølve er menneske i stand til å utføre grufulle handlingar. Det veit me til dømes frå historier om korleis barnesoldatar blir rekrutterte. Mishandling, valdtekt eller drap på eigne familiemedlemer er eit verkemiddel overgriparane nyttar. Men det er ein skilnad på å bli tvunge til noko, og å velje noko.

Annonse

Etter krigen flykta mange naziforbrytarar til Sør-Amerika, USA og Canada. Sjølv om mange vart spora opp, bringe fram for domstolane og dømde, har mange sloppe unna.

Ein som heldt på å sleppe unna er Igor Demjanjuk. Historia hans og rettssaka mot han blir fortalt i Netflix-dokumentarn "The Devil Next Door" som kom i fjor. Demjanjuk var ukrainar, og emigrerte til USA i 1952 under påskot av å vera flyktning.

I ein småby i Ohio levde han i fleire tiår eit heilt vanleg liv, hadde ein heilt vanleg jobb på ein bilfabrikk, fekk barn og barnebarn og gjekk i kyrkja på sundagar. Det naboane derimot ikkje visste, var at Demjanjuk hadde vore ein sovjetisk soldat teken til fange av tyskarane i 1942. Han let seg så verve til å bli ein Trawniki-mann, som var ei særskilt gruppe som i all hovudsak bestod av sovjetiske krigsfangar, og som utførte nokre av dei mest grufulle handlingane mot jødane i gettoar og utryddingsleire.

I 1977 blir Demjanjuk skulda for å vera Ivan den grusame, ein vakt i utryddingsleiren Sobibor som hadde fått kallenamnet sitt etter den russiske tsaren fordi han var så grusam. Ivan den grusame skal mellom anna ha skore vekk kroppsdelar frå fangar, og så tvunge dei til å jobbe vidare. Demjanjuk vart i 1986 utlevert til Israel, der han fyrst vart dømd for å vera Ivan den grusame, før han vart frikjend av høgsterett fordi det vart skapa tvil om han verkeleg var fangevaktaren. At han hadde vore fangevaktar i Sobibor var det derimot ikkje tvil om.

I 2002 mista han den amerikanske statsborgarskapen sin, og i 2009 vart han utlevert til Tyskland, der han vart skulda og dømd for nazibrotsverk i Sobibor. Demjanjuk anka, og paradoksalt nok har Demjanjuk status som frikjend, fordi han døydde før anka hans vart behandla på nytt i rettssystemet.

Naturleg nok blir det færre som blir stilt for retten. Og dei som i dag blir funne, er godt over 90 år. Som Bruno Dey. Rett etter markeringa av 75-års dagen for frigjeringa av den verste dødsleiren i Europa under krigen – Auschwitz-Birkenau – gir det eit spesielt rom for ettertanke og erindring å fylgje det som truleg blir den siste, store rettssaka mot ein naziforbrytar.

Det blir sagt at du døyr to gongar; den eine gongen når du sluttar å puste, og den andre gongen når du ikkje lenger blir hugsa av nokon.

Det byrjar å bli lenge sidan andre verdskrigen. Det er så lenge sidan at færre og færre tidsvitne kan fortelje om korleis det var. Snart er det berre bøker, opptak, bilete, filmar, nyheitsreportasjar og anna som kan formidle korleis nazistane sitt terrorregime utspann seg for Europas jødar. Det vil ikkje lenger vera nokon som kan vitne om brotsverka i Europas største massemord i vår tid.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Koronaviruset tek ikkje «påskeferie»!